forskingsprosjekt

Då forskarane søkte etter frivillige vinterbadarar, fekk dei så mange at prosjektet måtte utvidast. Kostnad til marknadsføring: Null kroner.

Bildet viser en mann som bader i sjøen, i mars måned.
Verst før og godt etterpå, seier Martin Skagseth. Han er sjølv forskar, og melde seg som forsøksperson då Høgskulen på Vestlandet trong folk som frivillig ville bada i mars.

I sjøen er det fire grader. Martin har meldt seg frivillig for forskinga

— Ikkje meir???

Det er reaksjonen når kvinna får vita at ho berre har lege i det iskalde vatnet i 15 sekund.

Det er tidleg mars på Nordnes sjøbad i Bergen. Hit kjem menneske heilt frivillig for å testa badetemperaturen, i forskinga si teneste. Kvinna har gått ned badestigen og sett seg ned, med vatn til over skuldrane. Sola skin, men dei som står på land har både varm jakke og hanskar.

Det forskarane skal finna ut, er korleis høgintensitetstrening og sjøbad og badstove verkar på mellom anna blodtrykk og stressrespons.

— Me nyttar tre dagar for kvar deltakar: Ein dag der det vert gjort ei kroppsleg kartlegging, ein dag med høgintensitets intervalltrening på sykkel, og den siste dagen med sjøbad og badstove, seier Ann-Katrin (Anka) Grotle, prosjektleiar og førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.

For å finna testpersonar bestemte dei seg for å nytta sosiale media.

— Me hadde håpa å få tak i mellom ti og femten personar. No får me 23! Og berre det første døgeret hadde 240 personar klikka seg inn på innlegget, seier professor Hege R. Eriksen.

Brukar fritid

Vinterbading har teke landet som ei farsott. Det finst badebøker, badeklubbar, og sjølvsagt eige vinterbadeutstyr å få kjøpt. 

I forskingsprosjektet ville forskarane nytta friske personar mellom atten og femti år, som ikkje allereie var aktive vinterbadarar.

— Me har fått nokre kommentarar om at «eg ville vore med». Særleg blant kvinner frå førti til sytti verkar vinterbading å vera populært, seier Eriksen og smiler.

Bildet viser forskerne Hege Randi Eriksen og Ann-Katrin Grotle på Nordnes sjøbad i Bergen
Professor Hege R. Eriksen og førsteamanuensis Ann-Katrin Grotle, begge frå Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen på Vestlandet, utanfor HVL sin mobile testlab. Dei to forskarane ønskjer seg masterprogram i folkehelsearbeid i Bergen. — I dette prosjektet kunne fleire skrive masteroppgåver, seier Grotle.

Ho fortel at forskarane ikkje har brukt ei krone på annonsering. Innlegget spreidde seg, både frå Facebook og Instagram.

— Me vart veldig overvelda. Då me såg den store interessa, fann me ut at me berre måtte kasta oss rundt. No brukar me mykje av fritida vår på testinga, seier Grotle.

Totalt treng forskarane 58 testpersonar, så dei må gjera testinga i fleire rundar.

Studentmedarbeidarar

Martin Skagseth har fått elektrodar festa til kroppen. Han har allereie lagt lenge inne i Høgskulen på Vestlandet sin mobile testlab. Der har blodtrykk og hjartefrekvens vorte målt, og han har gjennomført ein stresstest som går ut på å ha handa i iskaldt vatn i to minutt.

No skal han sitja ti minutt i badstove med temperatur på 90 grader. Deretter skal han eitt minutt ut i den marskalde sjøen, før han på nytt skal inn i varmen.

— Eg er oppteken av stress, trening og forsking, seier Skagseth som forklaring på kvifor han melde seg til prosjektet.

41-åringen er sjølv forskar ved Norce, og fortel at han fekk opp annonsen på Facebook. Han har prøvd vinterbading eit par gongar, men driv ikkje med det på fast basis.

Bildet viser tre menn i en garderobe. Den ene er i badebukse med elektroder festet til kroppen
Studentane Simen Nordheim og Viljar Sjuve (med ryggen til) skal skriva bacheloroppgåve om prosjektet. Dei har ansvar for deltakarane når dei er i badstove og i sjøen.

Knappe fem grader er sjøtemperaturen denne dagen. Viljar Sjuve og Simen Nordheim har kontroll på både testpersonar og data. Dei er bachelorstudentar i folkehelsearbeid ved HVL.

— Denne våren skal me skriva bacheloroppgåve. Eg synest isbading og bruk av badstove er kult, og tok kontakt med Hege og Anka, seier Nordheim.

Han badar sjølv heile året, og fortel at då plar han vera uti i to minutt.

— Det er ein svakt aukande trend, med eigne badegrupper. Og alltid god stemning!

Sjuve badar ikkje om vinteren. Men studentane, som mellom anna målar temperatur, fuktigheit og puls hos deltakarane når dei sit i badstova, var med på prosjektet sin pilot.

— Kaldt, er Sjuve sin dom.

— Så kaldt at det var vondt?

— Ja.

Bildet viser en mann på vei ned en badetrapp til sjøen
På veg uti. Kor lenge er eitt minutt når ein har vondt, spør Martin Skagseth.

Ny runde i november

Martin Skagseth er ikkje heilt samd i det, sjølv om han seier at han merka godt at han gjekk ut i kaldt vatn. Ifølgje prosjektleiar Grotle skal temperaturen vera under ti grader, og helst mellom fire og sju.

— Ein får lyst til å gå opp igjen, og eg kjende at det var veldig til stades. Når beskjeden var eitt minutt, så skulle eg sitja eitt minutt. Men kor lenge er eitt minutt når ein har vondt, spør Skagseth.

Å ha handa i isvatn i to minutt, var verre, synest han. Då kjende han skikkeleg prikking. I sjøen var det meir ubehag enn smerte.

— Det var verst på førehand, og godt å koma inn i varm badstove etterpå.

Til hausten skal forskarane i gang med ein ny runde testing. Men truleg ikkje før i november, det må verta kaldt nok i vatnet. Og sjølv om dei tydeleg har treft eit eller anna, har Ann-Katrin Grotle likevel eit ønske før neste testrunde:

— Me ønskjer oss fleire menn!

Powered by Labrador CMS