Flyttar fadderfesting til campus for å unngå smitte

Mobilspel, digitale samlingar og smittevernvakter skal hjelpe studentane trygt i gang med studia til hausten.

Oslo sentrum var fylt opp av studentar etter midnatt første fadderhelga i fjor. Faddervakter sende fleire til legevakt på grunn av for mykje alkohol.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det er openbert at tronge hyblar ikkje vil la seg kombinere med smittevernreglane. Difor legg vi til rette for at faddergruppene kan vere i universitetet sine lokale der det er større plass. På den måten håper vi å unngå at det vert for tett kontakt og fare for smittespreiing, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen (UiB).

Årets russ fekk ikkje feste som planlagt i vår. Nokre av dei har sett fram til at faddervekene kan verte ei god erstatning for russetida, men det er ikkje sikkert ønsket vert røyndom.

— Kva slags utfordringar blir det når studentane heller skal ha sosiale arrangement i universitetet sine lokale?

— I samband med at studentane i fadderveka i år i større grad brukar våre lokale, må vi sjå på utvida vakthald for å overhalde smittevern og også at retningslinjer for alkoholbruk vert følgde, seier Samdal.

Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen

Smittevern og trivsel

Eigne smittevernvakter, digitale fellesmøte og et mobilspel skal sørge for at studentane ved universitet og høgskular overheld einmeters-regelen og andre smitteverntiltak ved årets studiestart.

— Vi tilset i desse dagar smittevernvakter som skal passe på at studentane ikkje samlast for tett i for store grupper, og elles overheld smittevernreglane, seier Samdal.

Ho opplyser at UiB skal ha 20-25 vakter samstundes på dei ulike fakultetsområda. Det gjeld både inne og ute.

— Det betyr eit behov på inntil 40 personar. Så langt har vi vore i dialog med eksamensvaktene våre som er interesserte i å bidra. I tillegg kan det verte aktuelt å rekruttere nokre studentar, seier Samdal.

Trivselsvakter er tittelen Universitetet i Agder brukar på dei som skal ta seg av smittevernreglane. Universitetsdirektør Seunn Smith-Tønnessen har tidlegare fortalt til Khrono at det vanlege mottaksapparatet blir utvida og skal vere på plass i 14 dagar for å sikre at smittevernreglane vert følgde.

Digitale samlingar

Studentane landet over skal i første omgang bli kjende med eigen studiestad digitalt, før dei møtest fysisk. Det er eit anna verkemiddel studiestadane håper skal minske mogelegheitene for at faddervekene vert smittesentralar, når studieåret brakar laust i august.

Den fysiske organiseringa av studentane, vert praktisert litt ulikt.

UiB-leiinga deler studentane i kohortar slik skuleverket elles har gjort, for å sikre at smittetilfelle blir isolerte innanfor dei gruppene studentane er del av.

— Det betyr at studentane skal være i samme kohort på fadderarrangement og arrangement i oppstartsveka. Men dette gjennomfører vi ikkje systematisk når undervisninga startar, seier viserektor Samdal.

— Den sosiale delen av faddervekene er vel nokså langt frå smittevernreglene slik dei hittil har vore praktiserte?

— Ja, sjølv om vi legg opp til mange digitale aktivitetar, vert det også fysiske arrangement. Vi har dei seinere åra lagt vekt på å få redusert drikkepress og seksuelt press i tillegg til å legge til rette for meir inkludering. Dette vil det vere enda meir merksemd rundt i år, seier viserektor Samdal.

— I kor stor grad trur du studentene vil ta ansvar sjølve for å halde ein meters avstand og andre smitteverntiltak?

Studiestart på St.Hanshaugen for OsloMet-studentar frå eit tidlegare studieår - utan koronapandemi.

— Alle må gjennom eit smittevernkurs når dei skal studere hjå oss. Samstundes er rutinane for desse tiltaka allereie såpass innarbeidde i befolkninga at eg reknar med dei fleste vil ta dette ansvaret, seier Samdal.

Måndag sa assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Rostrup Nakstad, at han gjerne ser at det vil bli lagt til rette for student-kohortar i fadderveka.

— Du treng ikkje verte kjent med absolutt alle i fadderveka. Hald deg til dei du skal studere med, sa Nakstad.

Til det seier Samdal følgjande:

— Ja, vi planlegg rundt studenkohortar for fadderveka, og tenkjer at det er eit viktig tiltak for å oppretthalde smittevern ved at vi avgrensar kor mange som møtest samstundes og samla sett i løpet av veka. Kohortane vil ha utgangspunkt i dei som går på same studieprogrammet.

Mobilspel

I tillegg til digitale bli-kjent-møte, skal spelteknologi også vere med å sørgje for at studentane lærer smittevern og auka medvitet rundt smittevernreglane. Mobilspelet «Trygg fadder» er teke i bruk ved mange studiestader, der fadrane får opplæring i smittevern og korleis dei bør tilrettelegge fadderveke-aktivitetar.

Hjå UiT Noregs arktiske universitet er mobilspelet eit av verkemidla.

— «Trygg fadder» er laga for fadrane slik at dei lærer kva dei bør vere opptatt av og ikkje minst korleis fadderarbeidet skal utførast, slik at alle vert inkluderte og at dei er merksame på at det kan være ulike behov hjå studentane. I tillegg er det kome inn ein modul som handler om smittevern. Denne skal gjennom spelteknologi sørge for at fadrane organiserer arbeidet etter smittevernreglane, seier leiar for Debutuka i Tromsø, Tobias Hjermann.

— Tradisjonelt har DebutUKA delt inn faddergruppene (studentgrupper) med både nye studentar og fadrar frå same studium, og studenter fra same studieprogram har halde seg mykje saman under fadderveka, skriv Tobias Hjermann.

Han meiner at det grundige arbeidet dei gjer i forkant av fadderveka vil vere viktig dersom det skal vise seg at nokon er koronasmitta ved studiestart.

— Vi har svært god oversikt over faddergruppene sidan fadrane ved kvart fakultet lagar desse inne på nettsidenen våre, med kontaktinformasjon på kvar student. Alle arrangementa i regi DebutUKA tar alle naudsynte smittevernomsyn for å gjere studiestarten trygg, og med god registrering gjer det sporing i etterkant mykje lettare som det skulle vere behov for det.

Tonje Dahlbak er seniorrådgjevar i kommunikasjonsavdelinga ved OsloMet.

Viktige veker

Ved OsloMet er det over 800 påmelde fadrar. Kvar faddergruppe er på maksimalt 20 personar. Dei har også lagt inn at ingen private arrangement skal ha fleire enn 20 deltakarar, sjølv om Folkehelseinstituttet og styresmaktene har sett ei grense på 200 personar.

— Fadrane våre er viktigare enn nokon gong. Undersøkingar viser at om ein ny student vert med på det som skjer i studiestarten, aukar det sjansen for å knyte gode sosiale nettverk, noko som igjen gjev betre psykisk helse, høgare studiemeistring og betre trivsel, seier seniorrådgjevar Tonje Dahlbak i kommunikasjonsavdelinga hjå OsloMet.

Universitetet, som ligg i sentrum av Oslo, har tidlegare år brukt å ha konsert for alle studentar på St.Hanshaugen like ved campus.

Her er eit utdrag frå OsloMet si liste over tiltak studiestart 2020:

  • Alle fadrar får antibac
  • Alle fadrar må gå gjennom smittevernkurs
  • Alle aktivitetar må vere i tråd med FHI sine retningslinjer.
  • Alle faddergrupper er under 20 personar, og alle arrangement i privat regi skal vere under 20 personar.
  • Nokre arrangement i faddervekene bør vere digitale
  • All opplæring av faddergruppene går føre seg digitalt. Fadder kick-off er også digitalt. Utdeling av faddergoder går føre seg i små grupper.
  • Velkomstseremoni og velkomstkonsert for nye studentar blir vist digitalt og dei nye studentane ser på desse i sine respektive faddergrupper.

Viktig å reflektere

Hjå NTNU har dei også eit system med trivselsvakter. Elles er det overlate til dei såkalla linjeforeiningane å sørgje for trygge fadderveker.

— I år har vi lagt opp til tett dialog mellom den enkelte linjeforeininga og leiinga ved det enkelte fakultet eller institutt. Det har i tillegg vore dialog mellom øvste leiing av linjeforeiningar og NTNU. Her har smittevern vore på agendaen fleire gonger, seier Jenny Bremer, avdelingssjef i avdeling for studenttenester hjå NTNU.

Dei har òg hatt møte mellom kommuneoverlegen og linjeforeiningane.

— Vi har også diskutert korleis alkoholkonsum kan gjere det utfordrande å følgje smittevernreglar. Vi meiner det er viktig av fadderleiarar har reflektert rundt problemstillinga, seier Bremer.

Powered by Labrador CMS