Høgskulen i Volda
Desse vil verta direktør i Volda. — Må forstå kva denne stillinga er
Oddrun Rangsæter står ikkje sjølv på søkjarlista til stillinga som høgskuledirektør i Volda. Men ho er tydeleg på kva ein søkjar bør kunne:
— Ein må forstå todelt leiing.
— Dersom ein skal gå inn i ei slik stilling, må ein forstå kva direktørrolla i vår sektor er. Det er annleis enn å vera direktør i privat næringsliv. Ein må forstå todelt leiing og ein må kunne samarbeida.
Det seier Oddrun Rangsæter. Sidan i vår har ho vore konstituert som høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda. Ho står ikkje på søkjarlista til stillinga som er lyst ut.
Då søknadsfristen gjekk ut, hadde det meldt seg elleve søkjarar. Tre av dei, ei kvinne og to menn, har fått namnet sitt unntatt offentlegheit.
Søknadsfristen var først i vår, men vart utvida til slutten av august. No er det innstillingsutvalet som skal jobba med saka, før styret skal tilsetja.
— Det vil nok ta noko tid. No har me første styremøte 11. september, og me rekk ikkje å fatta eit tilsetjingsvedtak i det møtet, seier rektor og styreleiar Odd Helge Mjellem Tonheim.
Ville rydda opp
— Dette er ein kjempemorosam jobb. Eg stortrivst! Men eg har budd førti år i Oslo, eg har familien min og resten av livet mitt der. Så det er familiære årsaker til at eg ikkje har søkt, seier Rangsæter.
Dei siste to åra har Khrono skrive mange saker om konfliktar i leiinga ved høgskulen. Det enda med at den tidlegare høgskuledirektøren sa opp stillinga si og fekk med seg ein sluttavtale.
— Kvifor ville du gå inn i ei leiarstilling ein stad du visste at det hadde vore konfliktfylt?
— Det var det som freista litt, å få vera med og rydda opp. Det var utfordrande i seg sjølv. Og så vil eg berre seia at det har vore mykje meir positivitet ved høgskulen enn eg trudde ut frå kva Khrono har framstilt det som. Eg kjende ingen ved Høgskulen i Volda, og kjende tilhøva ved høgskulen berre frå Khrono, seier Rangsæter, og legg til:
— Utanom desse konfliktsakene er jo Høgskulen i Volda kjend som ein solid utdanningsinstitusjon med flinke fagfolk og eit godt studentmiljø.
Saka ved høgskulen, som byrja med eit varsel mot den dåverande høgskuledirektøren, fekk fram konfliktar mellom høgskuledirektør og rektor og mellom høgskuledirektør og høgskulestyre. Styret vedtok at det ikkje hadde tillit til direktøren.
— Saka var uheldig, og viser kanskje ei manglande rolleforståing, seier Rangsæter.
Ho understrekar at ho opplever at det er lett å samarbeida med rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
— Bør ein kjenna universitets- og høgskulesektoren for å kunne ha ei direktørstilling av denne typen?
— Det er ein heilt klar fordel. Eg kunne ikkje gjort den jobben eg har gjort no dersom eg ikkje kjende sektoren godt, seier Rangsæter, som har fast stilling som fakultetsdirektør ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.
I styremøtet 11. september skal styret handsama ei sak der forslaget til vedtak er at ho vert konstituert som høgskuledirektør ut året.
Søkjarar til høgskuledirektørstilling i Volda
| Namn | Oppgitt stilling | Kjem frå | ||
| Ivar-Otto Kristiansen (58) | Søkjar | Volda | ||
| Gunnar Fiksdal (31) | Senior fagspesialist | Volda | ||
| Mannleg søkjar unntatt offentlegheit | Oslo | |||
| Magne Fure (48) | Konsulent | Selje | ||
| Tomas Cupa Medica (74) | Medical Interpreter | Oslo | ||
| Berk A. Hasshem (24) | Finansrådgivar | Kleppestø | ||
| Ann-Krsitin Eklund (54) | Dagleg leiar | Stavanger | ||
| Kvinneleg søkjar unntatt offentlegheit | Saudarkrokur (Island) | |||
| Erlend Krumsvik (55) | Sunnmøre kulturnæringshage | Volda | ||
| Mannleg søkjar unntatt offentlegheit | Førde | |||
| Tore Helge Stavdal (56) | Eigedomssjef NTNU | Ørskog |
To kommunedirektørar som gjekk på dagen
Ser ein på søkjarlista, er det berre ein av søkjarane som oppgir å ha bakgrunn frå universitets- og høgskulesektoren. Det er Tor Helge Stavdal, som er eigedomssjef hos NTNU i Ålesund.
To søkjarar har toppleiarerfaring frå kommunal sektor. Ivar-Otto Kristiansen har vore kommunedirektør i Stranda kommune. Han gjekk på dagen i vår, skreiv NRK, og jobbar no som prosjektleiar i Kongsberg.
Erlend Krumsvik har vore rådmann i Herøy kommune. Vikebladet skreiv at han gjekk på dagen. No jobbar han i Sunnmøre kulturnæringshage, og har òg vore politikar på både nasjonalt og lokalt nivå for partiet Konservativt.
