Kina er høgt prioritert som samarbeidsland for Universitetet i Bergen. Her signerer UiB-rektor Dag Rune Olsen og OUC-president Yu Zhigang avtale om samarbeid i den kinesiske byen Qingdao i april 2018. Foto: UiB

Inviterer alle fagmiljø til Kina for å styrke samarbeidet

Kina. Universitetet i Bergen inviterer tilsette med på kinareise til hausten, og har bede fakulteta om ønskelister for turen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Bergen (UiB) satsar tungt på samarbeid med kinesiske forskings- og utdanningsinstitusjonar. Som omtalt i På Høyden og Khrono fornyar UiB avtalen med det omstridde Konfutse-instituttet. Som ledd i opptrappinga av kinasamarbeidet inviterer universitetet no alle sine fagmiljø til å bli med på ei delegasjonsreise til Kina i oktober.

I brev, som er sendt alle fakultet, inviterer universitetet fagmiljøa til å sende folk og komme med innspel til kva institusjonar dei ønskjer å besøke og kva samarbeid dei ser for seg å gå inn i eller arbeide vidare med. Reisa, som også rektoratet delvis skal vere med på, skal etter planen gå i oktober.

Det er ei nedanfrå og opp-tilnærming til å utvikle samarbeidet med Kina

Camilla Brautaset

Det er fagmiljøa sjølve om skal betale for reisene.

Følgjer med på Hong Kong

Planlegginga av den faglege delegasjonsreisa til Kina skjer samstundes med ein fortsatt spent og uavklart situasjon i Hong Kong. Der har studentar og akademikarar spelt ei sentral rolle i demonstrasjonane for demokrati og protestane mot leiarane i Beijing.

Viserektor Annelin Eriksen seier at UiB enno ikkje har diskutert situasjonen der i rektoratet eller gjort noko institusjonell vurdering knytt til samarbeidande universitet i Hong Kong.

— Men vi følgjer sjølvsagt med på utviklinga, seier Eriksen.

I april i fjor reiste 220 representantar for universitets- og høgskulesektoren på ei mykje omtalt delegasjonsreise til Kina i regi av Kunnskapsdepartementet. 27 av desse kom frå Universitetet i Bergen (UiB). Oktober same året reiste ein ny delegasjon der 26 representantar frå norske universitet og høgskular deltok.

Sidan har UiBs rektor, Dag Rune Olsen, vore på ei rad reiser til landet, for å knyte band og utvikle samarbeid. I oktober 2018 vart Olsen utnemd til æresdoktor ved Shandong universitet.

— Nedanfrå og opp

No ønskjer altså bergensarane å trekke fleire delar av fagmiljøa tettare inn i den tunge satsinga på Kina, og styrke dei som alt finst. UiB har som mål å vere leiande i forskingssamarbeid med Kina i Noreg, og har dette nedfelt i ein eigen strategiske handlingsplan.

Kor mange som skal reise er enno ikkje klart, ifølgje leiar for kompetanseutvalet for Kina-samarbeid, Camilla Brautaset.

— No gjer vi ei sondering for å finne ut kva fagmiljøa ser på som aktuelle satsingar, og for å få tilbakemeldingar på korleis vi som universitet kan støtte opp om det studentane meiner er viktig. Det er ei nedanfrå og opp-tilnærming til å utvikle samarbeidet med Kina, seier Brautaset, Kina-ekspert og professor i økonomisk historie.

Nordisk senter

Kompetanseutvalet har alt hatt møte med leiarane på alle fakulteta, og i løpet av august håper Brautaset at reiseplanar og deltakarlista er på plass. Frå forskingsadminstrativ avdeling ved UiB får På Høyden likevel opplyst at dette vil ta meir tid, og at ferdig opplegg neppe er klart før i oktober.

På tilbodslista til dei reisande står så langt ei utdanningsmesse, «European Education Fair» ved Fudan-universitetet i Shanghai. Der ligg det nordiske senteret, der UiB har sekretariatet. Viserektor for globale relasjonar, Annelin Eriksen, skal delta på rådsmøte der 22. oktober. Etter planen vil det bli besøk til Peking universitet, Renmin (RUC) og China University of Political Science and Law (CUPL) for deltakarane på reisa.

I invitasjonen til fakulteta på UiB blir det informert også om at Norway Asia Business Summit blir arrangert i Shanghai i det same tidsrommet.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS