språk

Han leiar språkpolitikk-gruppa ved UiO

Professor Helge Jordheim meiner det er viktig at også Universitetet i Oslo bestemmer seg for korleis språkstrategien skal sjå ut.

Her har professor Helge Jordheim akkurat motteke Gad Rausings pris i 2023. No er han i gong med å utforma den nye språkpolitikken til Universitetet i Oslo.
Publisert Oppdatert

Arbeidsgruppa ved Universitetet i Oslo (UiO), som skal arbeida med språkpolitikken ved universitetet, hadde førre veke sitt andre møte.

Det skriv Uniforum.

UiO-rektor Svein Stølen er godt nøgd med at arbeidet med språkpolitikken er i gang.

— Arbeidsgruppa gjer ein svært viktig jobb, og det er eg som rektor veldig glad for. Forslaget skal ut på høyring i vår, og så ser styret fram til å få sjå det endelege forslaget i sommar, seier Stølen til Khrono.

Rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, ser fram til å få forslaget på styrebordet i juni.

14 år sidan sist

Dei språklege retningslinjene som gjeld i dag, blei vedteke tilbake i 2010. No skal det utformast ein ny språkpolitikk, og arbeidsgruppa er godt i gang med arbeidet.

— Fleire andre norske universitet har vedtatt nye språkstrategiar. No er det viktig at også UiO bestemmer seg for korleis språkstrategien skal sjå ut, seier professor ved Det humanistiske fakultet, Helge Jordheim, til Uniforum.

I tillegg til leiaren, består arbeidsgruppa av stipendiat ved det same fakultetet, Anniken Hotvedt Sundby, hovudtillitsvald for Forskarforbundet ved UiO, Belinda Eikås Skjøstad, kontorsjef ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, Brita Langeid, forskingssjef Hugo de Boer ved Naturhistorisk museum, Jan G. Bjaalie, som er prodekan for forsking og innovasjon ved Det medisinske fakultetet og universitetsstyrerepresentant Solveig Martha Tynkkynen.

Styrehandsaming i juni

15. april skal gruppa levera frå seg eit forslag til nye oppdaterte språklege retningslinjer. Forslaget skal ut på høyring til alle dei tilsette ved universitetet.

Alle tilsette og studentar på UiO får to månader på seg til å kom med innspel i den tre månader lange høyringsrunden.

Når høyringsrunden er ferdig skal forslag til nye språklege retningslinjer handsamast av universitetsstyret på styremøte i juni, skriv Uniforum.

Ifølge mandatet frå universitetsstyret skal språkpolitikken ver overordna tydeleg og kortfatta. Den nye politikken må også vera fleksibel nok til at ulike fakultet sine interesser blir ivaretekne.

Powered by Labrador CMS