Høgskulen i Volda

Direktøren prøvde å stoppa forskings­prosjekt.
— Angrep på akademisk fridom, meiner tilsett

I Volda er det usemje om kven som er «leiinga» etter at direktøren prøvde å stoppa ei undersøking som rektor hadde godkjend.  — Drygt, seier førsteamanuensis, som no har varsla om saka.

Spørjeundersøkinga er ikkje godkjent av høgskuledirektøren, heitte det i ein e-post nokre tilsette ved Høgskulen i Volda fekk. Prosjektleiaren seier han oppfatta at han hadde fått godkjenning frå leiinga, for han hadde snakka med rektor. Høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem vil ikkje kommentera saka.

Høgskulestyret har gitt seg sjølv teieplikt, rektor og styreleiar er erklært inhabiI og eit eksternt advokatfirma skal hyrast inn for å løyse opp i flokene og kartleggja usemje ved Høgskulen i Volda. 

I november i fjor gjekk det ut ei melding til tilsette ved Høgskulen i Volda: Kunne dei tenka seg å delta i ei spørjeundersøking? Det handla om organisasjonskultur, og ei liknande undersøking var allereie gjennomført to gongar ved Høgskulen på Vestlandet.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim gav klarsignal i Volda, og undersøkinga vart send ut. 

«Føremålet med denne undersøkinga er å kartleggja oppfatninga blant dei tilsette når det gjeld organisasjonskulturen ved HVO», heiter det i e-posten som gjekk ut. Tilsette i meir enn 50 prosent fast stilling vart bedne om å svara.

— Vart ein disputt

Så vart det stilt spørsmål ved gjennomføringa, fortel førstelektor Leif Longvanes. Det er han som er leiar for prosjektet.

— Det vart ein disputt om det, seier han.

— Kva handla det om?

— Det var ei formulering i e-posten som gjekk ut om at undersøkinga var avklara med «leiinga», og det vart stilt spørsmål ved kven som var «leiinga».

Khrono har fått stadfesta frå fleire kjelder at det var øvste administrative leiar, høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem, som ville stoppa undersøkinga som øvste vitskapelege leiar, den valde rektoren og styreleiaren  Odd Helge Mjellem Tonheim, hadde sagt ja til.  

Emblem blei tilsett som direktør hausten 2022. Tonheim tok over som rektor og styreleiar frå august 2023.  

Mellomleiar bad tilsette om å ikkje svara

Longvanes understrekar at undersøkinga blei gjennomført. 

Men fleire tilsette ved høgskulen fekk e-post med oppmoding om å ikkje svara. 

I ein av e-postane, som Khrono har sett og som er sendt frå ein mellomleiar, heiter det: 

«Hvis dere ikke allerede har svart på den, IKKE svar på den. Bare slett e-posten og glem at den er kommet. Spørreundersøkelsen er ikke godkjent av Ann Kristin».

Ann Kristin er høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem. 

Denne meldinga gjekk ut til ein del tilsette ved Høgskulen i Volda.

— Eg oppfatta at eg hadde avklart med leiinga før eg sende ut e-posten, seier prosjektleiar Longvanes.

Lojalitet til høgskulen

Han hadde vore i kontakt med rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Det var eigentleg ikkje naudsynt, meiner Longvanes, sidan prosjektet hadde dei etiske godkjenningane som trengst.

— Men eg bad om løyve frå rektor av lojalitet til høgskulen. For det første er eg temmeleg nytilsett, og for det andre meiner eg det er rett at det er transparens når ein skal driva forsking på eigen institusjon, seier førstelektoren.

Mann ståande med briller ståande, lys brun dressjakke og lyseblå skjorte
Leif Longvanes

— Perioden for når ein kunne svara på undersøkinga er slutt, og svarprosenten ser ut til å vera bra, seier Longvanes.

— Eg har førebels ikkje hatt kapasitet til å gå inn og sjå på dataa. Det er ei viss moglegheit for at dei er mindre verd sidan det har vore støy, seier han som mellom anna underviser i organisasjonslære og teamarbeid ved Høgskulen i Volda.

Varsla: — Meir enn drygt

Førsteamanuensis Stein Conradsen ved Høgskulen i Volda høyrde om saka. Han sende så eit varsel.

— Eg synest dette var meir enn drygt. Dette er eit klart angrep på den akademiske fridommen, seier Conradsen til Khrono.

I varselet skriv han at «undertegnede vil påpeke at en merkantil leder, som høgskuledirektøren er, på ingen måte har anledning til å motarbeide forskeres rett og plikt til å gjøre undersøkelser. Det er i beste fall uheldig, i verste fall lovbrudd».

Conradsen peikar på at både Grunnlova, Universitets- og høgskulelova og Den europeiske menneskerettskonvensjonen seier noko om ytringsfridom.

— Akademisk fridom er både lovfest og sedvane, seier førsteamanuensen.

I varselet skriv han at «disse rettighetene og tradisjonene ikke skal kunne motarbeides av administrative ledere på kontorer og møterom i Volda».

Meir enn drygt, seier førsteamanuensis Stein Conradsen. Han varsla om saka.

Handsama i to styremøte

I to styremøte like før jul var saka på dagsorden. Der har saka tittelen «Klagesak» og «Plan for handsaming av klagesak»

Khrono har bede om innsyn i saksframstillinga, men har fått avslag på alt.

I protokollen frå møtet 22. desember, som no er offentleg, heiter det mellom anna at: 

«Den eksterne bistanden skal:

 - klargjere om det er ei varslingssak, jf. arbeidsmiljøloven kapittel 2A

 - utgreie saka i tråd med gjeldande reglar ved HVO, inkludert å hente inn opplysningar og ha dialog med partane». Alt dette for å undersøkja saka og førebu saksgrunnlag for styret si vidare handsaming.og styreleiar

Det er sendt ut førespurnad om tilbod til tre eksterne advokatfirma, og det er sett ned eit arbeidsutval som skal ha kontakt og vidare oppfølging med advokatfirmaet.

I møtet 19. desember vart det vedteke at rektor og styreleiar Tonheim er inhabil i saka.

Uoff. med teieplikt

Prorektor Eirik Søvik sin habilitet vart òg vurdert, og konklusjonen var at han skal vera møtesekretær for denne saka. Styremedlem og professor Silje Louise Dahl er peika ut som møteleiar.

Professor Silje Louise Dahl skal mellom anna svara på spørsmål frå pressa, heiter det i styrevedtaket frå 22. desember, men saka er unnateke offentlegheit og ho vil difor ikkje svare.

— Saka er unnateke offentlegheit og er under handsaming. Me kan difor ikkje kommentera den, skriv Dahl i ein sms til Khrono, og viser til møteprotokollen. Ifølge møteinnkallinga er saka unnateke med heimel i  § 13 i offentleglova og forvaltningslova: Teieplikt.

I ein ny sms skriv Silje Louise Dahl at det ikkje er fastsett dato for når saka kjem attende til styret, men at det skjer så snart som råd.

Høgskulen i Volda har neste ordinære styremøte 7. mars.

Leiinga vil ikkje kommentera

Khrono har vore i kontakt med rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Han viser til Silje Louise Dahl som også er oppnemnd som mediekontakt for styret i denne saka.

Rektor og styreleiar Odd Helge Mjellem Tonheim ved Høgskulen i Volda skal vere inhabil i saka.

— Kvifor er du inhabil i styresaka?

— Eg må visa til Dahl her òg, seier Tonheim. 

Khrono har sendt spørsmål til høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem og mellom anna spurt om ho prøvde å stoppa undersøkinga. 

Ho har òg fått høve til å svara på Conradsen si utsegn om at det som har skjedd er drygt og eit angrep på den akademiske fridommen.

— Eg har ingen kommentarar til desse spørsmåla, svarar direktør Emblem i ein e-post.

Powered by Labrador CMS