val 2023

Han kunne vorte statssekretær. Men jussprofessoren vart ved sin lest — og driv heller med meiningsmålingar på fritida.

Johan Giertsen er glad i demokratiet. Det er bakgrunnen for at han brukar mykje tid på politiske meiningsmålingar og på å forklara for alle som ønskjer å høyra på.

Hos Johan Giertsen finn du meinings­målingar for akkurat din kommune

Publisert Oppdatert

Valekspert, skriv Bergens Tidende. Valekspert, skriv BA. Valekspert, skriv Dagens Næringsliv. Og jammen skriv ikkje Dagbladet det same.

— Eg kan ingenting om dette!

Johan Giertsen ler, høgt og tydeleg.

Etter å ha førelese for jusstudentar fleire timar, har han no sett seg ned i kantina på Dragefjellet. Ikkje for å snakka om juss, men for å snakka om val. Og der Giertsen vanlegvis er på heimebane som professor, har han ikkje noko formell utdanning i samfunnsvitskap. Så korleis gjekk det til at han kommenterer val både i aust og vest?

Engasjert frå tenåra

Tidleg på 1970-talet, då Johan Giertsen var tenåring, fekk han ein reknestav hos morfaren sin. Enkelt forklart ein forløpar til kalkulatoren, som kunne bruka alle dei fire rekneartane.

— Eg sat og rekna under valsendingane; kva skjer dersom parti får X prosent, illustrerer Giertsen.

Men faren var jurist, og sonen vart jurist. Det politiske engasjementet var der likevel heile tida, og Johan Giertsen har aldri lagt skjul på at han er medlem i, og har hatt verv for, Høgre.

Så, for vel 20 år sidan, skjedde det noko. Saman med partifelle Lars Øy bygde Giertsen frå 2001 opp ei e-postliste. Til dei som var interesserte sende han ut oversikter over politiske meiningsmålingar, med informasjon som «no går Arbeidarpartiet fram og Høgre tilbake». Frå 2010 har meiningsmålingane vorte digitaliserte og vipps, så var nettsida Poll of polls fødd.

Jussprofessor Johan Giertsen har travle tider. Semesterstart på jobb og eit val å ta seg av på fritida.

For demokratiet

Det er Lars Øy som skal ha æra for alt det tekniske, understrekar Giertsen. Dei to samlar inn meiningsmålingar frå heile landet og gjer dei tilgjengelege, heilt ned på kommunenivå.

— Me har alle partimålingar. Eg kan til dømes visa at «no går Arbeidarpartiet tilbake i Aurland».

Kommuneval er ein klar favoritt. Berre i kommunane rundt Giertsen sin heimkommune Bergen er det mykje å drøfta. Korleis vil det til dømes gå med nye INP langs kysten?

Kontaktar i meiningsmålingsbyråa, i partia og det praktiske i at meiningsmålingar vert publisert i nettaviser, har gjort arbeidet med Poll of Polls enklare.

— Men kvifor gjer de dette?

— Eg såg med undring på at alle parti sa at «me går fram», seier Giertsen.

— Og så er eg glad i demokratiet. Å ta vare på demokratiet er kanskje særleg viktig no, når eit av våre naboland vil knusa ein av sine naboar.

Kommenterer for Bergens Tidende

Hos Poll of polls kan ein finna dei siste målingane for sin eigen kommune, og ein kan samanlikna den med mellom anna førre kommuneval. Giertsen og Øy driv ikkje med skjønn, her er det tala som rår.

Og ja. Det er kommuneval det er i år — det er kanskje lett å gløyma når dei nasjonale partileiarane er med i den eine TV-sende debatten etter den andre.

— Det er gøyast med lokalval, seier Giertsen engasjert.

— Noreg er så variert! I dei store byane er fordelinga om lag som på Stortinget. Men ser ein til dømes til Indre Trøndelag, er det Arbeidarpartiet og Senterpartiet som knivar.

Sjølve valkvelden skal Giertsen kommentera for Bergens Tidende. Det har han gjort kvart einaste val sidan 2013. Men korleis det kjem til å gå på landsbasis i år? Giertsen dreg litt på det.

— Det vert spanande å sjå korleis det går med det ferske Industri- og næringspartiet (INP). Per no ser det ut til at både Oslo og Bergen kan gå i borgarleg favør, men det er ikkje sagt at det er dei som vinn til slutt.

NRK har meldt at det allereie er mange som har brukt stemmeretten sin. Talet på førehandsstemmer har vore høgt ved dei siste vala — heile 57,6 prosent ved valet i koronaåret 2021. Rekorden i eit kommuneval er 33 prosent, og Giertsen er spent på kor høgt ein kjem i år. Ifølgje valdirektoratet er fristen for å få inn førehandsstemmer dagen etter valet kl 17, så nokre stader er ikkje det endelege resultatet klart før då.

— I tidlegare tider var det Høgre som fekk flest førehandsstemmer. Då var det gjerne dei som hadde ein jobb med reising som stemte på førehand — og dei stemte Høgre. Men denne skeivheita har ein ikkje lenger, seier Giertsen.

Joda, PC-skjemen er bak der ein stad. Det finst ei (vandre)historie om Frank Aarebrot (1947-2017), professor i samanliknande politikk, som fann ein sykkel på kontoret då han rydda. Det stemte ikkje, sa Aarebrot sjølv, men han skal ha funne ei sykkelpumpe. 65 år gamle Giertsen må òg ta eit tak før han vert emeritus.

Saknar Aarebrot

Om arbeidet med Poll of polls er kvelds- og nattarbeid?

— Ja, seier Giertsen høgt, og ler igjen.

Han viser veg til kontoret, og mumlar noko om at når han skal gå av med pensjon, og det er ikkje så mange år til, er kontoret hans stort nok til å verta delt i to. Bygget han sit i, var nemleg bygd før det kom statlege maksgrenser for storleik på kontor.

Men før han kan pensjonera seg, må han rydda. Kontoret er nemleg ikkje heilt ulikt ein tidlegare UiB-kollega sitt. Det er bøker overalt.

— Helten min er Frank Aarebrot, seier Giertsen.

— Han kunne stilla med manus skrive på ein bussbillett, og kopla valresultat og meiningsmålingar med mykje anna; næringsliv, om området låg i innlandet eller ved kysten. Det han dreiv med var kommunevitskap, og han hadde ein paratkunnskap som er langt forbi min. Eg saknar han veldig.

Fekk tilbod frå Erna

Jussprofessoren helser til høgre og venstre og slår av ein prat med kollega Terje Einarsen. Fotballaget Brann er nemleg inne i ein god periode — eit opplagt tema i vestlandsbyen.

— UiB er ein fabelaktig arbeidsgivar, seier Giertsen.

For det er ikkje det at han ikkje har fått andre tilbod. I Erna Solberg si siste regjering fekk Giertsen tilbod om å verta statssekretær.

— Eg sa nei.

I staden kombinerer han professorstillinga med å stilla opp for alle som ønskjer å læra noko om val. Denne hausten har han mellom anna hatt kurs for journalistar. Giertsen er òg oppteken av at materialet som ligg hos Poll of polls kan brukast av både forskarar og studentar. Særleg må det kunne brukast til masteroppgåver, meiner han.

Men kva skal ein kalla Giertsen? Valekspert er han nemleg ikkje, understrekar han sjølv, han er ikkje forskar på dette feltet. Han føreslår sjølv:

— Valnerd? Målingsentusiast?

For:

— Det er ein gøy hobby.

 

Powered by Labrador CMS