habilitet

«Gedigent tillitsbrot». Meiner NHH-rektor bør trekke seg etter inhabilitet

NHH-rektor Øystein Thøgersen bør trekke seg, meiner jurist og politikar Geir Kjell Andersland. Thøgersen utpeikte kjærast og seinare kone til styreverv.

Geir Kjell Andersland var direktør ved NHH på 1990-talet. No meiner han rektor bør gå av etter habiltetsbrot.
Publisert Oppdatert

— For ein i hans posisjon er det snakk om eit gedigent tillitsbrot. Eg ser ingen grunn til at ein skal stille mindre krav til ein toppleiar i akademia enn til ein statsråd, seier jurist og venstrepolitikar Geir Kjell Andersland til Khrono.

I eit debattinnlegg i Bergens Tidende tar han til orde for at rektor ved NHH, Øystein Thøgersen, bør gå av som følgje av styrevervet han tildelte dåverande kjæraste, og kort tid etter kone, i 2022.

«Hvilket forbilde for studentene er institusjonens toppleder ved å forøve et slikt tillitsbrudd og så bare legge seg flat? Ville ikke det å ta fullt ansvar i dette tilfellet heller bety at man trekker seg fra sitt verv?», skriv Andersland.

Han viser til sakene der to regjeringsmedlemmer, Tonje Brenna og Anette Trettebergstuen, har havna i habilitetsutfordringar. Trettebergstuen trekte seg som statsråd etter dette. Saka med Brenna er enno ikkje avklart i Stortinget. 

Thøgersen seier til Khrono at han ikkje vurderer å trekke seg.

— Lærestykke

Thøgersen utnemnde hausten 2022 sin dåverande kjæraste og tidlegare prorektor i Thøgersens rektorat, Linda Nøstbakken, til styreverv i NHHs forskingsselskap, Samfunns- og næringslivsforskning (SNF). Paret gifta seg nokre veker seinare.

Nøstbakken trekte seg frå styrevervet etter Khronos avsløring.

Styreleiar for NHH, Karen Helen Ulltveit-Moe har sagt at ho meiner det som hende var «ein glipp». Ho har framleis full tillit til Thøgersen, og karakteriserte i ettertid rektoren som «dyktig» og «ansvarlig».

Også andre leiarar ved NHH som Khrono har vore i kontakt med uttrykt full tillit. Prorektor Stig Tenold kalla tilliten for «ubetinget».e

Andersland understrekar at han ikkje meiner Thøgersen har gjort seg skuldig i noko straffbart, eller at omfanget kan samanliknast med Trettebergstuen-saka. 

— Diskusjonen om straff blir ofte ei avsporing. Det grunnleggande med habilitet er tillit. Dersom Thøgersen trekte seg, kunne det ha blitt eit lærestykke for andre, ikkje minst studentane. Mange av dei går ut i samfunnet og blir sjølv leiarar. Kanskje kunne han slik bidra til å hindre andre gjer same alvorlege feil, seier han.

— Eg forlanger ikkje at rektor skal vere jurist. Men ein må sjølv vere bevisst nok til å undersøke. Ein har ei plikt til å oppklare om det kan oppstå inhabilitet. Når andre finn ut av det i ettertid, gjer det saka mykje verre, legg han til.

Andersland har lang erfaring som advokat og politikar i Bergen og på Vestlandet. Han har hatt fleire leiande stillingar i akademia og offentleg forvaltning, og var administrerande direktør på NHH frå 1992—1998.

— Bevisstlaust

Thøgersen sa til Khrono, etter avsløringa, at han tar «fullt ansvar» for det han karakteriserer som ein «dum feil», og at han «legg meg så flat eg berre kan».

«Men hva vil det si å ta «fullt ansvar»? Er det nok å legge seg flat?» spør Andersland i innlegget i BT.

I innlegget sitt skriv Andersland at NHH ikkje er «en hvilken som helst offentlig institusjon. Foruten å ha et fremragende nasjonalt og internasjonalt renommé som lærested, regnes NHH som en av Norges fremste utklekkingsanstalter for kommende ledere i offentlig forvaltning og næringsliv».

Linda Nøstbakken er i dag forskingsdirektør i SSB. Ho trekte seg frå styret i SNF etter Khronos avsløring.

— Dette handlar ikkje om å kappe hovudet av ein populær rektor. Dersom det er slik at han har unison tillit frå styret, skal eg ikkje legge meg opp i det. Men diskusjonen er viktig. Problemstillinga vil bli like reell i framtida, seier Andersland.

Han har også merka seg at Thøgersen gjorde eit poeng av at det var snakk om ei re-oppnemning for ein ny periode til styrevervet i SNF for Nøstbakken.

— Det er ganske bevisstlaust. Ei re-oppnemning skal gjerast like sjølvstendig og vurderast på same måte som ei oppnemning. 

Thøgersen: Vil ikkje gå av

Rektor Øystein Thøgersen seier til Khrono at han «anerkjenner Anderslands vurdering» — men gjer det klart at han ikkje kjem til å trekke seg som øvste leiar for NHH.

— Eg forstår veldig godt at han og andre reagerer på feilvurderinga eg gjorde knytt til habilitet. Og som eg alt har sagt tar eg fullt ansvar for dette, og beklagar på det sterkaste. Eg er avhengig av tillit for å gjere ein god jobb som rektor. Og eg er takksam for at styreleiar og andre i NHH-miljøet har uttrykt tillit til meg. I lys av det finn eg det ikkje naturleg å trekke meg som rektor, seier han.

Thøgersen seier at han har tatt initiativ til å endre måten utnemningane til SNF-styret blir gjort på. 

NHH-rektor Øystein Thøgersen vil endre måten utnemningane til SNF-styret skjer på etter avsløringane om inhabilitet i Khrono.

I dag blir styremedlemmene utpeikt av rektor, heilt utan noko formell innspels- eller nominasjonsprosess.

— Vil ta lærdom

— Dette er noko vi kjem til å sjå nærare på, både når det gjeld styret i SNF og andre liknande utnemningar vi gjer. Det er viktig for meg å ta lærdom av det som har skjedd, og bidra til at feilen eg har gjort ikkje skjer igjen.

— Andersland seier det bør stillast like strenge krav til toppleiarar i akademia som til statsrådar. Er du einig i det?

— Eg er einig i at det bør stillast strenge krav til ein rektor. I siste instans er det styret som på bakgrunn av kunnskapen dei har, må ta stilling til kva konsekvensar det eine eller andre bør få.

— Kjem du til å setje habilitet på agendaen framover?

— Eg trur forståinga av habilitet generelt er god på NHH. Men det er sjølvsagt eg som har det øvste ansvaret. 

Om Thøgersen skulle ha følgt oppfordringa frå Andersland, vil det ikkje bli første gong ein rektor trekker seg på grunn av inhabilitet. 

I 2019 gjekk Gunnar Bovim av som rektor ved NTNU, etter at han vart kjærast med ein sentral direktør på universitetet. Bovim gjekk av etter eige ønske, før juristar var ferdige med å habilitetsvurdere Bovim på oppdrag for NTNU.

Powered by Labrador CMS