– Ein blir møtt med denne stadige forventninga om at alle skal ta opp menneskerettar kvar gong ein reiser til Kina. Det er ei forventning eg har vanskeleg for å forstå, seier Bjørnar Borvik. Foto: Njord Svendsen

Borvik: Irrelevant å ta opp menneskerettar med Kina

Kina. For professor Bjørnar Borvik ved Universitetet i Bergen er det uaktuelt å ta opp menneskerettsbrot med kinesarane. — Den norske debatten er fattig på nyansar, seier han.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Professor Bjørnar Borvik ved Universitetet i Bergen står i spissen for programmet som rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, kallar det viktigaste arbeidet universitetet gjer for menneskerettar i Kina: Undervisninga i europeiske menneskerettar ved Renmin- og Shandong-universiteta.

Borvik seier han ønsker debatt om universitetssamarbeid med Kina – men han vil ha ein breiare debatt, skrive På Høyden.

Den norske Kina-debatten er svært fattig på nyansar. Den krinsar stort sett rundt eit fåtal personar som gir dei svara som journalistane er ute etter.

Bjørn Borvik

— Den norske Kina-debatten er svært fattig på nyansar. Den krinsar stort sett rundt eit fåtal personar som gir dei svara som journalistane er ute etter. Ei enkel tilnærming til komplekse problemstillingar er sjeldan særleg fruktbar, seier Borvik.

Nyleg tok leiar for Den norske uighurforeningen, Adiljan Abdurihim, til orde for at universitetsleiarar og akademikarar burde ta opp uigurane sin situasjon spesielt og overgrep og undertrykking generelt med kinesiske samarbeidspartnarar og styresmakter.

Dette har lite for seg, meiner menneskerettseksperten Bjørnar Borvik.

— Det vil i beste fall ha ein indremedisinsk effekt for hos her i Noreg, seier han.

Meir effektivt enn lesarinnlegg

Borvik er også leiar for Norsk senter for kinesisk rett ved UiB. Senteret koordinerer det ekspanderande Kina-samarbeidet på Det juridiske fakultet og har som mål å styrke kunnskapen om kinesisk rett i Noreg.

Satsinga heng tett saman med UiBs mål om bygge ut samarbeidet med kinesiske partnarar. Rektor Dag Rune Olsen har vore ein av dei fremste pådrivarane for universitetssamarbeid med Kina, og UiB er det einaste universitetet i Noreg med ein eigen Kina-strategi. Det er også det einaste universitetet som er med på å finansiere eit Konfutse-institutt.

Olsen er blitt skulda, mellom anna av Raftostiftelsen, for å ikkje ha ei tilstrekkeleg kritisk tilnærming til Kina-samarbeidet. Det var som svar på oppfordringane frå Den norske uighurkomiteen om å setje menneskerettar på dagsorden at Olsen viste til Borvik og undervisninga hans som det viktigaste menneskerettsarbeidet UiB driv i Kina.

FN la for kort tid sidan fram rapportar som dokumenterer at opptil ein million menneske frå uigurane, ein etnisk og religiøs minoritet, er blitt internerte i indoktrineringsleirar som kan likne reine fengsel. Menneskerettsorganisasjonar rapporterer også om ei markant innstramming av den akademiske fridomen i Kina.

Samstundes har, sidan 2015, 84 kinesiske studentar tatt eksamen i kurset Borvik held i Kina, «European civil and human rights», først ved Renmin, seinare også ved Shandong-universitetet. På kurset får dei kinesiske studentane ei grundig innføring i vestleg menneskerettstradisjon- og tenking.

– Eg trur dét er eit meir effektivt bidrag til den langsiktige samfunnsutviklinga i Kina enn å skrive to lesarinnlegg som det norske heimepublikumet vil nikke anerkjennande til, seier Borvik.

– Enkle tilnærmingar i Noreg

Trass i at han sjølv står på podiet i Kina og underviser i menneskerettar, ser Borvik ikkje poenget med at norske akademikarar skal ta opp konkrete overgrep og menneskerettsspørsmål med kollegaer i Kina.

– Ein blir møtt med denne stadige forventninga om at alle skal ta opp menneskerettar kvar gong ein reiser til Kina. Det er ei forventning eg har vanskeleg for å forstå. At ein forskar som samarbeider med kinesiske forskarar om klima eller hjernekreft, for eksempel, skal måtte gjere det, gjev ikkje meining. For dei fleste fakultet og forskarar er det uaktuelt og irrelevant å ta opp menneskerettar.

Professoren understrakar at dette likevel er eit val den enkelte forskar må ta.

Heller ikkje rektor, som leiar av universitet, bør ha noko plikt til å kritisere kinesiske menneskerettsforhold, meiner han.

— Det er veldig lett å peike på Kina og seie at Dag Rune Olsen skal gå ut og kritisere. Men desse litt enkle tilnærmingane her i Noreg, eit lite og konformt land som vi er, kjem vi ikkje nødvendigvis så langt med i ein svært annleis og kompleks stat med 1,4 milliardar innbyggarar. Det blir fort symbolpolitikk for heimebanen. Vi må hugse at vi i Europa har halde på veldig myke lenger for å utvikle eit system for menneskerettar og eit vern om dei.

Vil ikkje misbruke posisjonen

Borvik vil ha dialog, og unngår sjølv å kritisere kinesiske forhold når han er i Kina som undervisar på invitasjon frå kinesiske samarbeidspartnarar. Samtidig peikar han på at kinesiske styresmakter sjølvsagt er vel kjent med innhaldet i menneskerettane slik desse er utvikla i Europa og i FN-systemet.

— Eg møter kinesiske studentar, ikkje politikarar og andre i det kinesiske maktapparatet. Mi målsetting er å dele europeiske erfaringar når det gjeld vern av menneskerettane. Dette er impulsar og idear som studentane heilt sikkert tek med seg inn i kinesisk samfunns- og næringsliv, seier Borvik.

Han kjem ikkje til å ta opp uigurane sin situasjon eller konkrete overgrep som hender i Kina.

— Det ville vere misbruk av min posisjon om eg skulle bruke denne talarstolen til å påpeike og kritisere kinesiske brot på menneskerettane. Men eg brukar altså svært mykje tid på å snakke om det europeiske menneskerettsvernet når eg er i Kina, både med studentar og med forskarkollegaer.

Prestisjeuniversitet bryt med Kina

Ifølge menneskerettsorganisasjonar har styresmaktene i Kina stramma grepet om universiteta i seinare tid. I Hongkong står akkurat no jussprofessor Benny Tai og sosiologiprofessor Chan Kin-Man for retten, med påstand om sju års fengsel mot seg, for å ha stått i spissen for omfattande demonstrasjonar for demokrati i 2014.

Og nettopp Renmin og Shandong, universiteta juristane i Bergen samarbeider tett med, har vore i søkelyset:

I august vart Sun Wenguang, som har vore professor ved Shandong, arrestert av politi som braut seg inn i stova hans midt under eit telefonintervju på direktesendt TV. Rektor Dag Rune Olsen, som to månader etter vart tildelt æresprofessorat ved det same Shangdong, seier han ikkje kjenner saka.

Ved Renmin-universitetet vart, ifølgje Financial Times, 40 studentar arrestert på campus av opprørspoliti, i det som skal vere ein nasjonal kampanje for å slå ned på studentaktivisme. Studentane hadde demonstrert under sosialistiske faner til støtte for arbeidarrettar.

Det amerikanske prestisjeuniversitetet, Cornell University, har som ein direkte følgje av dette stansa to samarbeidsprogram med Renmin.

– Universitetet i Bergen må velje med utgangspunkt i dei erfaringane vi sjølv gjer oss. Det er ingen tvil om at det er veldig mange andre land det er enklare for UiB å samarbeide med. Samstundes ville det vere veldig spesielt om vi skulle avslutte samarbeidet. Kina opererer med 50-årsplanar for sine utdanningsinstitusjonar, og dei har enorme ambisjonar for internasjonal forsking på toppnivå, seier Borvik.

Trur på endring – på sikt

Professoren har tru på endring i Kina, også når det gjeld menneskerettsvernet.

— Eg trur statsapparatet forstår at det må endringar til, og mykje har skjedd i løpet av dei siste 70 åra. Samtidig må vi ikkje tape av syne at omsynet til stabilitet og harmoni står svært sterkt i den kinesiske kulturen. Raske endringar blir nok derfor sett på med skepsis, medan dei gradvise endringane over tid er meir i tråd med den kinesiske tenkemåten. I Vesten dyrkar vi usemja, og vi er atskilleg meir individorientert, seier han.

Borvik meiner det er eit poeng at det ikkje berre er i Kina at menneskerettar er under press – også i Europa ser vi alvorlege krenkingar av menneskerettane.

— For tida ser vi politisk initierte angrep på uavhengige domstolar. Mange har ei rolle å spele i arbeidet med å endre denne samfunnsutviklinga, også akademia, men politikarane må likevel spele ei nøkkelrolle.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS