student

Gir pengar til 1650 nye student­bustader. Sjekk kven som får kva

I 2024 gir regjeringa pengar til 1650 studentbustader. Målet er at enda fleire studentar skal ha ein trygg og rimeleg plass å bu.

Forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) og regjeringa løyver midlar til fleire studentbustader.
Publisert Oppdatert

Det skriv regjeringa i ei pressemelding.

— Å bygge fleire rimelege studentbustader er eitt av dei viktigaste grepa vi tek for å gi studentane betre økonomi og ein trygg stad å bu. Målet vårt på sikt er å bygge 3 000 nye bustader i året. Da må vi få opp byggetempoet, og det tek vi fleire grep for å få til, uttalar forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Sjå kven som får kva nedst i artikkelen.

SiO-prosjekt får mest

Prosjektet som får mest er Studentsamskipnaden i Oslo med 201,5 millionar kroner til 480 nye hybeleiningar på Nordberg i Oslo, kjem det fram i pressemeldinga frå regjeringa.

— Leigeprisane i Oslo held fram med å auke kraftig. Derfor vil vi bygge ut bustadtilbodet til studentane i og rundt hovudstaden, slik at færre treng å leige bustad på den private leigemarknaden. Samtidig vil regjeringa bidra til ein trygg og føreseieleg leigemarknad. I Bustadmeldinga, som regjeringa nettopp har lagt fram, kjem det fleire målretta tiltak som også vil komme studentane til gode, seier Oddmund Hoel.

Det har vore ei utfordring å få nok byggeklare søknader dei siste åra. Regjeringa har derfor gjennomført fleire tiltak for å få fleire til å søke om tilskot til studentbustader.

Vi har auka ramma for kor mykje kvar hybeleining kan kosta, og vi har gitt større fleksibilitet til samskipnadene. Det har hatt god effekt på søkartala, og det er eg veldig fornøgd med. Saman med ein fornya og styrka leigemarknadspolitikk vil regjeringa også vurdere andre tiltak som bidreg til fleire studentbustader framover, seier Hoel.

Har auka låneramma

I tillegg har regjeringa i 2024 auka låneramma i Husbanken med 5 milliardar kroner, til 29 milliardar kroner. Det er ei auke på 50 prosent sidan regjeringsskiftet i 2021. 2,1 milliardar av ramma blir prioriterte til studentbustader.

I Bustadmeldinga vil regjeringa føreslå endringar som gjer ordninga for husbanklån til utleigebustadar betre. Regjeringa vil auke bruken av tilvisingsavtalar, slik at kommunen får fleire utleigebustadar. Regjeringa vil også redusere talet på konfliktar gjennom eit effektivt og kompetent husleigetvistutval, og gi Husbanken ei nasjonal fagrolle for leigemarknaden, som vil kome både myndigheitene og kommunane til gode, står det til slutt i pressemeldinga frå regjeringa.

15 byggeprosjekt, fordelte på fem studentsamskipnader og ei bustadstifting får pengar i 2024. Samskipnadane søkte om tilskot til totalt 2203 hybeleiningar. 15 av dei 17 prosjekta som har søkt får innvilga tilskot.

Slik blir midlane til dei 1650 hybeleiningane fordelte

Samskipnad/stifting Studiestad Prosjekt Hybel-einingar Tilskot i kr.
SiOLillestrømLillestrøm studentby311111 431 300
SiOOsloVestgrensa studentby1419 800
SiTGjøvikStudievegen82 866 400
SiTGjøvikRøverdalen1358 300
SiTTrondheimNardovegen 12/1417272 205 600
SiOOsloNordberg studentby480201 504 000
SiOOsloGjerdrumsvei 10 D-F2610 914 800
SAMMENBergenLotheveien 2-2017071 366 000
SAMMENBergenGrønneviksøren62 518 800
SiSStavangerStudentboliger U13116,548 906 700
SiTTrondheimØstersunds gate 2039,516 582 100
SiTTrondheimFestningsgata 1152 099 000
SiTTrondheimKlostergata 202410 075 200
Stiftelsen Blindern studenthjemOsloNordfløy2410 075 200
SiÅsÅsPentagon studentby26695 307 800

Powered by Labrador CMS