eksamen

Mange må ha eksamen på ein laurdag, studentleiarar reagerer

Både i Bergen og Trondheim må studentar bruka laurdagar til eksamen denne hausten. Norsk studentorganisasjon oppmodar utdanningsinstitusjonane til å finna andre løysingar.

Eksamen går ikkje lenger berre føre seg med penn og papir. Ikkje alle stader er det lagt til rette for digital eksamen, og det gjer at det er større press på dei lokala ein har. I tillegg er det fleire emne som går tilbake til tradisjonell saleksamen.
Publisert Oppdatert

Ved Universitetet i Bergen er det meir enn tusen studentar som denne hausten må ha eksamen på ein laurdag. Det skriv Studvest.

Årsaka er at det er fleire studentar på emne med saleksamen dette semesteret.

— Me planla salkapasitet for omlag same nivå som i 2019. Men me fekk behov for fleire plassar på saleksamen enn det prognosane sa, skriv prorektor Pinar Heggernes i ein epost til Studvest.

Det er særleg emne ved Det humanistiske fakultetet som må ha eksamen ein eller fleire av dei tre første laurdagane i advent.

Fleire enn vanleg ved NTNU

Også ved NTNU er det eksamen på laurdagar. Allereie i vår skreiv Universitetsavisa at det vert lagt opp til laurdagseksamen. Dette skuldast tilgang på rom der ein kan gjennomføra digital eksamen.

— Me køyrer doble skift for å ha nok kapasitet til å gjennomføra alle digitale eksamenar, sa prorektor for utdanning, Marit Reitan, i juni.

Ho sa at at vanlegvis vert dette gjort måndag til torsdag, men at planen var å òg gjera det fredag og laurdag i haustsemesteret.

No stadfestar kommunikasjonsavdelinga ved NTNU til Khrono at det vert slik. Seks dagar i veka vert det to skift, eit om morgonen og eit om ettermiddagen, for å få avvikla digital eksamen for alle som skal ha saleksamen.

Får ikkje jobba

— Du får ikkje helg i det heile tatt, seier student Åsta Marie Myren til Studvest.

Hennar emnekombinasjon gjer at ho får eksamen fleire laurdagar på rad denne hausten.

Bekymringsfullt, seier NSO-leiar Maika Marie Godal Dam om at fleire studentar må bruka laurdagar til skuleeksamen.

Og nettopp moglegheita for studentane å få nokre dagar utan planlagt aktivitet på universitet eller høgskule er viktig, synest Norsk studentorganisasjon (NSO).

— Me ønskjer at utdanningsinstitusjonane prøver å unngå eksamen i helgene, og oppmodar dei til å leita etter andre løysingar. Det har ein klart tidlegare, seier NSO-leiar Maika Marie Godal Dam til Khrono.

Ho seier at alle treng tider i løpet av ei veke der ein kan ha ro.

— Når ein utvidar eksamensperioden til laurdag eller søndag tek ein vekk denne roa. I tillegg er det slik at mange studentar har deltidsjobb, og for mange er det i helgene ein jobbar.

Aksel Haukom, leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (UiB) er samd med Dam, og seier til Studvest at parlamentet jobbar aktivt for at studentane skal ha så fredelege ettermiddagar og lørdagar som mogleg.

Powered by Labrador CMS