usa
Harvard svarer Trump med nytt søksmål
Under eit døgn etter meldinga om at Trump ville hindre Harvard i å ta imot internasjonale studentar, går universitet til motangrep.
I går vart det kjent at Trump-administrasjonen gjekk til eit nytt steg i forsøket på å ta kontroll over det prestisjetunge Harvard-universitetet.
Eit brev sendt frå Trumps tryggleiksminister, Kirsti Noem, gjorde det klart at programmet som gir studentane rett til å opphalde seg lovleg i USA under studia skal trekkast tilbake.
Nær 7000 av Harvards 25.000 studentar kjem frå andre land enn USA.
Fredag, under eit døgn etter beskjeden om blokkeringa av internasjonale studentar, har Harvard gått til søksmål mot avgjersla.
— Dette er ei ulovleg og grunnlaus handling, som vi fordømmer, skriv president ved Harvard, Alan M. Barber, i eit brev referert i New York Times.
Dette er andre gong på kort tid at Harvard går til søksmål.
Første gong var i april, etter at Trump-administrasjonen stansa overføringar av tilskot tilsvarande 24 milliardar norske kroner. Grunnen til pengefrysen var at Harvard nekta å godta ei rekke inngripande krav frå styresmaktene.
Også denne gongen seier Trump-administrasjonen at dei grip inn fordi Harvard ikkje har oppfylt krava.
Harvards toppleiar meiner derimot at Trump-administrasjonen straffar universitet for utøve grunnlovsfesta rettar.
Oppdatering 26.6.2025: Kort tid etter Harvards søksmål vart Trump-administrasjonen mellombels kjent rettsleg ugyldig av ein føderal dommar.

Nylige artikler
25 prosent nedgang i doktorgradsavtaler
Varsler utredning etter fagskolekonkurs
Universitetet i Bergen vil berge logopedstudiet
«Kapitalelementet» vil svekke nøktern eiendomsforvaltning ved universitetene
Aasland ønsker seg mer kunnskapslekkasje
Mest leste artikler
Skal selge «siving-ringer» for flere millioner kroner i år
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger
Stjerneforskere måtte slutte etter kontakt med Epstein
Slutt for denne lønnede utdanningen: — Dette er så viktig
PST-sjef advarer mot spioner på Arctic Frontiers