universitetet i bergen

Fleire fakultet i Bergen slit med økonomien

Universitetet i Bergen gjekk i pluss i fjor, men to av fakulteta har raude tal og skal følgjast ekstra opp. Sjå styremøtet direkte her.

Totalt sett gjekk det betre med økonomien ved UiB i fjor enn ein frykta, med positive tal til slutt.

Frykta var stor då 2022 vart 2023: Kva ville høge energiprisar og løns- og prisvekst ha å seia for Universitetet i Bergen (UiB) sin økonomi? Eitt av grepa som vart teke, var å ta pengar frå fakulteta og samla i ein sentral pott. Desse skulle gå til å dekka høge straumprisar.

Men det gjekk ikkje så mange månader før fakulteta fekk pengane tilbake, for prisane vart lågare enn venta. Og når universitetsstyret får økonomirapport for 2023 på bordet i møte 1. februar, viser tala at UiB samla sett gjekk ut med solid pluss.

Styremøtet byrjar klokka 10, og du kan sjå det direkte her.

Frå positive til negative tal

Eit par av fakulteta hadde på førehand varsla at dei rekna med eit negativt resultat i 2023. I saksframstillinga heiter det at Det medisinske fakultetet hadde med seg ei negativ overføring på vel tre millionar inn i 2023, og planen var at denne skulle auka til 22,3 millionar kroner i løpet av året. I staden enda fakultetet med ei positiv overføring på 19 millionar kroner. Dette skuldast mellom anna auka inntekter frå BOA og pasientinntekter, men òg søkjelys på korleis redusera kostnader. I tillegg har stillingar vorte haldne ledige.

Universitetsmuseet hadde med seg ei negativ overføring frå 2022 og rekna òg med at driftsresultatet i 2023 ville verta negativt. Det vart det, men langt frå så negativt som museet hadde rekna med.

For Det samfunnsvitskapelege og Det psykologiske fakultetet er situasjonen ein annan. Dei hadde positive overføringar med seg inn i året og hadde planlagt å bygga desse ned til null. Det enda med negativt resultat for begge.

— I tillegg er det slik at begge fakultet har store negative overføringar på annuum, i storleik 30—40 millionar kroner, og store positive overføringar på øyremerka prosjekt.

Begge desse fakulteta får no ekstra oppfølging frå universitetsleiinga.

Skal drøfta Mohn-saka

Av andre saker på sakskartet er UiB si handtering av saka knytt til advokatutgifter og Trond Mohn Stiftelse. Her seier UiB, som Khrono har skrive, at saka ikkje har vore handtert på rett måte av universitetet sjølv.

I tillegg skal styret mellom anna drøfta saker om forskingsinfrastruktur og internasjonale samarbeidsavtalar og relasjonar.

Her er heile sakskartet:

Powered by Labrador CMS