Høgskulen i Volda

Han er tilsett som ny høgskule­direktør

Høgskulestyret har tilsett Jan Olav Baarøy som høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda.

Jan Olav Baarøy flytta frå Oslo til Førde då Norec, tidlegare Fredskorpset, vart flytta dit. No vert han direktør ved Høgskulen i Volda.
Publisert Sist oppdatert

— Då kan eg opplysa offentleg om at me har tilsett Jan Olav Baarøy som høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda. Me ser fram til eit godt samarbeid, sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim på slutten av styremøtet ved høgskulen 30. oktober.

I ei pressemelding på høgskulen sine sider heiter det at Baarøy er 54 år og kjem frå stillinga som direktør i Norec, tidlegare kjent som Fredskorpset.

Styreleiar på Sunnmøre 

— Han har lang og brei leiarerfaring innan blant anna strategi- og organisasjonsutvikling, digitalisering og internasjonalt samarbeid, og har god kjennskap til kunnskapssektoren gjennom Norec sitt samarbeid med fleire av dei høgare utdanningsinstitusjonane i Noreg, heiter det.

Baarøy har jobba mange år i Unicef, mellom anna i Uganda, Tanzania og New York. Han har òg vore utanlandssjef i Kirkens Nødhjelp. 

I tillegg til å vera direktør i Norce er han styremedlem i Plan International og styreleiar i Nynorsk Kultursentrum, som mellom anna held til i Volda si nabobygd Ørsta.

Oppstart ikkje avklart

Baarøy er, ifølgje eigen LinkedIn-profil, for tida på reise i Bangladesh. Når han skal starta stillinga ved Høgskulen i Volda må ein koma tilbake til, sa rektor Tonheim i styremøtet. 

Oddrun Rangsæter, som i dag er konstituert som høgskuledirektør, si stilling vart vedteke forlenga ut året då styret hadde møte i september.

Baarøy sitt namn sto ikkje på den offentlege søkjarlista til stillinga, men han var altså ein av elleve personar som søkte.

Den førre høgskuledirektøren i Volda, Ann-Kristin Emblem, sa opp stillinga si i vinter og fekk med seg ein sluttpakke. Samarbeidet mellom henne og rektor var krevjande, som Khrono har skrive varsla dei to mellom anna mot kvarandre. Høgskulestyret sa først opp Emblem, men ho fekk medhald i Kunnskapsdepartementet då ho klaga på oppseiinga.

Powered by Labrador CMS