nord universitet

Føreslår 18 studietilbod på Nesna

Havbruk, økonomi og fagskuletilbod er noko av det ein i framtida etter planen vil kunne finna på Nesna.

Førebels er campus Nesna ein del av Nord universitet. Men planen er å oppretta eit nasjonalt senter for distriktsretta utdanning, der Nesna blir ein stad med fleire tilbydarar av utdanning. Helgeland universitetssenter er eit namn som kan vera aktuelt då, går det fram av sakspapira.
Publisert Oppdatert

I Hurdalsplattforma slo regjeringa fast at det skulle reetablerast ein fullstendig, høgare utdanningsinstitusjon på Nesna. Som kjent er grunnskulelærar- og barnehagelærarutdanning allereie reetablert. No er det gjort eit utgreiingsarbeid som seier noko om kva for andre studietilbod det kan vera mogleg å plassera på Nesna, både på kort og litt lenger sikt.

— Me meiner sjølve at me kjem med mange spanande tilrådingar. Om det er mogleg å gjennomføra dette, vert opp til styret ved Nord universitet og fakulteta å avgjera, sa prosjektleiar Jan-Oddvar Sørnes då rapporten «Utviklingsprosjekt Nesna» vart presentert i mai.

No får styret rapporten og tilrådingar på bordet. Du kan sjå styremøtet her 14. juni frå klokka 8.30.

Først enkeltemne

Den framtidige utviklinga på Nesna er delt opp i fire delprosjekt, der det første er forslag til studietilbod som kan rekruttera tilstrekkeleg med studentar og styrka fagmiljø, gjerne med etablering på Nesna frå hausten 2024, men òg etableringar som kan gjennomførast på meir sikt.

I tilbakemeldingane frå fagmiljøa ved Nord universitet er det forslag om 18 studietilbod. Dei fleste av dei er plasserte ved Fakultet for lærarutdanning, som alleiere er etablert på Nesna.

— Fakulteta melder attende, slik det òg vert tilrådd i utviklingsprosjektet, at som hovudregel må utdanningstilboda verta bygde opp over tid. Det vil seia at ein startar med eit etter- og vidareutdanningstilbod der frittståande enkeltemne og/eller mikrokurs vert bygd opp til ei årseining og etter kvart til bachelor- og masterprogram, heiter det i sakspapira.

Døme på studietilbod som kan koma på Nesna, er samlingsbasert årseining knytt til havbruk og emne i økonomi og administrasjon som òg kan gå inn i ei havbruksutdanning. Nord universitet ønskjer òg å få ei grunnskulelærarutdanning 1. — 10.

I fase to, som strekkjer seg frå fire til ti år, kan det verta aktuelt med årseining i skulefritidspedagogikk og med nett- og samlingsbasert utdanning i vernepleie. Dette er noko Nord universitet har søkt om støtte til, men førebels fått nei.

Fleire aktørar

Som Khrono allereie har skrive, er det planar om ei masterutdanning med namnet Rural management. Denne er plassert i fase 2.

— Me satsar på internasjonalt opptak og undervisning på engelsk. Utgangspunktet er det rurale, og me trur det vil ha høg aktualitet òg utover Noreg sine grenser, har prosjektleiar Sørnes tidlegare sagt.

Det er òg planar om at andre aktørar kan tilby utdanning på Nesna. VID planlegg master i distriktsretta barnevern, og i tillegg er det ønske om eit fagskuletilbod på Nesna. I saksframstillinga heiter det at heile 60 prosent av dei som tek vidaregåande skule i Nordland fylke vel yrkesfag — noko som betyr at det er eit godt grunnlag for søkjarar til høgare yrkesfagleg utdanning.

— Ein har fått innspel om at det kan vera aktuelt å levera studietilbod retta mot både havbruk, reiseliv og helsefag på Nesna. I tillegg er Nord universitet i gang med eit arbeid for å sjå på moglegheita for å ta opp studentar til sjukepleiarutdanning gjennom y-vegen. Dette er eit tilbod som er lagt til rette for personar med yrkesfagleg bakgrunn, heiter det i saka.

Må finna 150 millionar

Universitetetsstyret ved Nord universitet, som samlast på Levanger, skal mellom anna òg vedta å lysa ut stillinga som prorektor for utdanning. Dette er ei åremålsstilling med start 1. jaunuar 2024. Styret får òg forskingsmelding på sitt bord, og dei får ei orientering i saka om «prosjekt økonomisk omstilling».

— Prosjektet skal gjennom kostnadskutt, omstilling og betring gjera Nord til eit sterkare universitet med handlingsrom til å veksa, heiter det i saksframstillinga. 

Det heiter òg at universitetet treng å anten auka inntektene med eller å redusera kostnadane med 150 millionar kroner for å skapa det handlingsrommet som trengst. Til hausten skal styret vedta studieportefølje som ein del av prosjektet.

Heile sakskartet til styremøtet finn du her.

Powered by Labrador CMS