areal

Stolane til Ellen Birgitte og kollegaene vart fjerna frå kontora i løpet av helga

Det er ikkje noko som heiter private kontor, seier Høgskulen på Vestlandet. I løpet av helga låste representantar frå høgskulen seg inn på enkeltkontor og fjerna private møblar som tilsette hadde plassert der.

Førstelektor Ellen Birgitte Johnsrud fekk ein kontorstol i gåve frå mann og barn. Stolen er no fjerna frå kontoret hennar.
Publisert Oppdatert

Førstelektor Ellen Birgitte Johnsrud har hatt ein raud, mjuk, ergonomisk kontorstol med knestøtte og hjul på kontoret sitt på Høgskulen på Vestlandet (HVL) i Bergen.

No er stolen vekke.

I helga var nokon inne på kontoret hennar og på andre kontor på norskseksjonen ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking — og fjerna både stolar og bord.

— I jobbar som våre er grensene for arbeidsliv og fritid ofte utviska, og mange brukar mykje tid på kontoret. Ein ønskjer difor å ha det litt hyggeleg der. Nokre har teke med ein lenestol eller eit bord, andre har hatt eigne kontorstolar. Men leiinga vil at me skal ta vekk alt som viser kven som brukar kontora, seier Johnsrud.

Les Johnsruds historie i eige innlegg i Khrono. 

Skal sjå på kontorstrukturen

Saka handlar sjølvsagt om meir enn stolar og bord — det handlar om arealbruk.

— Det er fatta eit vedtak om at ein skal dela arbeidsplassar i større grad. Me kan ikkje auka arealet. Samstundes står mange kontorplassar ledige gjennom døgeret, så det er både samfunnsmessig og berekraftig riktig å dela, seier Endre Laastad.

Han er avdelingsleiar ved Avdeling for arealforvaltning, drift og utvikling, og viser vidare til høgskuleleiinga når det gjeld spørsmål om dei prinsipielle vedtaka som er fatta.

I 5. etasje i bygget som vert kalla K1 er dei tilsette opprørte. Ellen Birgitte Johnsrud seier at dei i dag har eigne cellekontor og namneskilt utanfor døra. Dette har dei fått beskjed om at skal vekk. I staden skal det setjast i gang ein prosess til hausten der ein skal sjå på kontorstrukturen.

— Det er sagt at me ikkje skal ha større underdekning enn ti prosent. Men me har allereie fleire kollegaer som sit i Fabrikkgaten, fordi det ikkje er plass på Kronstad, seier Johnsrud.

Ho fryktar òg at tilsette kan verta sjukmelde på grunn av usikkerheita som har oppstått.

— I tillegg har me fått beskjed om at me har for mange bøker på kontoret. Slik skal det ikkje vera, og me kan ikkje kjøpa inn så mange bøker, for det er det ikkje pengar til.

Den grå og den svarte lenestolen er sett ut i eit fellesareal. Lenestolane dei tilsette hadde på kontora, er fjerna.

Hamna i kjellaren

Khrono har fått tips om stolhentinga frå fleire kantar. Johnsrud skreiv om det heile på Facebook (også publisert i Khrono, journ.anm). Der skreiv ho òg at dei tilsette har fått beskjed om at eigedelar kan verta fjerna.

«Det klages til de hyggelige kollegaene i driftsavdelingen. Kan ikke stolen få stå, i alle fall til vi vet mer om hva en «enhet» er, og om hvordan «arbeidsplassdelingen» skal foregå? Empatiske som de er, kommer de oppom fredag ettermiddag for å berolige alle som har stol, bokhylle eller skuffer: «det er ikke opp til dem å bestemme hva den enkelte har behov for». Jeg går på HVLs sommerfest med lettet hjerte. Da trenger jeg ikke ordne med bil og hente stolen min i helgen likevel».

Måndag morgon kom dei tilsette på jobb som vanleg. Då hadde nokon vore inne på kontora deira og fjerna møblar.

— Dei har forsynt seg med våre ting. Ei av dei som jobbar her hadde hengt ein lapp på stolen sin frå bedriftshelsetenesta, med ei grunngiving for kvifor ho hadde behov for ein slik stol. Denne lappen, med personlege opplysningar, hadde nokon hengt opp i heisen, seier Johnsrud.

Førstelektoren understrekar at ho ikkje ønskjer å vera ein illojal tilsett. Men etter å ha brukt to dagar på å prøva å finna ut kva som har skjedd, utan å få svar på meldingar, la ho innlegget ope ut på Facebook.

— No vert det sagt at det er eit stort lager i kjellaren her som er fullt av våre ting.

— Dei har trenert

Ellen Birgitte Johnsrud seier at dei tilsette har fått beskjed om at dei har for mange bøker på kontoret. Denne hylla, som er på hennar eige kontor, skal eigentleg ikkje vera der.

Avdelingsleiar Laastad seier til Khrono at saka har rulla og gått i tre-fire månader.

— Det er ein del tilsette som har møblert kontora med private møblar. Desse har me bede om at dei fjernar, i tråd med dei vedtaka HVL har om møblar og inventar. Men ingenting har vorte gjort.

Laastad seier at tilbakemeldinga frå dei tilsette er at dei endringane dei har gjort på kontora, er som ein del av tilrettelegging.

— Det er greitt at dei vil legga til rette, men det må skje innanfor HVL sine rammer — ikkje gjennom at det kjem inn andre ting.

— Kva skjedde no i helga?

— Dei tilsette har trenert og trenert. Når det kjem inn private møblar på kontora gir dette oss utfordringar mellom anna med HMS og reinhald. Etter gjentatte førespurnadar om å fjerna møblane sjølve enda det til slutt med at driftsapparatet vårt henta ut møblane.

— Kven fatta dette vedtaket?

— Det følgjer av dei retningslinjene me har for utrusting av arbeidsplassar, og som er breitt forankra hos HVL.

Laastad seier at han ikkje kjenner til lappen som skal ha vorte hengt opp i heisen, men at tilsette har hevda dette.

— Me veit ikkje kva som har skjedd. Men dersom lappen har vorte hengt opp slik, er det ikkje greitt.

No er møblane lagra på eit av HVL sine driftslager. Her kan dei tilsette henta møblane sine og køyra dei heim, seier Laastad.

— Har dei tilsette fått beskjed om dette?

— Det er gitt beskjed om dette til personalleiar.

— Finst ikkje private kontor

Khrono har vore i kontakt med instituttleiar Kristin Ran Choi Hinna. Ho viser til at det no er ein pågåande prosess, og ønskjer av den grunn ikkje å kommentera saka.

Khrono har òg sendt skriftlege spørsmål til høgskuleleiinga. I ein e-post send frå kommunikasjonsleiar Svein Ove Eikenes skriv direktør for økonomi og arealforvaltning, Helge Skugstad, at arbeidsplassar skal vera nøytrale og skal kunne brukast av andre når dei ikkje er i bruk av dei som har plassane.

— Kven har bestemt at møblane skulle flyttast ut no i helga?

— Dei private møblane vart henta ut etter gjentekne oppmodingar om at dei tilsette sjølve køyrde dei heim. Det er leiinga som har bestemt retningslinjene for standard utrusting av arbeidsplassane våre. Henting er gjort med utgangspunkt i desse og føringar gitt av meg.

— Er det greitt å låsa seg inn på andre sine kontor?

— Det er ikkje noko som heiter private kontor. Arbeidsplassar vert stilt til rådvelde av arbeidsgivar og skal ikkje verka privatiserte.

Skulstad skriv at poenget med å standardisera arbeidsplassane er at fleire skal kunne bruka dei. Difor må avdelingar der mange tilsette har eit arbeidsmønster som gjer at dei ofte er vekke frå kontoret, dela arbeidsplass med andre. 

— Det betyr ikkje at alle må rullera kontinuerleg, dei som stort sett er på campus og har arbeidet sitt der, vil i realiteten ha sin faste plass.

Skulstad seier vidare at det kan variera kven som får fast plass og ikkje. Dette vil vera opp til einingane ved høgskulen å regulera.

Khrono har tidlegare skrive at det er tomme kontorplassar i det nyaste lokalet til HVL på Kronstad, K2.

— Dersom det er fullt i K1, kan ikkje dei tilsette sitja i K2?

— På papiret er K2 full, det vil seia at talet på tilsette som har fått arbeidsplass der har nådd taket for kva som er forhandla og godkjent. Men det er god plass og mange ledige arbeidsplassar til ei kvar tid. Slik er det òg i K1, seier Skulstad.

Ikkje for mykje litteratur

— Kor skal dei tilsette ha eigedelane sine, som fysiske bøker, dersom dei skal dela arbeidsplass?

— Alle arbeidsplassar har bokhyller, og i tillegg vert det organisert for bokhyller i fellesområde. Men det er problematisk dersom alle vitskapeleg tilsette skal ha store mengder litteratur tilgjengeleg og lagra på arbeidsplassen, seier Skulstad.

Han viser til at HVL arrangerer såkalla rusken-aksjonar, der tilsette tek ei opprydding før sommarferien.

— Då kan òg litteratur og annan som ikkje er i bruk og gjerne har vore lagra over mange år verta rydda vekk.

Han understrekar at HVL-leiinga på ingen måte meiner at bøker og det skrivne ordet ikkje er viktig.

— Generelt: vitskapeleg tilsette skal sjølvsagt ha litteratur på arbeidsplassane sine, det er vel meir eit spørsmål om kor mykje som er naudsynt. Om det i nokre tilfelle er behov for meir enn ein normalt, treng skal me sjølvsagt legga til rette for det, men då må me gjera det i ei fellessone. 

Powered by Labrador CMS