Gjennomføring av mastergrad
Ingen kjem raskare i mål enn business-studentane
Masterstudentane på BI og NHH fullfører graden på normert tid langt oftare enn universitetsstudentane.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Etter statistikken å døme er det stor forskjell på kor raskt det går å få mastergraden i boks for norske studentar.
Tala viser at over 80 prosent (496 av 608) av Handelshøyskolen BI sine studentar på master gjennomførte graden på normert tid i 2019. Normert tid er normalt to år. På Noregs handelshøgskule, NHH, ligg dei hakk i hæl, med berre nokre få prosent lågare gjennomføringsgrad.
Jamt over brukar universitetsstudentane vesentleg lengre tid på å gjere seg ferdige med graden enn BI- og NHH-studentane.
Det er Norsk senter for forskingsdata – NSD – som fører oversikt over gjennomføringstakta til studentane.
Sosial integrering og «konteeksamen»
Rektor ved Handelshøyskolen BI, Inge Jan Henjesand, seier til Khrono at tala frå DBH/NSD er som forventa. Dei siste åra har fullføring på normert tid lege mellom 75 og 80 prosent.
— Gjennomføringsgraden til studentane er ein indikator på at vi har lykkast med å få studentane gjennom på normert tid med Master of Science of Business, som er eit krevjande studium, seier Henjesand.
Han peikar på sosial integrering, målorientering og karrierekurs ved studiestart som nøkkelfaktorarar for å få studentane gjennom graden.
— I tillegg har vi etablert konseptet «Back to school» i 2. semester etter det krevjande 1. semesteret, samt kontinuasjonseksamen i januar i dei tyngste faga frå 1. semester, seier Henjesand.
Nord i botnen — og på toppen
Færrast gjennomfører på normert tid ved Nord universitet. Der vart berre halvparten så mange som på BI, vel fire av ti, registrert ferdig til normert tid i 2019. Det er likevel ei betring frå 2018, då 34 prosent av studentane fullførte på tida, ifølgje tala som er innrapportert til NSDs database, DBH.
Nord kan samstundes trøyste seg med at dei har dei nest raskast arbeidande ph.d.-studentane i landet – og har auka farten på dette nivået meir enn nokon andre.
I den nordlege landsdelen ligg Noregs arktiske universitet – UiT betre an, halvparten nådde i fjor målet om å bli ferdig med mastergrad når dei etter malen skal.
NMBU flinkast
Universitetet i Oslo ligg på litt lågare nivå enn UiT, med 48 prosent som var ferdig med mastergrad til normert tid. Universitetet i Stavanger rapporterte 53 prosent. Både på OsloMet og Universitetet i Sørøst-Norge klarer litt under halvparten å levere masteren på normert tid.
Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) er flinkast i klassen blant universiteta når det gjeld gjennomstrøyminga på masternivå. Der fullfører 61 prosent på normert tid.
Tett på følgjer Universitetet i Bergen som landar på 60 prosent, eit tal som har vore relativt stabilt i åra frå 2011-2019.
NTNU har ein gjennomføringsprosent innan normert tid på 56 prosent, også der er endringane små dei siste åra.
På dei statlege høgskulane er gjennomføringsfarten høgst variabel. Studentane på Idrettshøgskolen er også ivrige på å nå målstrekeken, der var talet 65 prosent.
Dei som tar master ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Østfold ser ut til å vere dei som slit mest med å få fart på arbeidet. Begge stader klarer under ein av tre å kome i mål på normert tid.
Nyeste artikler
UiT planla underskudd etter andre tertial. Gikk solid i pluss
Spurte regjeringen om satsing på forskning
Student ble beskyldt for 85 prosent «mistenkelig likhet»
Gjør din plikt, krev din rett
Sikkerhetsloven er ikke vår eneste rettesnor
Mest lest
Dag O. Hessen innklaget til forskningsetisk utvalg
For fem år siden vant han nobelprisen. Nå er 13 av artiklene hans trukket
Om min «plagiering» og bruk av egen tekst
Ny rangering: Disse rektorene leder Nordens beste universiteter
Oppsagt forsker tapte rettssak mot UiO