Debatt ● kåre heggen
Lite informativt om effektar av regional høgre utdanning
Studiar av effektane av regionale utdanningstilbod må gjelde større regionar enn dei Torberg Falch opererer med, meiner Kåre Heggen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
I sitt innlegg i Khrono 9. juli hevdar Torberg Falch at eg i mitt svar til hans artikkel «tar en omvei om regioner». Akkurat det er vanskeleg å forstå når han i sin artikkel sår tvil om effekten av desentralisert utdanning, basert på sin eigen studie av regionar.
Men hans regionomgrep, med opptil 160 BA-regionar, nokre med berre 1-2 kommunar, er spesielt og lite brukbart i samband med utdanningsforsking.
Hans påstand om at desentralisert utdanning har lite regional betydning må sjåast i ein større samanheng. Gjennom mange tiår etter Ottosen-komiteen sine innstillingar har høgre utdanningstilbod blitt styrka i fylke og distrikt.
Eg påstår at Falch gjer eit metodisk/analytisk svært problematisk val ved å velje eit snevert regionomgrep i sin studie.
Studiar (m.a. min og Gythfeldt sin frå 2012-13) indikerer klart at dette har styrka rekrutteringa til høgre utdanning i eige distrikt, at svært mange av desse studentane er i arbeid i same fylke eller landsdel 5 år etter ferdig utdanning og at også mange som er rekruttert til utdanningane utanfrå også etablerer seg i studiefylke/landsdel.
Er det slik at Falch erkjenner desse effektane?
Fusjonsbølgja innan høgre utdanning siste tiåret har reist ein viss tvil om vidareføring av regionale utdanningstilbod når meir makt blir flytta til meir sentrale fagmiljø. Den nye regjeringa si erklæring om å halde oppe og styrke regionale utdanningstilbod, er ein viktig del av denne debatten.
Falch sin påstand om at «det har liten eller ingen betydning for om man blir værende i regionen man utdanner seg» må tolkast i relasjon til denne konteksten. Det kan nettopp tolkast som tvil om verdien av eksisterande regionale utdanningstilbod.
Eg påstår at Falch gjer eit metodisk/analytisk svært problematisk val ved å velje eit snevert regionomgrep i sin studie. Eg hevdar at det aldri har vore argument for etablering av høgre utdanningstilbod at dei primært skal sørgje for rekruttering (av lærarar og andre profesjonar) til den kommunen eller arbeidsregionen dei er etablert. Dei skal tene rekrutteringsbehov for større regionar (fylke eller landsdel).
Det er denne effekten etablerte utdanningstilbod i t.d. Stord, Sogndal og Volda har hatt. Eg saknar at Falch viser kvifor 160 BA-regionar er eit relevant analytisk grep for ein slik studie.
I sitt tilsvar til meg hevdar Falch at det trengst meir oppdaterte studiar av utdanning sin regionale effekt. Akkurat dette kan vi vere samde om. Vi treng nye og grundige studiar av straumane av nye studentar til dei ulike utdanningstilboda, og vidare til ulike arbeidsmarknadsregionar. Og då må det gjelde større regionar enn dei Falch opererer med.
Nylige artikler
Tore Midtvedt (1934 — 2025)
Navnene til mange tusen fagfeller på avveie. Noen har fått truende meldinger
Mener KI-utvalg overser rettslig problem
Skal teknologien få overta vurderingsarbeidet?
Store endringer for BIs flaggskip. Skal halvere antall studenter
Mest leste artikler
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
Benedikte Moltumyr Høgberg er Årets navn i akademia
Svarer «langsom professor»: — Ikke mulig å drive toppforskning med norsk arbeidsmoral
Forskningsrådet endrer vurderingskritierier og innfører ny karakterskala