Forskingsetikk

Høgskulen på Vestlandet granskar professor for vitskapeleg svindel

Høgskulen på Vestlandet har hyra advokat for å granske påstandar om at ein profilert professor har drive med forskingsjuks.

Høgskulen på Vestlandet har engasjert eit advokatfirma for å hjelpe med granskinga av moglege brot på forskingsetiske normer.
Publisert Oppdatert

Hausten 2022 tok Det forskingsetiske utvalet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) imot eit varsel, etter at ein universitetsbibliotekar fatta mistanke om at ein forskar har drive med forskingsjuks. 

Fleire vitskapelege artiklar signert forskaren skal ifølgje varslaren ha hatt «nonsensisk innhold og irrelevante referanser». Nonsensisk innhald kan best skildrast som innhald som ikkje gir meining.

Khrono har vore i kontakt med forskaren, som avviser alle påstandane om forskingsjuks og svindel knytt til det han har publisert i si tid som forskar.

Allereie i 2020 skal det ha kome bekymringsmeldingar knytt til den same forskaren.

Leiar i Forskingsetisk utval ved HVL, Geir Kåre Resaland, stadfestar overfor Khrono at dette er ei pågåande sak. 

— HVL ser alvorleg og seriøst på denne saka, og vi har engasjert eksternt advokatfirma i granskinga, skriv han i ein e-post.

Forskaren som skal granskast, skriv i ein e-post til Khrono at han reknar med at HVL vil undersøke saka grundig og forsvare ryktet hens.

Geir Kåre Resaland melder at HVL ser alvorleg på saka.

Papirmølle

Forskaren som no blir sett under gransking, er tilsett som professor og har ei svært omfattande publikasjonsliste. Fleire andre forskarar, inkludert ein stipendiat på HVL, blir skulda for å ha medverka til fabrikkering og forfalsking av forskingsartiklar. 

Khrono kjenner til at eit separat varsel er meldt inn på HVL-stipendiaten frå ein annan varslar. Dette skal dreie seg om plagiat. Professoren og stipendiaten har saman stått for minst 65 vitskapelege artiklar. 

Professoren fekk i haust trekt tilbake ein artikkel publisert i 2021, blant anna på grunn av påstått manipulert fagfellevurdering, meiningslaust innhald og irrelevante referansar — alle typiske teikn på eit såkalla papirmølleprodukt.

Papirmølle, eller artikkelfabrikk, er eit kallenamn på illegale verksemder som tar på seg produksjon av falske vitskapelege artiklar, komplett med data og artikkelskriving, og med hjelp til publisering i anerkjende tidsskrift. Fenomenet har på norsk også blitt kalla artikkelfabrikkar.

Kriminell industri

Papirmøller og artikkelfabrikkar er blitt ein betydeleg kriminell industri, og eit veksande problem i den akademiske verda. 

I 2020 vart ei slik papirmølle avdekt med utspring i Kina, som skal ha produsert minst 400 vitskapelege artiklar på bestilling. Ein norsk forskar, tilsett ved ein større forskingsinstitusjon i Noreg, skal den gongen ha vore sentral. 

Professoren på HVL har seinast i 2023 vore medredaktør for ei bok publisert på Springer, eit av verdas største forlag innan forsking og vitskap. Medforfattar på den eine artikkelen professoren bidrar med i boka, er ein annan stipendiat ved HVL. 

Det er så vidt Khrono veit ikkje knytt skuldingar om forskingsetiske overtramp til boka, artikkelen i boka eller stipendiaten som er medforfattar.

Har hyra advokat

Resaland, leiaren i Det forskingsetiske utvalet på HVL, vil ikkje svare Khrono på spørsmål utover å stadfeste at det blir jobba med saka. Han grunngir dette med at det er «pågåande prosessar». Han opplyser også at høgskulen har engasjert eit eksternt advokatbyrå som skal hjelpe til med arbeidet. 

— Forskingsetiske saker er omfattande og krev grundige prosessar. Mange faktorar og tilhøve skal vurderast. Det er mange partar involvert og mange partar skal ivaretakast. HVL har system, rutinar og prosedyrar for dette, skriv Resaland i ein e-post.

Khrono er kjent med at Nasjonalt utval for gransking av uredelighet i forsking er blitt orientert om ei eller fleire varslingssaker ved HVL. Sakene er unnateke offentleg innsyn med heimel i forskningsetikkloven § 11.

Powered by Labrador CMS