Frå Dolph Lundgren til Camilla Stoltenberg. I ein mannsalder har Fulbright-programmet løfta studentar og forskarar. Men no blir grunnleggaren viska ut.

J. William Fulbright leia utanrikskomiteen i Sentatet i 24 år. Bildet er frå 1971, då han starta ei garnsking hemmelege dokument om Vietnam-krigen (Pentagon Papers).

Mannen som ikkje må nemnast

Publisert Oppdatert

Han var talsmann for fred og forsoning. Sterk motstandar av Vietnam-krigen. I klinsj med kommunistjegeren McCarthy. Han var president Kennedys favoritt til utanriksministerstolen. Ein progressiv intellektuell, ein internasjonalist.

James William Fulbright (1905-1995).

I 78 år har utvekslingsprogrammet som ber namnet hans gitt opna karrieredører for forskarar og studentar i 160 land. Nær 5000 nordmenn er blant dei, mange av dei prominente forskarar og leiarar i dag.

Fulbrightprogrammet har fostra statsleiarar i 40 land. 61 nobelprisvinnarar. 75 mottakarar av Pulitzer-prisen.

«Eg beundra han. Eg likte han».

Det var tidlegare president Bill Clintons attest, då han i 2002 heldt ein tale ved Universitetet i Arkansas, staten dei begge kom ifrå. Ein statue skulle avdukast ved institusjonen der Fulbright ein gong var rektor.

Likevel.

Fakta

Fulbrightprogrammet

  • 25. mai er det 75 år sidan Fulbright-programmet kom til Noreg. 
  • Fulbright Noreg gir kvart år ca. 45 stipend innan alle fagområde til norske studentar og forskarar, og 30-35 stipend til amerikanarar.
  • Finansiert av Noreg (70 prosent) og USA (30 prosent) 
  • Det erklærte målet er å gjennom utdanning og utveksling «styrke gjensidig forståing og støtte vennskapelege og fredelege relasjonar mellom folk i USA og folk i andre land».
  • Ca. 160 land har utvekslingsavtalar med USA gjennom programmet. 
  • På verdsbasis har meir enn 370.000 mottatt stipend, blant dei mange nobelprisvinnararar og statsleiarar.

På Fulbrightprogrammets eigne amerikanske nettsider er han viska ut. Då det amerikanske Fulbrightprogrammet i 2021 skulle feire 75 år, var det tett mellom dei prominente gjestane — men eitt namn vart aldri nemnt i festtalane: Fulbright, grunnleggaren.

Fulbright var ein forkjempar for fred og brorskap over landegrensene. 

Men han stemte også for å halde på rasistiske lover.

«I det stille legg Fulbrightprogrammet si eiga historie i grava», heiter det i ein artikkel i Chronicle of Higher Education, ei avis som dekker kunnskapssektoren i USA. Bak ligg ei forteljing frå dei mørkare kapitla i amerikansk historie og samfunnsliv.

Frå Fayetteville til Oxford

Utgangspunktet var privilegert. 

Faren var velståande forretningsmann, mora journalist i familieeigd avis. Med oppvekst i sørstatane, Fayetteville, Arkansas, USA — var det likevel ikkje skrive i stjernene at James William Fulbright skulle bli ein av dei mest markante og progressive amerikanske utanrikspolitikarane i etterkrigstida.

Det var nettopp eit utvekslingsprogram som vart kimen og staka ut kursen for den unge Fulbright.

20 år gammal reiste han til universitetet i Oxford med stipend frå Rhodes scholarship i lomma — programmet som er kalla opp etter Cecil Rhodes, den britisk-sørafrikanske politikaren og imperialisten. Det var her, innimellom øktene med rugby og lacrosse, i spagaten mellom Arkansas og Oxford, i midten av eit kultursjokk, at visjonen tok form:

Utdanning og personlege møter mellom menneske på tvers av landegrenser måtte bli resepten for å bygge ned fiendskap og politiske motsetnader mellom land og folk. 

Utdanning, kunnskap og empati var motgifta mot konflikt og ideologiske konfrontasjonar. Med Fulbrights eigne ord — «turning nations into people».

På 1930-talet kom han tilbake til heimstaten. Og etter nokre år med undervisning på det juridiske fakultetet, tok han som 34-åring steget opp som den øvste leiaren ved Universitetet i Arkansas, den yngste som nokon gong hadde hatt ei slik stilling i USA.

Det varte ikkje lenge før ein politisk strid, som involverte mor hans, førte til at han mista jobben på universitetet. Det vart opptakta til ei politisk løpebane der ideane han hadde med seg frå Oxford skulle få utvikle seg. I 1942 vart han valt inn i den amerikanske Kongressen på demokratane si side. 

Der vart han sitjande fram til 1974.

Med den tunge akademiske ballasten skilde han seg ut i senatorklubben, han var ein som ikkje passa heilt inn, full av paradoks. Sober intellektuell og sørstatsmann. Internasjonalist i eit isolasjonistisk miljø. 

Tysdag 20. februar 1962. President John F. Kennedy (nr. 2 frå høgre) i ein lystig augneblink med kongressmenn frå Arkansas. J.W. Fulbright (nærast til venstre for Kennedy) låg an til å bli utanriksminister, men motstanden hans mot å oppheve segregasjonslover førte truleg til at det ikkje skjedde.

Senator i Vietnam-strid

I politikken — han var i 24 år leiar for utanrikskomiteen i Senatet — er det særleg kritikken mot USAs krigføring i Vietnam som sette spor (Den unge Bill Clinton arbeidde ei tid for Fulbright i utanrikskomiteens administrasjon).

Frå 1966 til 1971 leia Fulbright det som er blitt kalla Fulbright-høyringane i Senatet. Der stod han hardt på kravet om at USA måtte trekke seg ut. Debattane, kritikken og vitnesbyrda som kom fram i høyringane var med på å tippe opinionen imot krigen. 

Ein av dei som vitna var John Kerry, seinare utanriksminister i Barack Obamas regjering.

I talar, og i boka «The Arrogance of Power», som kom i 1966, tok Fulbright posisjonen som anti-imperialist og fredsforkjempar, og gjekk til åtak på det amerikanske militære og stormaktspolitikken.

I 1954 stemte han, som einaste senator, imot å forlenge mandatet til Joseph McCarthys etterforsking, eller heksejakt, på kommunistar og innbilte kommunistar.

På eit tidspunkt skal han ha vore øvst på John F. Kennedys ønskeliste som utanriksminister.

Då var Fulbrightprogrammet for lengst blitt etablert. 

Fulbright ville at programmet skulle bli eit verktøy for å motverke kreftene han meinte hadde ført til den nyleg avslutta verdskrigen: nasjonalisme og framandfrykt.

Forslaget om å etablere eit utvekslingsprogram kom på bordet kort tid etter at han vart valt til senator første gong. Det vart lagt fram i kamuflert form, som eit tillegg til ei lov frå 1944. Lovtillegget sørga for at inntektene frå sal av militært overskotsmateriell utanfor USA gjekk inn i programfondet.

I 1946 signerte dåverande president Harry S. Truman lova som opna vegen for programmet.

Noreg kom med i 1949, som det 11. landet i rekka.

Stoltenbergs stipend

— Programmet har betydd veldig mykje for utviklinga av norsk forsking, reklamerer Petter Næss, avtroppande direktør i Fulbright Norway.

Blant meir eller mindre kjende namn som har vore på utveksling gjennom Fulbright-programmet er statsvitar og tidlegare statsråd Gudmund Hernes, samfunnsøkonomen Alexander Cappelen på Noregs handelshøgskole (NHH), tidlegare direktør i Forskingsrådet John-Arne Røttingen, juristen Sofie Høgestøl og filosofen Aksel Braanen Sterri.

Og Camilla Stoltenberg, mest kjend som direktør i Folkehelseinstituttet under pandemien, i dag direktør i Norce.

Camilla Stoltenberg var Fulbright-stipendiat i California i 1982. Ho er i dag direktør for forskingsinstituttet Norce.

I 1982 var ho midt i medisinstudiet, hadde oppdaga faget medisinsk antropologi og fekk stipend for å reise og studere nettopp det, på Berkeley-universitetet i California.

— Kort tid etter at eg kom dit, skjedde massakrane i Sabra og Shatila i Libanon, fortel Stoltenberg.

Fleire hundre, kanskje fleire tusen, palestinske flyktningar vart drepne då kristne falangistar gjekk til åtak, med israelske styrkar som passive tilskodarar.

— Eg hugsar eg såg oppslaget frå New York Times henge på veggen der eg budde. Eg blei kjent med mange libanesarar, og mange andre. Ein jøde frå Syria var også i den same gruppa. Møtet med menneske frå Midt-Austen med ulike bakgrunnar, som var der som venner, sjølv om dei ofte var djupt ueinige, gjorde stort inntrykk, fortel Stoltenberg.

Slik sett stupte ho nærast rett inn Fulbrightprogrammets formålsparagraf.

— Om programmet har bidratt til fred, er vanskeleg for meg å vurdere. Men at det er ei fantastisk ordning som har betydd enormt mykje, det er eg ikkje i tvil om. Eg har tenkt på dette etter angrepet frå Hamas og krigen i Gaza, seier ho.

Stoltenberg er også ein av dei som har knytt livslange faglege band til USA gjennom Fulbright-utveksling.

— Eg kom nettopp igjen derifrå. I alle år som forskar har eg hatt samarbeidspartnarar og nettverk i USA, seier ho.

— Og så trefte eg den norske mannen min der. Og vi er framleis gift!

5000 frå Noreg

Avtalen vart signert i Oslo, 25. mai 1949. Det overordna målet formulert i avtalen var å «fremje ytterlegare gjensidig forståing mellom folk i USA og Noreg».

Sidan den tid har nærare 5000 reist til amerikanske universitet frå Noreg. Om lag 1700 har kome frå USA til Noreg.

I år er endå ei gruppe norske mottakarar av stipendet sendt til USA og nokre av dei mest prominente universiteta for å jobbe med master- og doktorgradar i filosofi og medisin, psykologi og matematikk. Tilbake får Noreg amerikanarar som er interesserte i å studere, forske og undervise her.

Fulbright-avtalen blir underteikna 25. mai 1949 av ambassaderåd Henry S.Villard. Tilskodarar er Mrs. Margaret Hicks Williams, utanriksminister Halvard Lange (til høgre bak) og ståtsråd Lars Moen.

I 1949, med den kalde krigen i emning, vart avtalen frå eit anna hald stempla som ein fordekt propagandaoperasjon i regi av amerikanarane. 

Ikkje lenge etter at avtalen var signert stod ein artikkel omsett frå det sovjetiske magasinet Novoje Vremja på trykk i Friheten, organet til Det norske kommunistiske parti. Der vart avtalen stempla som ein amerikansk propagandaoperasjon.

I forskingsmiljøa vart samarbeidet tatt imot med glede. 

På denne tida fanst det to universitet i Noreg, det i Oslo, og det heilt nye i Bergen. Verdien av å få studentar og akademikarar frå stader som Yale og Harvard var utan tvil stor.

Sjølvtilliten, særleg i Bergen, var likevel tilstrekkeleg til at ein meinte at også amerikanarane burde få noko igjen for samarbeidet. Den framståande botanikaren Knut Fægri (1909—2001) kunne slå fast at amerikansk pollenanalyse var på eit «relatively primitive level».

Soft Power

— Eg vil nyansere ideen om at det berre var rein internasjonalisme som låg til grunn. USA var vinnar av krig. Der var ein klar nasjonalistisk undertone, seier Joan Dassin, tidlegare Fulbright-stipendiat, no professor og ekspert på utdanningshistorie ved Brandeis University i Massachusetts.

Ho meiner Fulbrightprogrammet også er eit instrument for å utøve såkalla mjuk makt, på engelsk «soft power». 

— Utlendingar skulle komme for å ta til seg vår kultur. Men amerikanarar skulle også spreie vår kultur i andre land. Vi må sjå programmet i samanheng med etablering av andre multilaterale institusjonar på denne tida, som Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet, seier ho i eit BBC-program om Fulbright og utdanningsprogrammet.

Petter Næss, Fulbright-direktøren i Noreg, meiner Fulbrightprogrammet skil seg ut nettopp ved å ikkje vere eit instrument for «soft power».

— Det er ulikt alle andre lands utvekslingsprogram, inkludert norske. For Fulbright var det sentrale at amerikanarane skulle forstå korleis andre tenker. Det er ein viktig forskjell frå andre program der målet er å få andre til å tenke som ein sjølv, seier Næss.

Næss kjenner godt til «den andre» Fulbright. Det er det mange andre som ikkje gjer.

Fulbright var imot og stemte imot oppheving av raseskilje, seinast i 1964 og 1965 (Civil Rights Act og Voting Rights Act). Han var motstandar av å avskaffe segregering i skule og utdanning.

«Rasistisk symbol»

«I love this program», sa utanriksminister Anthony blinken i si helsing frå talarstolen, då 75-årsjubileet til Fulbrightprogrammet vart feira med høge glas i Washington D.C. i 2021. 

Den historiske grunnleggaren, mannen og senatoren Fulbright, stod ikkje på programmet. Han var blitt mannen som ikkje må nemnast.

Eit PR-byrå skal ifølgje Chronicle of Higher Education ha gitt råd til Fulbright-styret om ikkje å fokusere på historia, ettersom det ikkje blir tatt godt imot hos generasjon Z (dei unge).

Det var berre eit års tid sidan studentar hadde demonstrert på universitet i Arkansas, og ikkje berre der, over heile verda. Borgarrettsrørsla hadde fått ein renessanse, ein avleggar, som gjekk under namnet Black Lives Matter.

I Arkansas marsjerte 120 studentar og forlangte at Fulbright-statuen, som Bill Clinton avduka i 2002, måtte fjernast. «Alle rasistiske symbol og statuer må fjernast frå Universitetet i Arkansas,»uttalte ein av aksjonistane. 

Drapet på George Floyd (og andre politidrap på svarte) sette fyr på rasismedebatten, også i Noreg. 

James Fulbright stemte i mot oppheving av raseskiljelovene og segregering i skulane. Det berømte bildet viser Elisabeth Eckford som bli trakassert på veg mot inngangen til Central High School i Little Rock, Arkansas, 4. september 1957. Vakter frå Nasjonalgarden hindra henne i å sleppe inn på skulen.

Studentar i Arkansas stilte spørsmål, krav. Kvifor skulle dei måtte passere ein rasist på sokkel på veg til forelesing? Ein som stod for ein politikk som ville ha gjort det umogleg for dei å i det heile tatt studere på universitet.

Universitetsleiinga nedsette ein komité for å undersøke den rasistiske arven og sjå på tiltak.

Var Fulbright rasist?

«Slik han såg det var svarte han kjende ikkje likeverdige med kvite (…)», skriv forfattar og biograf, professor Randall B. Woods ved Universitetet i Arkansas.

Når Khrono tar kontakt, vil han derimot ikkje bruke ordet rasist om Fulbright. Han seier også at synet på svarte som mindreverdige var noko Fulbright la bak seg på 1940- og 50-talet.

— Fordommane hans var retta mot dei utan utdanning og ignorantar, seier Woods.

Sjølv forklarte senatoren seg seinare med at det var eit taktisk val: Hadde han stemt annleis ville han ikkje blitt attvald.

Unnlatingssynd

— Dersom ein fjernar Fulbright, slettar han frå programmet, fryktar eg at babyen blir skylt ut med badevatnet. Ein går glipp av heile hans visjon og fredstanke, som på mange måtar er radikal og progressiv, seier Næss, som sjølv hadde store delar av oppveksten i USA.

Næss peikar blant anna på kritikken mot Vietnam-krigen og militarisme generelt. Han minner også om at Fulbright vart nominert til Nobels fredspris, mellom anna av dei norske statsvitarkjempane Stein Rokkan og Henry Valen.

— Men dei var nok klar over den problematiske sida av historia hans, og var kanskje derfor nøye med å nominere programmet og ikkje personen.

Fulbrights motstand mot å gi avkall på raseskiljepolitikken i sørstatane var truleg grunnen til at han ikkje kunne bli Kennedys utanriksminister.

Næss hadde sjølv ikkje høve til å vere på feiringa i Washington i 2021. Men før han no snart går av med pensjon, har han i 2024 feira og markert 75 år for Fulbright-programmet i Noreg.

Næss kjem med ei tilståing.

Petter Næss, avtroppande direktør for Fulbright Norway, voks opp i USA og engasjerte seg tidleg i fredsaktivisme. Han beklagar at dei mørke sidene ved Fulbright ikkje har kome godt nok fram.

På dei norske nettsidene til Fulbrightprogrammet er det idealisten det har handla om. Ein visjonær og fredselskande utanrikspolitikar. Ingenting om raseskilje, om Fulbrights støtte til segregering og undertrykking av svarte i sørstatane.

— Det har vore ei unnlatingssynd frå vår side, heilt klart ein mangel seier Næss.

Etter intervjuet med Khrono har Næss endra teksten som omtalar Fulbright på nettsidene. No er også den andre delen av Fulbrights historie tatt med.

— Vi har dei siste 10—15 åra sett eit veksande medvit kring einauga «monumentalisering» av historiske personlegdomar. Det er eit fornuftig og rimeleg krav, at dersom nokon blir plassert på pidestall, skal dei også kontekstualiserast.

Kanskje kan det vere noko å lære også av dei sidene vi tar avstand ifrå, meiner Næss.

— Når det gjeld rasismen hans, er den meir samansett og vanskeleg å begripe enn det ein kan formidle med ein enkel disclaimer. Det kunne vere meir interessant å spørje korleis Fulbright kunne vere så opptatt av «seeing the world as others see it» internasjonalt, og samstundes vere så blind på heimebane. Er det noko vi kan lære av, seier Næss.

Universitetet i Arkansas let ikkje Fulbright-statuen falle. 

I staden konkluderte komiteen som leiinga hadde nedsett med å flytte monumentet og gi det ei mindre framståande plassering. I tillegg har informasjon om skuggesidene, kontekst, blitt festa til statuen.

Frå stipend til Rocky 4

Kor kjem Dolph Lundgren inn bildet?

Ein kveld, på ein nattklubb der han jobba som dørvakt, møtte han modellen og popstjerna Grace Jones.

Det balla på seg.

Den svenske muskelmannen er mest kjent som han som kjempar mot Sylvester Stallone i Rocky 4 frå 1985, i rolla som den sovjetiske boksaren Ivan Drago. Han var først ein skuleflink, allergiplaga gut med draumar om Amerika, og talent for karate.

Denne kombinasjonen førte til at han kapra eit Fulbright-stipend for å ta doktorgrad i kjemi ved MIT (Massachusetts Institute of Technology). Men Dolph kom ikkje så langt. 

Skodespelar Dolph Lundgren var Fulbright-stipendiat på MIT i 1983. Då han innleia eit forhold til popstjerna og sexsymbolet Grace Jones, bestemte han seg for å droppe ei lovande akademiske karriere. Bildet er frå ein premiere i 2018.

Lundgren har i eit intervju fortalt korleis han ein dag, då han kom køyrande med motorsykkelen sin inn på campus, bestemte seg for å droppe universitetet.

— Professorane ventar på stjernestudenten frå Sverige. I staden ser dei meg passere utanfor vindauget med Grace Jones sitjande bakpå, kledd i svart lær frå topp til tå.

Dei populærkulturelle digresjonane Fulbrightprogrammet skulle føre til, kunne opphavsmannen knapt ha førestilt seg. Heller ikkje at ein komite på universitetet han ein gong var rektor for skulle hekte rasisme på ettermælet hans.

«Aren’t you the woman who was recently given a Fulbright?», song Paul Simon på plata Graceland i 1986, og i refrenget, «I know what I know».

«Ah, hell», ville kanskje Fulbright svart, slik han gjorde då han på sine gamle dagar var spurt om å summere opp livsverket. «I just wanted to educate these goddam ignorant Americans».

 

Powered by Labrador CMS