Pandemi

Kan bli utfordrande å få vaksinert studentane

Når vaksinane blir klare, er studentane truleg spreidde over heile landet. — Det skjer kanskje i slutten av juni, seier utdanningsminister Henrik Asheim.

Slik vaksinasjonsplanen ser ut akkurat no, kan studentane håpe på immunitet til semesterstart hausten 2021. Men distribusjonen er utfordrande og noko Henrik Asheim no jobbar med å finne løysingar på.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Annonse

BLI VARSLET
OM SISTE NYTT

Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
-

Det er mange usikre moment kring vaksinasjonsplanar om dagen, men planen er at studentane skal møte haustsemesteret med immunitet i kroppen.

Slik rekkefølgja for vaksinering av befolkningsgruppene ser ut i dag, kan det likevel bli ei utfordring å få til.

— Vi arbeider med å finne ut korleis vi skal gjere dette, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim til Khrono.

Før eller etter semesterslutt

— Slik scenarioet er no, skjer det kanskje i slutten av juni. Nokon studentar er truleg reiste heim på dette tidspunktet, andre er kanskje framleis på lærestaden. Men vi skal finne ei løysing – som sjølvsagt også er avhengig av at vaksinane vi har sett for oss faktisk kjem, seier Asheim, som legg til at Kunnskapsdepartementet er i dialog med fagetatane om dette.

Ifølgje Folkehelseinsituttet (FHI) vil aldersgruppa dei fleste studentar er i stå for tur anten rett før eller like etter semesterslutt.

— Hovudregelen er at kommunene har ansvar for å tilby vaksinasjon til dei som oppheld seg i kommunen. Dette inkluderer studentane, sjølv om dei er folkeregistrerte i ein annan kommune, seier Preben Aavitsland, overlege ved FHI.

— Får tilbod uansett

Fleire faktorar påverkar når studentane kan rekne med stikk i armen, som smittetrykket i samfunnet generelt og presset på helsevesenet – og ikkje minst tilgangen på vaksinar.

— Vi skal sørge for å løyse denne utfordringa i god tid før det blir aktuelt. Alle studentane kan vere trygge på at dei skal få eit tilbod, uansett om dei på det aktuelle tidspunktet er på studiestaden eller heimstaden, seier Aavitsland.

Powered by Labrador CMS