ny statsråd

Karianne Tung: Me klarar ikkje å realisera potensialet utan akademia

Ho skulle gi seg med politikk. Men no er Karianne Tung tilbake, som statsråd innanfor eit felt ho ifølgje seg sjølv har vorte veldig glad i.

Seks år etter at ho takka nei til attval til Stortinget er Karianne Tung attende som toppolitikar i Oslo. Ein skal ha god råd for å seia nei når ein får moglegheit til å gjera ein skilnad innanfor eit felt ein har vorte glad i, seier ho.

Karianne Tung (Ap) skal leia eit nytt departement. Departementet er så nytt at det faktisk ikkje finst endå, så førebels er den ferske digitaliserings- og forvaltningsministeren stasjonert hos kommunal- og regionaldepartementet.

Ein treng eit eige digitaliserings- og forvaltningsdepartement fordi det er nokre politikkområde ein må ha endå meir merksemd kring i tida framover, meiner regjeringa.

— Auka bruk av teknologi og digitalisering påverkar kvardagen til kvar og ein av oss, men òg samfunnet som heilskap. Det gir enorme moglegheiter, men krev òg kunnskap, styring og regulering, sa statsminister Jonas Gahr Støre då endringa vart kjent.

— Digitalisering gir mange moglegheiter, og det kan gi oss eit enklare og betre liv, seier 39-åringen til Khrono.

Ho seier at noko av jobben hennar vert å samordna, slik at ein få meir politisk kraft.

Dei utfordrande sidene

Men digitalisering, og særleg det som handlar om kunstig intelligens (KI) kan òg skapa utfordringar. Torsdag fortalde NRK at ein del unge rett og slett er uroa over bruken av KI, og fryktar mellom anna at det skal føra til høgare poenggrenser i utdanning.

Ein viss skepsis er sunt, sa Tung til NRK, det viser at den kritiske tenkinga er der.

Men:

— Det ligg mange moglegheiter i bruk av kunstig intelligens. Men me skal vera ærlege på at det òg finst nokre utfordrande sider, som juks, personvern og etiske diskusjonar, seier ho til Khrono.

— Bør ein forby bruk av ChatGPT til eksamen og skulearbeid?

— Det er litt for tidleg for meg å snakka om eit forbod eller ikkje.

Erling Sande er ny kommunal- og distriktsminister. Førebels høyrer Karianne Tung (til høgre) heime i same departement, men digitalierings- og forvaltningsministeren skal leia eit eige, nytt departement etter kvart.

Meiner akademia vert avgjerande

Khrono har skrive om KI-milliarden, som statsminister Jonas Gahr Støre lova berre dagar før valet i september. Dei neste fem åra skal det brukast 200 millionar kroner i året på KI, og det er Forskingsrådet som skal fordela pengane. Heilt kor milliarden skal koma frå er ikkje klart, men forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp) har sagt til Khrono at satsinga i 2024 i hovudsak vil verta finansiert med prisjusteringsmidlar.

— KI-milliarden vert teken hand om av eit anna departement. Kor mykje KI-minister vert du?

— Det er naturleg for meg å snakka med alle statsrådar, og dette er ei viktig satsing, seier Tung.

— Kor viktig er akademia for KI-satsinga?

— Akademia vil få ei heilt avgjerande rolle. Det eine er forskinga på konsekvensar av KI, og her er KI-milliarden viktig. I tillegg er det breie forskingsfeltet viktig, seier Tung, og peikar på ordningar som Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og Senter for framifrå utdanning (SFF) og på utdanning innan kunstig intelligens.

— Me klarar ikkje å realisera potensialet til KI utan at akademia er tett på.

Var styreleiar

Eigentleg skulle Karianne Tung gi seg med politikk. Ho sat ein periode på Stortinget, og i 2020 snakka ho om årsakene til at ho gav seg med toppolitikk.

— Det var sjølvsagt mange grunnar til at eg valde å trekkja meg frå Stortinget. Eg hadde fått barn og hadde lyst til å gjera noko anna, men det var ei lette å sleppa å ta stilling til maktstrukturane og den seksuelle sjargongen, sa ho til Aftenposten.

I dei seks åra som har gått jobba ho først ved NTNU, og deretter har ho vore leiar for Trondheim Tech.

— Den arbeidserfaringa eg har fått, både frå NTNU og òg som styreleiar ved dåverande Høgskolen i Sør-Trøndelag, gjer at eg kjenner akademia. Denne erfaringa er gull verd no, seier Tung.

— Eg har fått med meg kva ein er samde om og ikkje, legg ho humrande til.

Styrevervet i NTNU Samfunnsforsk har ho kvitta seg med no, saman med dei andre styreverva ho hadde.

— Men hadde ikkje du gitt deg med politikk?

— Eg har alltid vore sosialdemokrat, og er oppteken av å laga eit samfunn som er godt for alle. Det var viktig for meg å gjera noko anna nokre år, men no får eg faktisk moglegheit til å gjera ein skilnad innanfor eit felt eg har vorte veldig glad i. Ein har god råd om ein seier nei til noko slikt.



Powered by Labrador CMS