— Det er viktig å seia at ein får lov til å gjera feil i praksis. Men i dei skikkasakene eg har jobba med, er evne til å endra åtferd ein gjengangar. Nokre klarar ikkje å ta korreksjon, seier seniorrådgivar Kjersti Møller ved NTNU til tvilsmeldingar om sjukepleiar- og lærarstudentar. Foto: Mina Ræge

Flest tvilsmeldingar om studentar som vil bli sjukepleiar og barnehagelærar

Skikka.Totalt fekk norske universitet og høgskular inn nærare 300 meldingar i fjor der det var tvil om studentane var skikka for yrket dei utdanna seg til.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Korleis er ein i møte med barn? Det er noko av det som særleg skal vurderast når ein ønskjer å ta ei utdanning der ein skal jobba som til dømes barnehagelærar eller grunnskulelærar. Klarar ein ikkje å vera ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell, kan ein verta funnen uskikka for det yrket ein ønskjer seg.

Fakta

Skikkethetsvurdering

Skikkethetsvurdering skal avdekke om studenten har de nødvendige forutsetninger for å kunne utøve yrket. En student som utgjør en mulig fare for liv, fysisk og psykisk helse, rettigheter og sikkerhet til de pasienter, brukere, barnehagebarn, elever, eller andre studenten vil komme i kontakt med under praksisstudiene eller under fremtidig yrkesutøvelse, er ikke skikket for yrket.

Løpende skikkethetsvurdering av alle studenter skal foregå gjennom hele studiet og skal inngå i en helhetsvurdering av studentens forutsetninger for å kunne fungere i yrket.

Hvis det er begrunnet tvil om en student er skikket, skal det foretas en særskilt skikkethetsvurdering.

I fjor kom det inn nærare 300 tvilsmeldingar knytte til om norske studentar er skikka til yrket dei studerer til, viser tal som Khrono har fått tilsendt frå dei ulike institusjonane. Det betyr at den auken ein har sett dei siste åra, held fram.

Sårbare grupper

Dei som vel ei utdanning der dei skal jobba med menneske, som sjukepleiar, lærar, barnevernspedagog, psykolog og lege, skal skikkavurderast: Har ein det som skal til for å kunna fungera i dette yrket, eller er det noko ved ein som gjer at ein kan vera til mogleg fare for liv, fysisk og psykisk helse, rettane og tryggleiken for dei menneska ein skal jobba med? Dersom nokon tvilar på at ein kan fungera i dette yrket, kan dei levera ei tvilsmelding. Den aktuelle studenten må då gjennom ei særskild skikkavurdering.

Både sjukepleiarar, lærar og barnehagelærarar har kontakt med sårbare grupper.

Kjersti Møller

Khrono har fått tal frå DHB, databasen for høgare utdanning. Tala viser at det er sjuepleiestudentar, barnehagelærarar og grunnskulelærarar det oftast vert levert tvilsmeldingar om. Men det er òg desse studentgruppene som er dei største.

— Når det er desse studentane det oftast vert varsla om, trur eg det delvis kan handla om den porteføljen ein har. Både sjukepleiarar, lærar og barnehagelærarar har kontakt med sårbare grupper, på ein annan måte enn det til dømes bioingeniørarar har.

Det seier Kjersti Møller. Ho er seniorrådgivar ved NTNU, og har jobba med skikkasaker i mange år.

Møller trur ein annan grunn til at det er mange tilsmeldingar knytte til akkurat desse utdanningane, er at ein har mykje praksis, og at skikkavurdering etter kvart er godt kjent.

— Det er viktig å seia at ein får lov til å gjera feil i praksis. Men i dei skikkasakene eg har jobba med, er evne til å endra åtferd ein gjengangar. Nokre klarar ikkje å ta korreksjon, seier Møller.

— Desse utdanningane har mykje praksis, og studenten har ein eigen praksislærar tett på seg. I tillegg er me nok meir medvitne om å informera om dei særskilde skikkavurderingane, og det fokuset gjer nok at me får fleire meldingar.

Tvilsmeldingar 2014-18

Utdanning Tvilsmeldingar
Sjukepleie194
Barnehagelærar169
Grunnsskulelærar148

Kjelde: DBH

Det seier Inger Bakken om kvifor det er lærarutdanningar og sjukepleiar som er på topp. Bakken er institusjonsansvarleg for skikkaheit ved Dronning Mauds Minne (DMMH), som utdannar barnehagelærarar.

Fleire utestengde

NTNU fekk 39 tvilsmeldingar i fjor. Tre av dei enda i skikkanemnd. I to av dei var konklusjonen at studentane skulle stengjast ute, i den siste meiner nemnda at studenten er skikka.

Også Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet, Universitetet i Sørøst-Norge og Universitetet i Oslo hadde saker som enda i skikkanemnd.

Som tidlegare år er det OsloMet som har fått inn flest tvilsmeldingar, men universitetet har òg flest studentar som må skikkavurderast.

Inger Bakken ved Dronning Mauds Minne fekk ni tvilsmeldingar i fjor. Foto: DMMH

Inger Bakken fortel at Dronning Mauds Minne sjeldan får skikkameldingar som kjem overraskande.

— Me vert kontakta av praksisfeltet, som stiller spørsmål ved kor eigna denne studenten er. Ofte tilrår me å skriva ei tvilsmelding, seier Bakken.

Ho fortel at mange av tvilsmeldingane handlar om helse, ofte psykiske helseplager, men det kan òg vera fysiske plager som gjer at det kan verta krevjande å jobba i ein barnehage. I fjor fekk DMMH inn ni tvilsmeldingar.

I punktet som gjeld lærarutdanningar i «Forskrift om skikkethetsvurdering i høgere utdanning», heiter det at ein av grunnane til at ein kan vera uskikka er at ein ikkje tek ansvar som rollemodell for barn, unge og vaksne. Dette er eit punkt som ofte er tema ved DMMH.

— Nokre strevar med mange ting sjølve, som kan gjera at det er vanskeleg å gå inn i rolla som omsorgsperson og pedagog. Ein må ta ansvar som rollemodell, det handlar om korleis ein er i møte med barn, seier Bakken.

— Dersom de vert kontakta om ein student, kan det handla om noko anna enn at studenten ikkje er skikka?

— Ja, det kan vera at vedkomande er umoden. Eg snakkar ofte om evne og vilje. Me ser at ikkje alle har forstått kor krevjande ein praksisperiode er. Mange kjem rett frå vidaregåande skule og har ikkje skjønt kva som krevst av eigeninnsats, seier Bakken.

Tvilsmeldingar 2019

Institusjon Tvilsmeldingar Saker til nemnd
OsloMet550
NTNU393
Høgskulen på Vestlandet390
Nord Universitet280
Universitetet i Sørøst-Norge252
Universitetet i Oslo241
UiT Norges arktiske universitet201
Universitetet i Agder160
Høgskolen i Østfold140
NLA Høgskolen110
Universitetet i Stavanger101
Dronning Mauds Minne90
Universitetet i Bergen71
Høgskolen i Innlandet61
Høgskulen i Volda50
Høgskolen i Molde30
VID71

Kjelde: Tal rapportert frå institusjonane

Spør om seg sjølv

— Studentar ringjer av og til og spør sjølve om me trur dei er skikka. Dei fortel om seg sjølve, og seier at «eg vil ta ei profesjonsutdanning. Vil det passa for meg?».

Det fortel Mette Tindvik Hansen. Ho er institusjonsansvarleg for skikkaheit ved Høgskolen i Østfold. I fjor fekk høgskulen inn 14 tvilsmeldingar.

Hansen seier at mange av meldingane som kjem inn handlar om psykisk helse, men noko handlar òg om rus.

— Er rus i seg sjølv nok til å verta funnen uskikka?

Studentar ringjer av og til og spør sjølve om me trur dei er skikka.

Mette Tindvik Hansen

— Det er nulltoleranse for misbruk av rusmiddel. Ofte veit me ikkje at personen er rusa, slik at det er åtferda knytt til rusen som gjer at studenten kjem til oss, seier Hansen.

Ho fortel at tvilsmeldingar kjem frå mange hald: Frå tilsette, medstudentar, praksisrettleiarar, kafeeigarar og andre.

For det er ikkje slik at det berre er det ein gjer i sjølve studiesituasjonen som kan avgjera om ein er skikka eller ikkje.

Kari Kildahl, institusjonsansvarleg ved OsloMet, har tidlegare sagt at det ein som student legg ut i sosiale medium kan ha noko å seia for om ein vert funnen usikka.

Fakta

Disse utdanningene har skikketvurdering

  • Førskolelærerutdanning
  • Allmennlærerutdanning
  • Faglærerutdanning
  • Yrkesfaglærerutdanning
  • Praktisk-pedagogisk utdanning
  • Audiograf (audiolog)
  • Barnevernspedagog, inkl masterutdanning
  • Bioingeniør
  • Ergoterapeut
  • Farmasøyt (inkludert reseptar)
  • Fysioterapeut
  • Jordmor
  • Klinisk ernæringsfysiolog
  • Lege
  • Optiker
  • Ortopediingeniør
  • Psykolog
  • Radiograf
  • Sosionom
  • Sykepleier
  • Tannlege
  • Tannpleier
  • Tanntekniker
  • Vernepleier
  • Grunnskolelærerutdanningene
  • Barnehagelærerutdanning
  • Paramedic (ambulansepersonell)
  • Logoped
  • Trafikklærer
  • Spesialpedagogikk
  • Treårig lærerutdanning for tospråklige lærere
  • Profesjonsutdanning i teologi
  • Tolkeutdanningene i tegnspråk
  • Musikkterapeut

Kilde: Lovdata

— Ein kan til dømes tenkja seg ein student som er ekstrem i synspunkta sine, og som heile tida snakkar om å frelsa andre eller påverka andre med sitt syn – og har dette som ein viktig motivasjon for å ta til dømes lærarutdanning. Vil denne personen vera skikka for å arbeida i ein skule eller barnehage?

Møller ved NTNU seier at alle dei digitale flatene kan vera utfordrande, kanskje spesielt for lærarstudentar.

— Grensene er viska ut, ein kan ha kontakt via alle moglege sosiale medium. Ein vil ha ein god relasjon til elevane, ein vil vera tett på – og så vert grensene flytta litt, seier Møller.

Ho legg til:

— Det er ikkje nødvendigvis slik at ein gjer noko gale, men ein skjønar ikkje korleis ein skal vera vaksen.

Tre saker hos Felles klagenemnd

Også i ei av sakene Felles klagenemnd handsama i fjor handlar det, i alle fall dels, om forhold som skjedde utanfor sjølve studiesituasjonen. Felles klagenemnd får sakene dersom partane vil klaga på det vedtaket som er fatta ved dei einskilde institusjonane.

Den eine saka handla om ein medisinstudent. Tilbakemeldingane om vedkomande handla mellom anna om manglande samarbeidsevner, rus og om at studenten sende krenkande meldingar med seksualisert innhald til ein medstudent. I tillegg hadde studenten ein særs dårleg oppførsel på ein eksamensfest, med utagerande oppførsel både mot medstudentar og politi. I sakspapira heiter det at ein slik fest er knytt til studiesituasjonen, og difor relevant i denne samanhengen.

Ifølgje sakspapaira vart det bestemt at studenten skulle få utsett praksis. Men vedkomande møtte likevel opp til praksisperiode, og praksisstaden måtte få bistand frå politiet for å fjerna vedkomande. Dette skjedde to gongar til.

Medisinstudenten vart utestengd i to år. I ei av dei andre sakene vart ein barnehagelærarstudent utestengd i tre år. Den saka handla om både fysisk og psykisk helse. I saka til ein sjukepleiestudent vart vedtaket om utestenging oppheva, fordi Felles klagenemnd meinte at institusjonen ikkje hadde gitt utvida rettleiing. Dette er noko studentane, ifølgje forskrifta om skikkavurdering, har krav på etter at det har vorte levert ei tvilsmelding om dei.

— Me ser ein relativt gjengs auke i talet på skikksaker. Det trur eg handlar om at det er meir fokus på skikkaheitsarbeid frå nasjonalt hald, og ordninga med skikkavurdering vert meir kjend.

Det seier Kjersti Møller ved NTNU.

Ho seier at universitetet jobbar målretta med informasjon om ordninga, og at fleire utdanningar enn før no fell inn under ordninga. Khrono skreiv i fjor at Noregs miljø- og biovitskapelege universitetet ønskjer at veterinærutdanning skal verta omfatta, og På Høyden har skrive at Universitetet i Bergen meiner at musikkterapeutar bør inn i ordninga. Musikkterapi kom inn då forskrifta vart endra sist i november i fjor. Då kom òg barnevernspedagog og masterprogram i barnevern inn på lista.

— Studentane vert meir og meir opptekne av skikkasaker, og undrar seg over terskelen. Men mykje i desse sakene er knytt til teieplikt, og studentane ser ikkje den intense oppfølginga som vert gjort, seier Møller.

(Saka er oppdatert 12.2 kl 11:10 med tal frå VID og bilete av Inger Bakken)

Powered by Labrador CMS