Kasta Kunst i Kanalen

Full «krig» om avkolonisering på Kunstakademiet i København

Instituttleiar måtte gå på dagen etter å ha tatt på seg ansvaret for å ha kasta byste av kong Frederik V på sjøen.

Ei anonym aktivistgruppe med tilknyting til Kunstakademiet fjerna Frederik V for å setje søkelys på den dansk-norske slavehandelen og koloniarven. Då dykkarar henta gipsbysten opp frå hamnebassenget, var bysten øydelagd.
Ei anonym aktivistgruppe med tilknyting til Kunstakademiet fjerna Frederik V for å setje søkelys på den dansk-norske slavehandelen og koloniarven. Då dykkarar henta gipsbysten opp frå hamnebassenget, var bysten øydelagd.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er ikkje berre på Kunsthøgskolen i Oslo det stormar om dagen, det gjer det også hos tvillingen i København, Det Kongelige Danske Kunstakademi.

Den danske kulturministeren varslar etterspel og har omtalt dei siste hendingane ved utdanningsinstitusjonen som «ren og skær hærværk», ifølge avisa Berlingske.

Natt til fredag 6. november gjekk eit titals hettekledde som kallar seg «Anonyme billedkunstnere» til aksjon med skrujern i festsalen på Kunstakademiet, lokalisert i Charlottenborg slott ved Kongens Nytorv.

Der demonterte dei bysten av den dansk-norske kong Frederik V (1723-1766), den formelle stiftaren av kunstakademiet i 1754, tredde ein plastsekk over hovudet og tok han med til bryggekanten bak slottet. Så lempa aksjonistane bysten i hamnebassenget.

Fekk sparken

Ingen ante kven nokon av dei var — ikkje før ein av dei før helga ringde redaksjonen i avisa Politiken.

— Det er eg som har det fulle ansvar, sa stemma i telefonen.

Stemma tilhøyrde instituttleiar Katrine Dirckinck-Holmfeld ved Det Kongelig Danske Kunstakademiets institutt for kunst skrift og forskning.

Kunstakademiet kunngjorde deretter at den 39 år gamle instituttleiaren, kunstnaren og aksjonisten hadde fått beskjed om å gå på dagen.

Gyldenløves slaveskip

Fakta

Avkolonisering

  • Den nye rørsla om avkolonisering av akademia kan sporast tilbake til Sør-Afrika og University of Cape Town i 2015.
  • Då blei statuen av den britiske imperialisten Cecil Rhodes fjernea med heisekran etter ein månad med protestar fra både studentar og tilsette ved universitetet.
  • Statuen blei sett som eit symbol på den institusjonaliserte rasismen ved universitetet.
  • Rhodes Must Fall-kampanjen blei etter kvart internasjonal og fekk sine versjonar både i Oxford og Harvard.
  • Ideologien og tanken om avkolonisering går ifølgje kritikarane til åtak på grunntanken i all vitenskap: At det er mogleg å komme fram til universelt gyldig kunnskap.

Ifølgje den no avskilta instituttleiaren var meininga med aksjonen å rette merksemda mot Danmarks kolonialistiske fortid og slavehandelen i den dansk-norske koloniriket.

Forklaringa blir utdjupa av Anonyme Billedkunstnere på nettstaden idoart.dk, der ein video som viser fjerninga av bysten er publisert. «Begivenheten», som aksjonistane omtalar hendinga, «fann stad i solidaritet med alle dei kunstnarar, studentar og menneske over heile verda, som har måtta leve med etterdønningane av den danske kolonialismen».

Aksjonistane peikar på at Charlottenborg vart bygd på 1670-talet av Ulrik Frederik Gyldenløve – og at Gyldenløves skip var blant dei første dansk-norske skip i slavetransporten over Atlanterhavet (Gyldenløve var statthaldar i Noreg).

Ønskte debatt om kolonitida

Bysten som sidan er henta opp, no smuldra og øydelagt, er laga av den franske bilethoggaren Jacques-Francois-Joseph Saly, meir kjent for ryttarstauten av kongen på Amalienborg slottsplass.

Meininga med å øydelegge bysten er, ifølgje aksjonistane, å setje «den usynleggjorte kolonitida» under debatt, sidan den «stadig har direkte konsekvensar for minoritetsgjorte menneske innanfor og utanfor kunstakademiet».

Debatt har det blitt, men i all hovudsak om sjølve handlinga frå aksjonistane.

Babysprog

Dei fleste har omtalt handlinga i sterkt kritiske vendingar. Den konservative folketingsrepresentanten Nikolaj Bøgh kallar det «vanvitig» og «absurd», og meiner at det er «tale om eit hovudverk i dansk og europeisk kunst».

Arkitekturmeldaren Holger Dahl omtalar aksjonen som «talentlaus talibanisme» og karakteriserer forklaringa frå dei unge kunstnarane bak som babysprog.

Det Kongelige Danske Kunstakademi ligg i Charlottenborg slott i København.
Det Kongelige Danske Kunstakademi ligg i Charlottenborg slott i København.

Ifølgje Berlingske kallar den danske kulturministeren handlinga «ren og skær hærværk» og slår fast at dette alltid er uakseptabelt. Det er ikkje «eit formildande omstende at dei som står bak kallar det kunst å vandalisere andres kunst», heiter det frå kulturministeren. «Vi skal sjå historia i augo og bli klokare på den. Ikkje forteie eller prøve å slette» er bodskapet hennar.

Kulturministeren seier at Kunstakademiet «kan ha eit problem med identitetspolitiske straumdrag», og ho ønskjer dialog med institusjonen om dette.

«Identitetspolitisk politi»

Byste-aksjonen er førebels det siste utslaget av uro ved Kunstakademiet som har ulma i lang tid.

Ein omdiskutert artikkel i Weekendavisen tidlegare i år slo fast at «fryktkulturen herskar», og at «det identitetspolitiske politi held eit skarpt auge med alle». Tidleg i november kom det fram at fire professorar i brev hadde uttrykt mistillit til rektor Kirsten Langkilde, mellom anna på grunnlag av «autoritær og uklar leiing».

Men at dette skulle ha samanheng med identitetspolitiske konfliktar blir avvist av professorane. Tvert imot, i e-postar Politiken har fått tilgang til, støttar dei opp om debatt «om forskjelsbehandling, rasisme og sexisme».

Rektor Kirsten Langkilde begynte i jobben i 2019, etter at den tidlegare rektoren trekte seg i opprør mot budsjettkutt og fusjonsplanar frå den danske regjeringa si side. Både i 2018 og 2019 har akademiet vore ramma av skandalar der studentar er blitt utsette for seksuell trakassering av tilsette.

Ein av mange aksjonar

Byste-aksjonen i København føyer seg inn i ei rekke liknande handlingar i fleire land der statuer og andre installasjonar som blir sett på som symbol på kolonialisme er blitt øydelagde, fjerna eller forlangt fjerna.

I kjølvatnet av demonstrasjonane mot rasisme og politivald etter drapet på George Floyd i USA har rørslene som ønskjer «avkolonisering», mellom anna i akademia, skrudd opp intensiteten.

Det gjeld også i Noreg, der kampanjen for å fjerne statuane av Winston Churchill og Ludvig Holberg samla fleire tusen underskrifter.

I Oslo har det stått strid om ein benk til ære for 1700-talsbotanikaren Carl von Linné i Botanisk hage ved Universitetet i Oslo, etter at eit bydelsstyre sette Linné i samanheng med hans påståtte rolle som «den vitskapelege rasismens far».

Seinast har det storma på Kunsthøgskulen i Oslo, der rektor Måns Wrange trekte seg etter ei tid med opprivande konflikt. Diskusjonen oppstod etter at fleire stipendiatar reagerte på eit kunstverk av Vanessa Beecroft i fellesarealet til høgskulen, som dei oppfatta som rasistisk og sexistisk.

Powered by Labrador CMS