studentvelferd

Her kan du kjøpa bøker og få rabatt som kan brukast i kantina

Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg har kjøpt tilbake bokhandlar. — Ein bokhandel er eit møtepunkt, seier samskipnadsdirektøren.

I Drammen er det bokhandel og kafé. Andre stader er det nøkkelutlevering og bokhandel. Studentsamskipnaden i Søraust er opptekne av bokhandel som ein del av studentvelferda.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin campus på Kronstad i Bergen, HVL sin største campus, kan ein vera inne i det siste året med fysisk bokhandel på campus. HVL treng plassen til andre ting, er beskjeden.

Ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) går ein andre vegen. Her har Studentsamskipnaden i Søraust (SSN) kjøpt tilbake fleire bokhandlarar, som dei siste åra har vore drifta av Akademika.

— Studentsamskipnaden drifta bokhandel hos dåverande Høgskolen i Vestfold. Då denne slo seg saman med Høgskolen i Buskerud, var det Akademika som drifta bokhandel der.

Det seier administrerande direktør i SSN, Hans Erik Stormoen, til Khrono.

SSN tok først tilbake drift av bokhandel på Kongsberg og Ringerike. Deretter fekk ein ein avtale om å ta over i Drammen, der det var Norli som selde pensumbøker, og no i vår tok SSN over drifta i gamle Telemark fylke, i Bø, Porsgrunn og på Notodden.

Stormoen seier at det gjorde dei fordi dei ønskjer å drifta — ikkje fordi Akademika ville legga ned.

Sørvis til studentane

Stormoen understrekar at BrageBok, som er namnet på bokhandlane SSN driftar, framleis har eit samarbeid med Akademika. Og han seier det same som Akademika-sjef Arnstein Bjørke sa til Khrono tidlegare i veka: Studentane vil ha fysiske bøker.

— Me ser på ein bokhandel som eit fysisk møtepunkt. På dei mindre campusane våre brukar me dei òg som ein del av sørvisen til studentar, mellom anna kan dei henta nøklar til studentbustadane her. Å ha tilgang til ein bokhandel ser me på eit viktig tilbod, særleg for dei campusane som ikkje ligg i ein by, seier Stormoen, og viser til tal som seier at to tredelar av studentane ønskjer fysiske bøker i tillegg til digitalt pensum.

Overskot til studentvelferd

— Kva skulle studentane gjort om det ikkje var bokhandel på campus?

— Då måtte dei har reist, då, eller så måtte dei handla på nettet. Men ein misser både fagkunnskap og tryggleik, seier Stormoen.

— For nokre studentar er det å koma inn i ein bokhandel ei avveksling. Tilsette seier til oss at dei tidvis kjenner seg litt som sosialterapeutar.

Samskipnadsdirektøren er oppteken av at når det er studentsamskipnaden som driftar bokhandel, går overskotet, om det er lite eller stort, tilbake til studentvelferd.

— Me har til dømes ordningar der ein kjøper bøker hos oss, og så får ein stempel som gjer at ein kan få rabatt i kantina, seier han.

Viserektor: Godt samarbeid

— Det er viktig for Universitetet i Søraust-Noreg at studentane har tilgang til bokhandel anten på campus eller nær campus.

Det seier Ingvild Marheim Larsen, som er viserektor for utdanning ved USN.

Samstundes, understrekar ho, kan det koma ein situasjon der ein må gjera andre vurderingar.

— Me samarbeider godt med SSN og har gode, lokale løysingar.

— Vil studentane framleis lesa bøker på papir?

— Det er det andre som kan svara betre på enn meg. Men inntrykket mitt er at ja, det vil dei. Eg ser at det ligg bokpakkar klare i bokhandelen no rundt studiestart.

Powered by Labrador CMS