Vitsetrøbbel

Hardt ut mot journalistar i Resett-kanal: Ironisk meint, seier UiB-direktør

Fakultetsdirektør Ørnulf Lillestøl kasta seg på Facebook-tråd om løgnaktige journalistar. Oppsiktsvekkande og problematisk, meiner medieprofessor.

TV2-journalist Fredrik Græsvik blir skulda for å drive med løgn av politikar Jon Helgheim (Frp). Direktør ved Det psykologiske fakultet kasta seg på diskusjonen på Resett - men hevdar no at det heile var eit forsøk på å vere ironisk. No beklagar han at han ikkje er blitt forstått.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Ja, burde vel egentlig ikke se på nyheter i det hele tatt. Samme ulla alle journalister i hele verden egentlig. Bortsett fra noen få da muligens».

Ytringa er å lese i ein tråd på den omstridde nettstaden Resetts Facebook-sider og er signert direktør ved Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen, Ørnulf Lillestøl. Synspunktet er formulert i samanheng med eit utspel frå politikar i Framstegspartiet, Jon Helgheim, der han skuldar journalistar for å vere «løgnaktige».

Fakultetet Lillestøl er direktør for har lenge stått i mediestormen i samband med den såkalla tyskarvits-saka. Der har diskusjonen blant anna handla om korleis vitsar og ironi blir forstått – og misforstått.

Gripsrud: Oppsiktsvekkande og problematisk

Professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen, Jostein Gripsrud, karakteriserer ytringane frå Lillestøl som oppsiktsvekkande, overraskande og problematiske.

— Med å stille seg bak denne typen påstandar om lügenpresse melder han seg ut av det rasjonelle ordskiftet, seier Gripsrud.

Omgrepet lügenpresse er historisk knytt til Adolf Hitlers propaganda, og i seinare år blitt kopla til Donald Trumps retorikk om falske nyhende.

Men når Khrono konfronterer Lillestøl med kritikken seier direktøren at det heile var ironisk meint.

«Bare rør»

— Du har misforstått. Dette er hundre prosent ironisk, det er ein kommentar til nokon som kritiserer journalistar, som seier dei er fullstendig uetterrettelege, seier Lillestøl.

I tråden på Resetts Facebook-side set Lillestøl media i same bås som «de fleste sosiale kanaler på nett også. Bare rør der også fra folk som ikke vet hva de snakker om».

Men Lillestøl seier altså til Khrono at han ikkje meiner det han skriv i verken den eine eller andre kommentaren – begge delar er ironi.

— Det oppsiktsvekkande er at framståande medlemmer av universitetssamfunnet kolporterer denne typen diskurs, seier medieprofessor Jostein Gripsrud

— Eg må berre beklage at eg ikkje har klart å uttrykke meg på ein sånn måte at ein forstår at dette er ironi, seier Lillestøl.

Ingen av dei Khrono har vore i kontakt med har forstått ironien – heller ikkje Jostein Gripsrud, som er professor ved eit anna fakultet ved Universitetet i Bergen, der dei mellom anna utdannar journalistar.

Gripsrud peikar på at media ideelt sett skal kunne kritiserast, men då basert på at det som blir framsett av kjelder, argumentasjon og logikk skal kunne etterprøvast – og dermed kunne diskuterast rasjonelt.

— Når ein stiller seg opp i eit hjørne, på Resett, og skrik ut på denne måten, stiller ein seg utanfor dette, seier han.

Orienterte om mediedekning

Resett presenterer seg sjølv som eit «alternativ til de etablerte mediene», men er omstridd, og redaktør Helge Lurås har fått avslag på søknad om å bli med i Redaktørforeningen. Ein av grunnane var «måten anonyme kommentatorar kjem med sterke personangrep, ifølgje styreleiar i Norsk redaktørforeining, Hanna Relling Berg.

Ved NTNU har påstandar om at førsteamanuensis Øyvind Eikrem har stått bak anonyme Facebook-profilar på Resett ført til gransking frå universitetsleiinga.

Lillestøl seier han ikkje er kjent med Eikrem-saka på NTNU. Han seier også at det truleg er første gong han deltar i skriftlege debattforum knytt til Resett.

— Eg kan ikkje hugse at eg har gjort det før, seier Lillestøl.

Han legg til at han nok kan ha ytra seg ironisk på liknande måte andre stader, men kjem heller ikkje på kor det kan ha vore.

Etter det Khrono forstår skreiv Lillestøl kommentarane på Resett-sidene same dag som han deltok på eit instituttleiarmøte der dekan Bent Wold heldt ei orientering om mediedekninga av «tyskarvits-saka».

— Ein glipp

Problemet er ikkje at Lillestøl ytrar seg som han gjer, ifølgje Gripsrud.

— Det er sjølvsagt heilt i orden, gitt at han har desse meiningane. Det er likevel overraskande, fordi heile den sjikanøse kampanjen mot mainstream media står på ein svært problematisk og sviktande grunn, kunnskapsteoretisk og kunnskapssosiologisk. Det oppsiktsvekkande er at framståande medlemmer av universitetssamfunnet kolporterer denne typen diskurs, seier han.

Då Khrono tar kontakt med Lillestøl, gir han uttrykk for at han er heilt på linje med Gripsruds analyse.

— Trur du dei andre på Resett-tråden forstår ironien?

— Ja, eg håper jo det. Ein ser at ironi ikkje alltid er til å spøke med, om du ser på denne tråden er det fleire som eigentleg seier det same, seier Lillestøl.

— Kan det ha uheldige implikasjonar at ein med din jobb, direktør på universitetet, driv med ironi på Resett?

— Det reknar eg ikkje med. Det er berre å beklage, dette var ein glipp. Ein ser at ironi ikkje alltid er å spøke med. .

— Du seier samstundes at du kan ha ytra deg på liknande måtar andre stader?

— Eg har ikkje noko konkret minne om det. Eg beklagar som sagt sterkt dersom nokon har oppfatta dette som noko anna enn ironi, seier Lillestøl.

Han legg til at han har vore i leiarstillingar i 30 år og har eit godt forhold til media.

Viser til fleire kommentarar

Lillestøl har fått eigne sitat i denne saka til gjennomsyn og lagt til teksten frå ein kommentar han seier kjem frå kommentarfeltet til den same Resett-saka på Facebook. I den eine skriv han i eit svar til ein annan kommentar: «De aller fleste journaister og sosiale nettsteder tar feil. Og det verste er jo at liveopptak der vi ser Trump er manipulert».

Han viser til denne kommentaren og skriv i e-post til Khrono at han reknar med «de fleste då ser at dette også er ironi».

Khrono har fått bilde av delar av tråden på sms frå Lillestøl, men ikkje funne tråden det er referert til på Facebook. Lillestøl har ikkje svart på førespurnad om å vise heile tråden til Khrono og kommentaren han refererer til.

Powered by Labrador CMS