Danmark
Hundre må gå etter milliardsmell for skandalebygg
Nytt prestisjebygg ved Københavns universitet blei meir enn tre milliardar danske kroner dyrare enn planlagt. No må meir enn hundre medarbeidarar slutte.
Underskotet ved Det Natur- og Biovidenskabelige Fakultet (SCIENCE) er på litt over 100 millionar i året. No skal sparetiltak sørge for balanse i fakultetsbudsjettet frå 2027, skriv danske Uniavisen.
I alt blir fakultet slanka med over 100 medarbeidarar.
Drift: 89 millionar
Ifølgje Uniavisen skuldast underskotet i høg grad driftskostnader i samband med prestisjebygget Niels Bohr Bygningen og det nye Statens Naturhistoriske Museum.
Det kostar ifølgje fakultetet 89 millionar kroner i året å drifte dei to bygga, som svarer til ca. 140 millionar norske kroner.
Det nye Niels Bohr-bygget fekk til slutt ein prislapp som var 4,7 milliardar, målt i norske kroner, dyrare enn det opphavlege budsjettet la opp til. Ifølgje eit saksnotat frå universitetsstyret frå 2024, referert i Uniavisen, reknar ein med at husleiga blir 150 millionar kroner dyrare enn planlagt.
Københavns universitet eig begge bygga og betalar heile denne husleiga. Men driftskostnadene må fakultetet ta.
Veit ikkje kor mange som sluttar frivillig
Det kjem ikkje fram nøyaktig kor mange som er blitt oppsagde, og kor mange som sluttar frivillig eller går av med pensjon. Det skal ha blitt godkjent 46 søknader om sluttpakkar og ca. 20 stillingar skal ha blitt lagt ned.
Uniavisen har tidlegare avslørt at leiinga ved fakultetet i fleire år har vore klar over at det ville bli ein sterk auke i driftskostnadene når Niels Bohr Bygningen skulle takast i bruk. Derfor har fakultetet lagt pengar til side. Men etter som bruken bygget i fleire rundar er blitt utsett, enda ein med å bruke opp pengane.
