fjellforsking
Hårete mål for fjellforsking. Får 20 millionar frå Trond Mohn
Frisk austavind i vest då Senter for fjellforsking blei opna i Bergen måndag.
Universitetet i Bergen (UiB) profilerer seg ofte som det marine universitetet — men denne veka bar det til fjells for rektor, dekan og statsråd.
Målet var Ulrikens topp (643 meter over havet), for å markere opninga av Senter for fjellforsking.
— Det er openbert at det er i byen med dei sju fjell at vi skal ha det første og beste fjellforskingssenteret, sa høgare forskings- og utdanningsminister, Sigrun Aasland (Ap).
Senteret skal rekruttere åtte doktorgradsstipendiatar, og målet er å skaffe fram kunnskap om og frå fjellheimen, der nokon av dei mest sårbare naturområda er å finne.
Millionar frå Mohn
Med det Aasland omtalte som «sjenerøse bidrag» frå Trond Mohn forskingsstiftelse er målet at senteret skal spele ei leiande rolle internasjonalt i forsking på fjell. Mohn sponsar senteret med 20 millionar kroner over fem år, resten betalar Universitetet i Bergen.
— Vi ønsker å bruke norske fjell i ein global kontekst for å sjå på klimaendringane, endringar i biologisk mangfald og andre ting som er knytt til klimaeffektane vi ser i norske fjell. Dette har overføringsverdi til fjellområde andre stader i verda, seier dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi ved UiB, Gunn Mangerud.
— Det er også viktig å understreke formidlingsperspektivet. Vi vil ha politikarar som tar viktige og riktige avgjersler for å ta vare på fjellheimen vår, legg ho til.
Senteret har også Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) og forskingsselskapet Norce med som samarbeidspartnarar.
Jostein Bakke, professor i geovitskap, blir leiar for senteret.
Bergensmilliardær Trond Mohn, som står bak forskingsstiftinga med same namn, har i løpet av dei siste 20 åra gitt minst 1,5 milliardar kroner til forsking ved UiB.
Det har ikkje berre gått knirkefritt.
— Vi er ikkje uvenner
I 2022 tok Trond Mohn initiativ til ei vedtektsendring for styringa av Trond Mohn forskingsstiftelse. Endringa innebar at pengane skulle kunne fordelast til forsking fleire stader i Noreg, og spesifikt gjennom Tromsø forskningsstiftelse. Tidlegare var tildelingane avgrensa til Bergen.
Endringa møtte motstand, særleg frå UiB, som hadde mykje å tape på endringa. Bergens Tidende avdekte at UiB-rektor Margareth Hagen hadde brukt fleire hundre tusen på advokat, mellom anna for å undersøke juridisk forhold rundt vedtektsendringa.
På veg til Ulriken avviser Hagen at det nokon gong har vore konflikt eller konfrontasjon mellom henne og Trond Mohn.
— Vi er ikkje uvenner, seier Hagen.
