vis meg ditt kontor
Herifrå har nordfjordingen full sosial kontroll
Kven er på puben midt på dagen? Og kven joggar? Dette ser professor Yngve Flo frå kontoret sitt, særleg om han sit i stolen som er så stygg at han ikkje får ha han heime.
Det skulle verta fasjonable byleilegheiter. Men i staden er Sydneskvartalet kontor for tilsette ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB). Dokkvegen 2B, som er ein del av kvartalet, er berre ein av fleire bygardar som universitetet eig. Går ein opp alle trappene, forbi opptil fleire glasmåleri, kjem ein til kontoret til Yngve Flo.
— Oi, her var det ryddig!
— Ja, viss ikkje klarar eg ikkje å tenkja, seier Flo.
Bokreddar
Ikkje ulikt andre professorkontor har han hyllemeter på hyllemeter med bøker. Og her finst det nokre bøker som ikkje står på eit kvart kontor: Eit illustrert konversasjonsleksikon frå 1912, fem band om verdskrigen og om lag tjue eksemplar av same bok: «Folkestyre i by og bygd».
— Dei arva eg frå den tidlegare rettleiaren min, Tore Grønlie, som var ein av forfattarane. Og så deler eg ut til studentar som treng eit eksemplar.
— Så dei er like, alle saman?
— Ja, det er same boka. Eg har òg nokre kassar med bøker eg sjølv har skrive. Dei deler eg òg ut til mellom anna studentar.
Bokhyllene er organisert på eit vis: Politiske biografiar, språk, og øvst oppe: Ringperm på ringperm med sirlege førelesingsnotat.
— Dette er frå då eg tok nordisk, seier Flo, og viser fram permen med innhald som svensk og morfologi.
— Eg har av og til brukt gamle førelesingsnotat når eg skal undervisa sjølv, for å få inspirasjon.
Trimming og tromming
Bladfyken frå Khrono stod først på feil side av Sydneskvartalet.
— Gå mot vimplane, var beskjeden frå stemma i telefonen.
Og vimplane, og Kolonialen pub, har Flo utsikt til frå kontoret.
— Du veit, for ein nordfjording er det viktig å ha sosial kontroll. Så herifrå kan eg sjå kven som sit på puben på dagtid; er det kollegaer? Og sit studentane der? Ofte er det organisert trim på plassen utanfor her, og om våren kjem det buekorps, seier Flo og humrar.
— Kva forhold har du til buekorps som ikkje-innfødd bergensar?
— Eg har lært å setja pris på dei. Det er eit symbol på vår og liv og Bergen, så eg klagar ikkje.
Men det er eit anna korps som har gitt han ein del av bøkene som står i hylla. Som loppegeneral for skulekorpset gjennom mange år hamna ymse skattar, eventuelt «skattar», i kontorbokyllene til Flo. For kan ein eigentleg kasta bøker?
— Eg har fått eit litt anna forhold til bøker etter dei åra med loppemarknad. Det er cellulose.
Det som ikkje får stå framme heime
På veggen har han eit stort bilete av heimbygda Bryggja. Det er eigentleg eit prospektkort frå 1930-talet, som han har fått forstørra og kolorert. I bokhylla står Sokrates, den gamle filosofen, altså, i bysteform, og kikkar opp på biletet.
Bysta var eit funn frå interrail i 1996, og er ein gjenstand Flo ikkje får ha framme heime. Den same skjebnen har råka ein plommeraud stol — no dekka av eit grått fleecepledd.
— Han er forferdeleg stygg, men det er ganske greitt å ha noko å sitja i når ein skal lesa, seier professoren.
Fem kjappe
— Korleis hadde du klart deg i eit ope kontorlandskap?
— Eg trur eg hadde klart meg betre enn dei fleste. Eg har site i landskap før, og sjølv om eg verdset fred og ro, trur eg ikkje eg var blant dei som kom til å slita mest. Det eg saknar når eg sit på kontoret, er felles møteplassar. Det har me ikkje så mykje av her i Sydneskvartalet, så det vert til dømes til at me som sit i same gangen prøver å samlast og eta lunsj saman.
— I tillegg til telefon og PC, kva er viktigast for deg å ha på kontoret?
— Eg synest det er flott å ha plass til å kunne ta imot til dømes studentar, at eg har ein stad der det går an å setja seg ned og diskutera. Eg slår òg eit slag for den gode gamaldagse boka. Eg har allereie tenkt på kva eg skal gjera med alle bøkene mine den dagen eg skal vidare herifrå.
— Du har det jo veldig ryddig her, er det viktig for deg?
— Eg kan verta litt ukonsentrert av rot. Samstundes er det nok litt skjult rot her, med bunkar med papir som ikkje er organisert. Men eg synest rot fort vert eit forstyrrande element. Det kan gå nokre dagar der det ligg papir utover, men så tek eg eit skippertak og får det vekk.
— Kva seier kontoret ditt om deg som person?
— Eg er nok i den øvre femtiprosenten når det gjeld å vera ryddig og organisert. Eg prøver å kvitta meg med ting. Eg har vore innom ein del rotete kontor, og eg vert imponert når folk klarar å ha full kontroll i rotet.
— Kven har det finaste kontoret du veit om?
— Sånn generelt? Eg beundrar jo det lange bordet til Putin … På UiB har eg vore innom ein del gamle villaer som no er gjort om til kontor. Det er noko eg forbind veldig med UiB.
Har du eit kontor du ønskjer å visa fram — eller kjenner du nokon som burde vera med i Khronos kontorserie? Ta kontakt med redaksjonen@khrono.no

Nylige artikler
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager