Det er ikkje nødvendigvis eit gode at alle norske barn skal læra å spela blokkfløyte, seier fløytist og førstelektor emerita Rigmor Davidsen Titt.

Rigmor Davidsen Titt har vore tilsett ved lærarutdanninga i Bergen sidan 1973, men vart nyleg pensjonist. Ho har lært mange, mange studentar korleis dei skal læra skulebarn å spela blokkfløyte.

Lyd og ulyd

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

47 år og tre månader, seier Rigmor Davidsen Titt stolt.

Så lenge var ho tilsett ved først Bergen lærerhøgskole, så Høgskolen i Bergen og til sist Høgskulen på Vestlandet.

No viser ho veg inn på eit lite kontor på Kronstad i Bergen. Hit måtte ho flytta inn då ho vart førstelektor emerita i haust.

For sjølv om Titt har fått eit sjutal først i alderen, jobbar ho framleis. Ho forskar på blokkfløyta si historie i den norske skulen.

— Blokkfløyte er eit kjempestort kapittel i norsk skulehistorie, men det er skrive lite om det. Litt urettvist, smiler Titt.

Var obligatorisk

På kontoret har ho både ei stor bassfløyte, ei altfløyte og fleire sopranfløyter. Det er sistenemnde som var og er i bruk i norske skular.

Men blokkfløyta er nok ikkje så mykje i bruk lenger. Frå 1960-85 var det derimot obligatorisk. Kanskje var det då det gjekk gale?

— Det har vorte drive veldig mykje bra blokkfløyteundervisning – men òg veldig mykje dårleg, seier Titt.

— Blokkfløyte er eit vanskeleg instrument, og når 25-30 elevar skal spela saman, kan det verta ufatteleg stygt. Viss ein ikkje veit kva ein skal gjera, er hundre og eitt ute.

25-30 elevar skal spela saman, kan det verta ufatteleg stygt. Viss ein ikkje veit kva ein skal gjera, er hundre og eitt ute.

Rigmor Davidsen Titt

Men kva var det så som gjorde at nokon meinte at dette instrumentet skulle inn i den norske skulen?

Titt fortel at ein hadde faget «sang» i folkeskulen. Dette var eit svært upopulært fag i mellomkrigstida, viste det seg når ein i fleire store undersøkingar spurte elevane på mellomtrinnet.

— Både lærarane og elevane hata det, fortel emeritaa.

Nokre lærarar begynte å sjå til utlandet for nyskaping. Andre land, særleg Tyskland, hadde teke i bruk blokkfløyte. Carl Orrf var komponist og musikkpedagog, og vart særleg kjent for nettopp blokkfløyta i bruk saman med stavspela. Rudolf Steinerskolen hadde òg brukt blokkfløyte heilt frå 1920-talet. Og utover 1950-talet vart blokkfløyta kjempepopulær i Noreg, og venner danna mellom anna eigne blokkfløytegrupper.

Må vita kva ein gjer

Debatten kring sangundervisninga gjekk i Norsk skuleblad på 1930-talet, og Titt fortel at frontane var steile. Men då det kom forsøksplan for niårig skule i 1960, hadde faget «sang» vorte til «musikk», og blokkfløyte var obligatorisk – seinast frå tredje klasse.

Men lærarane kunne ikkje nødvendigvis sjølve spela blokkfløyte. Titt fortel om då ho var på rikskonsertturné, og møtte ein svært entusiastisk lærar: Det går så fint, sa vedkomande, eg berre ligg ei lekse framfor elevane!

Fløytisten ristar på hovudet. For sjølv om blokkfløyta er lita og lett å ta med seg, rimeleg i innkjøp og lett å få lyd i, er det slett ikkje lett å få fin lyd.

Ho demonstrerer kva som skjer dersom ein bles forsiktig, og kva som skjer dersom ein brukar meir luft: Tonen endrar seg. Til dels mykje.

— Difor må ein læra elevane å spela svakt, og lytta til kvarandre, og i staden for at elevane vil spela ekstra sterkt for å høyra seg sjølv når dei spelar saman med andre, må ein heller læra dei at dei skal spela svakt og gli inn i ein heilskap- då høyrer dei ikkje at dei spelar feil, seier Titt.

— Dersom ein veit kva ein gjer, er blokkfløyta eit supert instrument. Men ein må skunda seg langsamt. Dei første lærarane fekk inga rettleiing om korleis ein skulle undervisa.

Først blokkfløyte, så noko krevjande...

Å lesa den gamle læreplanen frå 1960-talet, er ganske interessant. For det første er lista over kva musikkompetanse elevane skal tileigna seg, lang. For det andre er det tydeleg at blokkfløyta langt nede på rangsstigen: Det står at lærarane vil oppdaga kva elevar som har talent for å kunne gå over til eit meir krevjande instrument, som klaver, fiolin og klarinett. Ein periode var det òg vanleg at ein måtte læra seg å spela blokkfløyte før ein fekk byrja i eit skulekorps - på eit anna instrument.

Det finst ein heil blokkfløytefamilie. Sopranfløyta til høgre er den ein kjenner, og er stemt i c - same som eit piano. Den ved sidan av er ei altfløyte, stemt i f. I tillegg finst det tenorfløyte, som er litt større enn altfløyta, og bassfløyte.

— Eg øvde på ingen måte mindre enn medstudentane mine, seier Titt tørt.

Ho vart uteksaminert frå Bergen musikkonservatorium på nettopp blokkfløyte, og har òg tverrfløyte som hovudinstrument.

Men då det kom ny læreplan i 1985, var det ikkje nemnt noko om blokkfløyte. Ikkje noko om andre instrument heller, for den saks skuld. Det vart opp til den einskilde læraren om vedkomande ville gi opplæring på blokkfløyte eller ikkje. Det synest Titt er bra.

Det var framleis mange elevar på både 1980-talet og 1990-talet som lærte blokkfløyte. Truleg er det færre i dag. Khrono har leita etter ein blokkløytespelande klasse til denne saka, utan stort hell.

— Me nyttar melodika i staden, var tilbakemeldinga frå ein av skulane.

Få, enkle midlar

Men Titt sine studentar har lært å spela blokkfløyte. Dei har lært barokkfløyte, som liknar den svarte og kvite ein kanskje hugsar frå skulen. Men denne er ei profesjonell fløyte, som har eit anna grepsystem som gir langt betre intonasjon.

— Eg plar spørja nye studentar om nokon av dei spelar noko instrument. Det er det alltid. Men når eg spør om dei har spelt blokkfløyte, vert det alltid latter - og det same svaret:«Det tel ikkje, for det var tvang!», fortel Titt.

Ho har lært studentane det ho kallar meiningsfull blokkfløyteundervisning: Å få blokkfløyte inn i ein heilskap, saman med andre instrument.

— Ein kan laga musikk av få, enkle midlar. Når ein spelar saman med andre øver ein seg på å lytta, seier Titt.

— Har blokkfløyta fått eit ufortent dårleg rykte?

— Ja, det synest eg. Det skuldast nok mykje uforstand, seier Titt.

Powered by Labrador CMS