Internasjonale forskarar

Har jobba i Noreg i ni år — nekta opphald etter sensuroppdrag

Professor Justin Parks har fått avslag på søknad om å få bli i landet. Grunnen er at han har vore sensor ved andre universitet enn sitt eige.

— Det kjennest som å vere under angrep frå sjølve systemet, seier professor Justin Michael Parks.

Det blir rekna som ein del av «dugnaden» for dei akademisk tilsette ved universitet og høgskular: sensuren — arbeidet med å vurdere og fastsetje karakterar på studentane sine eksamenar. Professorar, førsteamanuensar og lektorar hjelper kollegaer ved andre lærestader med å få kabalen til å gå opp.

Det har også professor i engelskspråkleg litteratur ved UiT Noregs arktiske universitet, Justin Parks, gjort.

No har han fått beskjed frå norske utlendingsstyresmakter om at han ikkje har grunnlag for å bli permanent i Noreg.

Grunnen er nettopp dette arbeidet, sensuroppdrag frå andre arbeidsgivarar enn der han er tilsett. Han har også vore med i tilsettingskomitear. Slike oppdrag er ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI) ikkje i tråd med vilkåra for å få rett til opphald i Noreg 

Sjå svar frå UDI nedst i saka.

— Ikkje for pengane

— Eksternt sensurarbeid har alltid vore ein del av rutinearbeidet eg gjer. Det er ikkje noko ein gjer for pengane, det er meir som ei teneste ein gjer i nettverket ein er del av, seier Parks, som er frå USA, og har jobba i fast stilling som førsteamanuensis i Tromsø sidan 2016.

Universitets- og høyskoleloven krev at det for studentarbeid på høgare grad skal vere minst to sensorar — ein av dei ekstern.

Overraskinga var dermed stor då brevet frå UDI kom i posten rett før sommaren. «Kravet om at grunnlaget for oppholdstillatelsen har vært oppfylt er ikke oppfylt», står det i avslaget, som Khrono har sett.

Justin Parks har vore fast tilsett ved Universitetet i Tromsø i ni år, men får ikkje permanent opphald i Noreg. — Eg må seie nei til eksterne oppdrag framover, seier han.

Parks, som nyleg rykte opp til professorstillinga, har søkt mellombels opphaldsløyve annakvart år. Han har fått positivt svar kvar gong, og aldri sett eller høyrt om kravet om at ein ikkje kan ha andre oppdragsgivarar.

— Problemet eller spørsmålet har aldri før dukka opp, seier Parks.

«Avvik»

Etter at han søkte om permanent opphaldsløyve, gjorde UDI tilsynelatande ein grundigare jobb. I avslagsbrevet, som kom to år etter han søkte, er det vist til opplysningar frå Skatteetaten om at han har mottatt løn frå fleire arbeidsgivarar dei siste åra.

«Nevnte avvik er i strid med din tillatelse», konkluderer UDI.

Det er paragraf 23 i utlendingslova som blokkerer for å få permanent opphald i landet — dersom ein utfører det akademiske «dugnadsarbeidet».

«Dersom utlendingen jobber for flere arbeidsgivere om gangen, er dette et brudd for vilkårene for tillatelsen», stadfestar UDI i e-post til Khrono.

Khrono har spurt UDI om det har vore endringar i regelverket, og om dette er grunnen til at utfordringa har dukka opp først no. Svaret er at det ikkje er blitt gjort noko regelendringar på dette punktet.

— Aldri tenkt over

Professoren i Tromsø er ikkje den einaste utlendingen som har fått uventa beskjed frå UDI. 

I Bergen sit ein annan amerikanar, førsteamanuensis Brianne Jaquette. Også ho har fått avslag på søknaden om permanent opphaldsløyve. Grunnen er den same — ho har tatt på seg sensuroppdrag for andre enn hovudarbeidsgivaren og fått honorar for dette.

— Kanskje har eg ikkje sett nøye nok etter, men eg har aldri tenkt over at dette kunne bli eit problem. Eg har rett og slett ikkje tenkt på eksternt sensurarbeid som å ha ein annan arbeidsgivar, seier Jaquette.

Brianne Rae Jaquette,Høgskulen på Vestlandet
Brianne Rae Jaquette arbeider ved Høgskulen på Vestlandet. No droppar ho sensuroppdrag, for å unngå å hamne i trøbbel med utlendingsstyresmaktene i Noreg.

Ho har arbeidd ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) sidan 2018 og er gift med ein nordmann.

— Dersom det faktisk er slik at vi ikkje har lov til å ta sensurarbeid, kan det få store konsekvensar for arbeidet med å vurdere eksamenar i høgare utdanning, seier Jaquette.

Ho har no fått fornya mellombels opphald. I brevet frå UDI er det presisert at ho ikkje kan ta på seg arbeid eller oppdrag frå andre.

Det kjem verken ho eller kollegaen i Tromsø til å gjere i åra framover. 

— Eg må seie nei til eksterne sensuroppdrag framover. Det er trasig, men eg har ikkje noko val. Eg kan ikkje risikere jobb og eit etablert liv her i Noreg. Men heldigvis har eg god støtte frå fagforeining, kollegaer og instituttleiinga, seier Justin Parks.

Forskerforbundet: — Urimeleg

Leiar i Forskerforbundet, Steinar Sæther, seier han aldri har høyrt om liknande tilfelle.

— Dette verkar svært urettferdig og urimeleg. Vi er i ei tid der vi er opptatt av at vi skal tiltrekke oss forskarar frå utlandet, blant anna USA. Det er behov for høgkompetent arbeidskraft. Då verkar det svært ufornuftig å behandle dei vi allereie har tilsett på ein slik måte.

Leiar i Forskerforbundet, Steinar A. Sæther, meiner sensuroppdrag er ein del av jobben.

Sæther legg til at situasjonen også blir urimeleg fordi det dreier seg om oppdrag som blir rekna som ein del av jobben.

— Sensoroppdrag og å sitje i tilsettingskomitear er oppdrag som det blir forventa at ein skal ta på seg. Det er også ein del av det å kunne legge grunnlag for opprykk i vitskapelege stillingar, seier han.

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland ønskjer ikkje å kommentere saka. Ho viser til Justisdepartementet «fordi det dreier seg om regelverk for opphold i Norge».

UDI: Brot på vilkår

Khrono har spurt UDI om å utdjupe regelverket, og om arbeid med sensur av eksamensarbeid bryt med dette. UDI kommenterer ikkje enkeltsaker, men har sendt dette svaret frå fagavdelinga, via presseavdelinga:

For en person som har oppholdstillatelse som faglært arbeidstaker er det et krav om at personen som skal ha et konkret tilbud om arbeid. Arbeidstilbudet skal som hovedregel gjelde arbeid på heltid for en arbeidsgiver i Norge. Tillatelsen blir gitt for en bestemt type arbeid og normalt for å arbeide hos én arbeidsgiver om gangen. Dersom utlendingen jobber for flere arbeidsgivere om gangen, er dette et brudd for vilkårene for tillatelsen. UDI kan etter konkrete vurderinger gi adgang til å ha flere arbeidsgivere samtidig dersom det foreligger flere arbeidstilbud.

Det er et krav for å få permanent oppholdstillatelse at søkeren fortsatt oppfyller vilkårene for sine midlertidige oppholdstillatelser. Dette innebærer et krav om at vilkårene for hver enkelt oppholdstillatelse søkeren har hatt de siste tre eller fem årene har vært oppfylt. Regler om dette står i utlendingsloven § 62 første ledd bokstav b. Dersom vilkårene for en oppholdstillatelse ikke har vært oppfylt i hele perioden tillatelsen var gitt for, men tillatelsen likevel ikke har blitt tilbakekalt regnes perioden da vilkårene ikke var oppfylt som en glippe i oppholdstiden. Vi godtar glipper på tre måneder, men perioder utover dette vil regnes som brudd som kan føre til at vilkårene for permanent oppholdstillatelse ikke er oppfylt.

 

Powered by Labrador CMS