khrono helg

Det er 150 år sidan Armauer Hansen fann leprabakterien. Med den kom òg forslag om karantene og det ein i dag kjenner som R-talet.

Bildet viser Armauer Hansen (1841-1912)
Gerhard Henrik Armauer Hansen (1841-1912) var barn nummer åtte i ein stor søskenflokk. Hansen vart lege og oppdaga leprabasillen i 1873.

Han oppdaga både R-talet og ein bakterie. Men forskinga hadde òg skuggesider

Karantene, sjølvpålagt eller ikkje. Dei siste tre åra har dette ordet vorte ein del av daglegtalen på ein heilt annan måte enn tidlegare: Var ein smitta med eit visst virus, måtte ein halda seg unna andre.

Fakta

Lepra

  • Lepra, også kjent som spedalsksjuke, er ein kronisk infeksjonssjukdom som skuldast ein infeksjon med bakterien Mycobacterium leprae.
  • Bakterien i seg sjølv gir liten skade. I hovudsak er det immunsystemet sin kamp for å kjempa ned bakteriane som gir skader både i hud, nervar og andre organ.
  • Det kan gå fleire år frå ein person vert smitta til sjukdom viser seg, det vil seia at inkubasjonstida er uvanleg lang.
  • Lepra smittar truleg via dråpesmitte.
  • Behandlinga mot lepra er to eller tre medikament, rifampicin, dapson og clofazimin, i seks til tolv månader. Det finst per i dag ikkje vaksine mot lepra, men BCG-vaksine har ein viss effekt.
  • I 2017 var det registrert 173.538 lepratilfelle som var under behandling.

Kjelde: Store norske leksikon

Tanken om å isolera seg når ein er sjuk er ikkje ny. Alle småbarnsforeldre kjenner til dømes godt til regelen om å halda barna heime frå barnehage eller skule i minst 48 timar når ein har fått eit ufyseleg omgangssjukevirus i hus.

Men å skulle isolera pasientar over tid, kanskje over år? Det vart konsekvensen av at Armauer Hansen i 1873 oppdaga leprabasillen.

Det første pasientregisteret

Armauer Hansen er, ifølgje Store norske leksikon, «uten sammenligning den mest berømte norske lege gjennom tidene». Han vart fødd i Bergen i 1842. Då Pleiestiftelsen for spedalske nummer 1 opna i Kalfarlien i 1857, var det Daniel Danielssen som var overlege.

Allereie ti år tidlegare hadde Danielssen, saman med Wilhlem Boeck, gitt ut verket «Om spedalskhet». Dette vart omsett til fransk og vart eit viktig verk i samtida. Her var det teikningar som viste korleis sjukdommen lepra såg ut. Nokre av pasientane er teikna med byllar, andre er heilt glatte i huda. I dag veit ein at lepra kjem i to former, anten som knutar, som er synleg utvendig, eller i ei glatt form, som går på nervesystemet.

— Staten etablerte det som vart verdas første nasjonale pasientregister. Danielssen meinte at lepra var ein familiesjukdom, og registeret skulle hjelpa ein til å sjå om det var nokre likskapar. Kunne ein seia noko om at sjukdommen hoppa over ein generasjon? Var det berre personar av eit gitt kjønn som fekk han, eller kanskje at det var kvart tredje barn i ein søskenflokk?

Det er Magnus Vollset som spør. Han er historikar og førsteamanuensis ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. Neste veke står han i spissen for eit jubileumsarrangement for Armauer Hansen si oppdaging. Meir om det seinare.

Ville isolera og sterilisera

Overlege Danielssen og hans samtidige såg altså at det var fleire leprasjuke i nokre familiar enn i andre. Difor vart det diskutert å sterilisera alle med lepra og alle som var i familie med leprasjuke. Det kom òg forslag om at personar med påvist lepra ikkje skulle ha lov til å gifta seg.

— Då kom det motstand frå prestar. For det første var ekteskapet ei pakt med Gud. For det andre ville ikkje eit ekteskapsforbod hindra menneske i å ha drifter, seier Vollset.

Han seier at Danielssen åtvara mot at tru på smitte kunne vera farleg i seg sjølv.

bildet viser tegning av en gutt med lepra, med det som ser ut som byller i ansiktet.
Personen på denne teikninga er ein 13 år gamal gut, som har fått den knuta varianten av lepra. Får ein først sjukdommen vert ein ikkje kvitt han, og knutane væskar og kan vera vonde. Teikninga er frå verket Om spedalskhet.

Men like fullt vart dei som var leprasjuke lagt inn på institusjonar. Berre i Bergen var det fleire av dei: Pleiestiftelsen i Kalfaret, St. Jørgens hospital og Lungegaards­hospitalet. Her var dei sjuke isolerte — og vart samstundes forska på.

Åra gjekk, utan at det kom nokon kur. Då dukka Armauer Hansen opp. Han var ferdig utdanna lege og gjekk til overlege Danielssen.

— Eg trur du tek feil, sa Hansen, fortel Vollset.

Den unge legen var sikker på at lepra var smittsamt. Overlegen vart først sint, men kom så tilbake og spurde: Kva treng du for å klara å overtyda meg? Slik gjekk det til at Armauer Hansen reiste til både Tyskland og Nord-Italia, og han kjøpte sitt første mikroskop.

Det første folkehelsearbeidet

Men før Hansen kom så langt, gjorde han det ein i dag vil kalla dei første epidemiologiske undersøkingane. Med utgangspunkt i overlegen sine pasientregister såg han på kven som hadde vore sjuke og korleis sjukdommen utvikla seg.

— Modellen hans var at hundre leprasjuke i løpet av fem år vil produsera ti nye tilfelle av sjukdommen. Dette er altså noko som smittar, men det går sakte. Deretter samanlikna Hansen bygder. Skjer det noko dersom ein har leprasjuke heime eller sender dei til ein institusjon? Og ja, det gjer det, forklarar Vollset.

— Og då kjem ein til det evige dilemmaet i alt folkehelsearbeid. Som individ ønskjer me fridom for individet, men som samfunn ønskjer me å verta beskytta. Hansen sin konklusjon var at det sjuke mindretalet måtte lida noko meir for å beskytta det friske fleirtalet.

Etter at Armauer Hansen hadde skjønt noko om korleis lepra smittar, brukte han mikroskopet. Han har notert at han såg noko stavforma, målt frå 0,006 til 0,015 millimeter, og det vibrerte. Det var leprabasillen.

Internasjonalt var det tre viktige arbeid som revolusjonerte medisinen: I Frankrike, tiåret før, oppdaga Louis Pasteur pasteurisering og jobba med miltbrann. Tiåret etter oppdaga Robert Koch i Tyskland tuberkulosebasillen. Mellom desse kom Armauer Hansen og leprabasillen.

— Dette er store bakteriar, som deler seg sakte. Dei er enklare å sjå i mikroskop, det var rett og slett difor dei vart oppdaga først, seier Vollset.

Bildet viser historiker Magnus Vollset ved Armauer Hansens skrivebord i Kalfarlien i Bergen.
I dag er det Universitetet i Bergen som brukar lokala der Pleiestiftelse nummer 1 vart oppretta i Kalfarlien i Bergen. Det kom institusjonar fleire andre stader i Noreg òg. Armauer Hansen kom hit som ung lege, og vitskapshistorikar Magnus Vollset sit her ved Hansen sitt skrivebord.

Sende sjuke til eigne øyar

Så langt alt vel. Legen frå Bergen hadde oppdaga kva det var som gjorde at menneske fekk lepra, eller vart spedalske, som var namnet i samtida. Men dei første tiåra var det ikkje nokon kur mot sjukdommen, noko som førte til at leprasjuke framleis vart isolerte. Under andre verdskrigen fann ein ein medisin, som snart viste seg å ikkje verka veldig godt for alle. Først i 1981 fann forskarane ein effektiv medisin, som framleis er i bruk.

Dette betyr at det i mange tiår, faktisk heilt fram til vår tid, var leprasjuke som vart isolerte. Anten på institusjonar, men òg på område, som lepraøyar. Robben Island, mest kjend som øya Nelson Mandela vart sendt til, var lenge ei lepraøy.

Det er dei problematiske sidene ved Armauer Hansen sine funn Magnus Vollset meiner er verd å hugsa når det no er 150 år sidan legen skjøna noko om korleis det heile hang saman.

— Armauer Hansen si løysing var å finna lepratilfelle og isolera dei. Dette vart globale folkehelseråd, seier Vollset.

— Det betyr at det framleis finst lepralover i enkelte land. Desse er både utdaterte og unødvendige, og legg til rette for overgrep. Å ha lepra er knytt til stigma i mange land, og FN har ein eigen spesialambassadør for leprastigma.

Nokre stader har leprasjuke laga eigne leirar der dei bur saman, fordi det vart for vanskeleg å koma attende til det vanlege samfunnet. Då vert det, som elles når vaksne menneske bur saman, av og til laga barn.

— Å ta barn frå leprasjuke foreldre var eit råd i fleire tiår, eit råd frå Bergen, seier Vollset.

Bildet viser et kart over hvor det var flest leprasyke på 1800-tallet.
Fjorden var ferdselsåra, så kanskje er det ikkje heilt ulogisk at det var på den måten lepra spreidde seg. Men samstundes var det mykje kulde og væte langs kysten, seier historikar Magnus Vollset. Særleg i gamle Sogn og Fjordane var det mange leprasjuke.

Smittar sakte

Men kor smittsam er denne sjukdommen? Lite smittsam. Kor lang er inkubasjonstida? Ikkje som for covid-19, der du kunne verta hosta på på trikken og verta sjuk nokre få dagar seinare. Minst seks månader er inkubasjonstida for lepra, og ein må leva temmeleg tett på andre personar for at det skal vera fare for smitte.

— Når hadde ein sist eit tilfelle av lepra i Noreg?

— I fjor, svarar Magnus Vollset.

— Men då var det sju år sidan sist.

I Armauer Hansens laboratorium, som viser ein del av reiskapane han hadde for 150 år sidan, heng det eit stort kart. Det viser at det var særleg langs kysten i Noreg ein hadde tilfelle av lepra. Kvifor veit ein ikkje sikkert. Men i dag veit ein at ein elles frisk person er motstandsdyktig mot sjukdommen. Nedsett immunforsvar kan gjera at ein ikkje er det, så kanskje var dårlege hus, fattigdom og mykje væte årsaka til at vestlendingane særleg vart sjuke?

Det veit ein ikkje. Men ein veit at i dag er det lepratilfelle i nokre land i Sør-Amerika, Afrika og Asia. India, Brasil og Indonesia har mange tilfelle. I tillegg er det ei oppblomstring i dei fattige delane av Australia.

På engelsk heiter lepra «Hansen's disease», og 150-årsjubileet har mellom anna vorte markert i Vatikanet. Under jubileumsarrangementet i Bergen kjem Verdas helseorganisasjon (WHO) med ei helsing.

Historikar Vollset seier at Armauer Hansen var den første som såg verda slik moderne menneske ser henne i dag.

— Bidraget hans, både til epidemiologien og folkehelsearbeidet, var i verdsklasse. Men eg er ikkje interessert i noka feiring av heltar frå fortida. Ja, det er nokre høgdepunkt i Hansen si forsking, men ho hadde òg negative konsekvensar.

Hansen forska mellom anna på menneske, utan noka form for samtykke, slik ein må ha i dag. I 1879 fekk ei kvinne, som hadde den glatte forma for lepra, tilført bakteriar frå den knuta forma. Ho vart innlagt som 16-åring og hadde levd like lenge på institusjon på dette tidspunktet, og lege Hansen ville sjå om han kunne gi henne den andre forma for lepra. Sidan ho var innlagt, ville han kunne overvaka henne. Målet var å bevisa smitteteorien.

Hansen vart dømt for det han hadde gjort, og mista retten til å vera lege ved Pleiestiftelse nr 1. Men stillinga som overlege for spedalske i Noreg hadde han til han døydde.

Magnus Vollset i Armauer Hansen sitt laboratorium.
Bergen var tidleg ute med medisinsk forsking, og har mellom anna Noregs eldste apotek, Svaneapoteket. Nokre av dei gamle krukkene som i dag er stilt ut i Armauer Hansens laboratorium stammar derifrå. Her viser Magnus Vollset fram ei flaske med den første medisinen mot lepra.

Tapte søksmål

Vollset meiner at når det no har gått 150 år, er det på tide å sjå både på kva som har skjedd og samstundes retta blikket framover. Det er ikkje meir enn knappe tretti år sidan den japanske staten tapte eit stort søksmål mot leprasjuke som hadde vore haldne på institusjon mot sin vilje. Saka handla om både fridomsrøving og tvungen sterilisering.

— I dag er ein i fase to av utprøving av ein vaksine mot lepra. Det er Noreg si forbanna plikt å legga til rette for løysingar. Det gjer ein ikkje ved å riva ned statuer, men ein kan visa både genistrekane og dei skuggesidene Armauer Hansen sine funn har hatt for heile verda, seier historikaren.

Powered by Labrador CMS