arkeologi
I denne sanden fann forskarane ein 4 000 år gamal mann
Eit arkeologisk funn på nordvestlandet kan gi forskingsmiljø svar på korleis det var å leva i den seine steinalderen.
— Dette er eit funn som vekkjer interesse i fagmiljøa. Både i Noreg, men òg internasjonalt.
Det seier Morten Ramstad, seksjonsleiar for fornminneseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen.
Godt bevart i skjelsanden i Stad kommune på nordvestlandet har arkeologar frå museet funne beinrestar. Desse viser at det her, ytst mot havet, har budd menneske i 4 000 år.
— Me visste at det var ei grav her, ei såkalla hellekiste. Det var ein gravskikk som kom til Noreg samstundes som jordbruket kom, seier Ramstad.
Grava er fire meter lang og over to meter brei, og er funne like sør for Vestkapp i Selje i Vestland fylke.
Men dei andre gravene av dette slaget har ein i hovudsak funne rundt Oslofjorden. Og ikkje i nokon av dei tjue andre gravene har ein funne beinmateriale.
— Det er hundre år sidan ein hadde eit så stort funn frå denne perioden, seier Ramstad.
Fem individ
Beinfunnet kan brukast til å seia noko om kven menneska her ved Stadhavet var.
— Me har mellom anna funne ein kar på over 60 år, som tydeleg hadde leddgikt. Det betyr at dette var eit samfunn som klarte å ta vare på dei sjuke, seier Ramstad.
I same grava vart det funne eit barn på under eit år — altså er det neppe ei krigargrav arkeologane har funne.
Totalt er det funne bein frå minst fem individ.
Kva åt dei?
Analyse av beina kan seia noko om levesettet. Var det slik at her var det fiskarar som gifta seg med kvarandre, eller finn ein óg folk utanfrå. Kva åt dei?
— Områda rundt Oslofjorden er betre for dyrking. Så langt tilbake i tid veit me at dei hadde husdyrhald, og dei dyrka nok bygg — kanskje òg til ølbrygging. Men havet har vore viktig, seier Ramstad.
Trond Eilev Linge, som er rådgivar ved fornminneavdelinga ved museet, seier til Bergens Tidende, som òg har omtalt funnet, at arkeologar kjem til å jobba litt òg med utgravinga i neste veke.
— Det er møysommeleg arbeid, seier han.
Det har vore utgravingar på staden i eit halvt år, men etter funna legg ein inn ein ekstra innsats, seier Ramstad til Khrono.
Tomta der funnet er gjort, er der det etter planen skal byggast eit nytt hotell, etter at Selje hotell brann ned til grunnen for nokre år sidan. Arkeologane har òg funne matavfall som dyrebein og skjel. Dette kan òg fortelja forskarane noko om kva menneska her levde av i den yngre steinalderen.

Nylige artikler
Rektor Klaus Mohn: Nye styrer bør få ansette sine egne rektorer
Kritikken bommer. Vår analyse av tannhelsetjenesten står støtt
At forskning er en nyttig ting kan ingen komme fra
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager