økonomi
Høgare renter i Lånekassen
Både flytande rente og fastrente på studielånet aukar frå 1. juli.
Det melder Lånekassen fredag.
Flytande rente på studielånet er i dag 3,532 prosent. Frå juli vil satsen vere 3,668 prosent. For dei som har bindingstid på studielånet i tre år blir det mindre justeringar. Med tre års bindingstid vil lånerenta stige frå 4,227 i dag til 4,266.
Ifølgje Lånekassen er har dei aller fleste av tilbakebetalarane flytande rente på låna sine. Akkurat no har 745 800 kundar flytande rentene. Berre 19 100 har valt å binde renta. Så langt i år har berre 360 kundar bede om fastrenteavtale.
Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte og blir fastsette med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som så blir Lånekassens renter.
I april melde Lånekassen at stadig fleire av kundane ber om betalingsutsetjing, samstundes med at talet på purringar og rekningar som går til inkasso, aukar.

Nylige artikler
En av fire slutter: Millionsatsing for å stanse førsteårs-flukt i Bergen
Enstemmig OsloMet-styre vil ha jussutdanning
Går i pluss, men spinker og sparer. — Har ikke truffet planken godt nok
Å prioritere er å ta verdivalg
Krever lønnsøkning på nær sju prosent: — Svært krevende
Mest leste artikler
10 av 13 som mister jobben her er kvinner: — Mange er overrasket
Fire universiteter sier nei til forlag: — Tiden er kommet for å sette ned foten
Trond Mohn snakker ut:«Vi nordmenn er et helvetes folk. Vi er ikke rause»
120 tidsskrifter «svartelistet» internasjonalt. Godkjent i Norge
Nei til akademisk boikott