profesjonsutdanning

Måtte ut med 13.000 i husleige då ho hadde praksis

Elise Knapskog måtte bruka oppsparte midlar for å dekka husleige då ho hadde praksis. Utdanningsinstitusjonar meiner Lånekassen bør administrera ei ordning med stipend som kan dekka ekstra bu- og reiseutgifter.

Elise Knapskog fylte 21 midtvegs i praksisperioden. Det gjorde at det i tillegg til auka husleige, brått vart dyrare for sjukepleiestudenten å reisa kollektivt.

Å ha praksis langt unna campus kan gi studentane store ekstra kostnader. No meiner Høgskulen på Vestlandet (HVL) at ein bør ha ei eiga stipendordning gjennom Lånekassen for studentar som skal i praksis og som får ekstra bu- og reisekostnadar.

— I dag er det mange studentar som ber om å få praksis nær campus. Men me veit allereie at rekruttering til distrikta, både når det gjeld til dømes lærarar og sjukepleiarar, er krevjande. Di fleire studentar som kan ha praksis i distrikt, di betre kan me sikra rekruttering til distrikt, seier prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal, til Khrono.

Måtte betala alt på ein gong

— Det hadde vore godt å vita at ein ikkje måtte legga ut sjølv, seier sjukepleiestudent Elise Knapskog.

21-åringen studerer sjukepleie på Stord, og hadde i vår praksis på sjukehuset i Odda. Det er i same helseføretak, men så langt unna at dagpendling ikkje er mogleg.

— Eg skulle betala 8500 kroner i husleige for to månader i Odda. Denne summen måtte eg betala i éin omgang. I tillegg betalar eg 4400 i månaden på Stord, seier Knapskog.

Det vart altså nær 13.000 kroner til bustad som måtte betalast ut på éin gong. I tillegg kom auka reiseutgifter.

— Fram til praksisperioden jobba eg kvar tredje helg på ein sjukeheim, så eg hadde kunna spara opp pengar. Eg visste at eg kunne få praksis utanfor Stord kommune, seier Knapskog.

Ho leverte rekning til HVL etter praksisperioden, og seier det tok kort tid før ho fekk pengane tilbake.

— Men kor gratis er utdanninga når ein sjølv må legga ut først, spør ho.

No ventar tre nye praksisperiodar før ho er ferdig utdanna sjukepleiar. Den første startar neste veke, og då skal ho vera på Stord. Men kor ho hamnar dei to siste, veit ho ikkje.

— Eg kan hamna på plassar som gjer at eg må bu ein annan plass under praksisperioden. Det får eg vita fire veker på førehand. 

Rekruttering

HVL har i dag praksisavtale med 52 kommunar, og innanfor dei eit stort tal praksisplassar i skular, barnehagar og ulike helse- og sosialtenester. Høgskulen har fem campusar og strekkjer seg frå Haugesund i sør til Førde i nord. 

Naustdal seier at HVL ønskjer å bruka heile det geografiske nedslagsfeltet til praksisstudiar.

— Alle institusjonane som har studentar i praksis, har ordningar for refusjon av utgifter knytt til bustad der ein har praksis. I dag er makssummen kvar månad 6000 kroner for studentar ved HVL. Med det er me blant dei som refunderer mest, seier Naustdal.

Men studentane må sjølve først legga ut, og fram til i fjor har dei òg sjølve betalt eventuelle depositum. No har høgskulen utvikla eit system der studenten kan søkja om depositumsgaranti og forskotsbetaling av husleige frå HVL. Men det er ressurskrevjande å administrera ordninga.

— Det burde vore ei betre finansiering for studentar som har praksis. Me veit at mange studentar har helgejobb, men med den ordninga som er i dag, får dei berre dekka reise til praksisplassen når dei skal byrja i praksis og heimreise når perioden er over, seier Naustdal.

— Praksisplassane i distriktet er gode praksisplassar, og dei er viktige for rekrutteringa. Fleire av dei studia som no slit med å trekkja til seg studentar, er studium med mykje praksis, seier Naustdal.

HVL brukar mykje ressursar på å organisera tilbakebetaling til studentar som skal ha dekka ekstra buutgifter i samband med praksis. Prorektor Anne-Grethe Naustdal vil ha ei nasjonal ordning under Lånekassen.

Gratisprinsipp

— Nokre synest det er spanande å ha praksis langt unna campus. Men det er mange som ber om tilrettelagt praksis, seier Henrik Haug.

Han leiar studenttinget ved HVL, og peikar på gratisprinsippet når han skal forklara kvifor han meiner det er viktig å få på plass ei ordning gjennom Lånekassen.

— I dag er det institusjonane sjølve som bestemmer korleis dei skal løysa finansieringa av kostnader knytt til praksis, og det er store skilnader. HVL er relativt gode her, men heller ikkje dei dekkjer alt, seier Haug.

— Kor mykje bør ein student få i månaden i praksisstipend?

— Dersom Lånekassen er dei som organiserer ei slik ordning, kan det vera mogleg å tilpassa. Eg veit ikkje om 6000 i månaden er nok, seier Haug, og legg til:

— Mange må vekk frå heimkommunen for å ha praksis. Men praksis skal ikkje føra til økonomisk tapp eller usikkerheit for studentane.

Støtte frå Nord

Om HVL dekkjer eit stort område, er området Nord universitet sender studentar til, endå meir langstrekt. Universitetet har sjukepleieutdanning i Bodø, Levanger, Mo i Rana og Namsos, og i tillegg eit samlingsbasert tilbod i Vesterålen. Grunnskulelærarutdanning har dei i Bodø og Levanger, og eit samlingsbasert tilbod på Nesna. Også barnevernspedagogstudentar og sosionomstudentar skal ut i praksis.

— Me har kortare eller lengre praksisperiodar ved alle fakultet, seier prorektor for utdanning, Levi Gårseth-Nesbakk, til Khrono.

Dei ulike fakulteta har kvar sine avtalar om praksis, med mange kommunar. Som HVL opplever Nord universitet at mange studentar ønskjer å ha praksis nær campus. Det er ikkje alltid så enkelt å få til, seier prorektoren.

Barnevernsstudentar kan måtta reisa til Vestvågøy i nord, eller til Stjørdal i sør. Det er krav om at praksis i hovudsak er i kommunalt barnevern eller ved barneversinstitusjon, og når mange kommunar er små og ikkje kan ta imot store grupper av praksisstudentar, må universitetet spreia dei over eit stort område.

Også sosionomstudentar kan måtta reisa langt. Dei ulike fakulteta dekkjer utgifter til bustad. Om lag 5000 kroner i månaden kan studentane få refundert.

— Nord universitet har i brev til utdannings- og forskingskomiteen argumentert for ei nasjonal ordning for bu- og reisetilskot. Det er mykje ressursbruk for dei einskilde institusjonane med ordningar for refusjon i dag, så det hadde vore mykje betre med ei nasjonal ordning, seier Gårseth-Nesbakk.

— Kor viktig er praksis for rekruttering?

— Praksis er viktig for studentane, det er noko dei ser fram til, og eg trur korleis dei har det i praksis, har noko å seia for både om dei fullfører utdanninga dei har starta på, og for kva som vert karrierevegen deira. Eiga røynsle som tilsett ved Handelshøgskolen viser at fleire av studentane fekk jobb der dei hadde praksis.

Vil ha statsråden på bana

Forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp) var hos HVL i Førde i haust. Då fekk ho eit brev frå HVL som handlar nettopp om finansiering av praksisopphald. Der heiter det at «støtte til dekking av kostnader til praksisopphald utanom studiestaden, bør primært løysast gjennom kjente og profesjonelle kanalar for studiestøtte — slik Statens Lånekasse for utdanning er. Vi vil då få einsarta, transparente og etablerte system for utbetaling av støtte».

Vidare heiter det at dersom utdanningsinstitusjonane sjølve skal administrera og dekka desse kostnadene, bør det etablerast faste ordningar og økonomiske overføringar til institusjonar som nyttar mange praksisplassar i distrikta. Overføringane må også dekke administrative kostnader.

I samband med revidert nasjonalbudsjett våren 2023 vart det gitt pengar til stipend for studentar i praksis. Dette skal dekka reise til og bustad langt unna studiestaden.

— Me treng fleire folk som kan jobba i helse- og sosialtenester over heile landet. me har auka kapasiteten på sjukepleieutdanningane, men tilgangen på nok praksisplassar er ein flaskehals, sa dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

– Å ta imot studentar i praksis er ein av dei viktigaste arenaene for framtidig rekruttering. Det er gjort undersøkingar som viser at studentar som blir eksponerte for praksis i distrikta aukar sjansane for å ta arbeid i distriktet i framtida, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch.

Noverande forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch skriv i ein e-post til Khrono at ordninga med bu- og reisestøtte i dag er organisert slik at universitet og høgskular som tilbyr helse- og sosialfagutdanning, kan melda inn behov til HK-dir for å dekka utgifter til bustad og reise til studentar som er i praksis langt unna campus. Midlane blir fordelte på grunnlag av søknadene HK-dir får frå institusjonane.

— HVL føreslår at ei ordning skal ligga hos Lånekassen. Kva tenkjer departementet om det?

— Lånekassen sine ordningar skal vera universelle og passa for studentar i alle fagretningar, uavhengig av kvar i Noreg ein bur. Gjennom Lånekassen får studentar i Noreg eit generelt bidrag til livsopphald, framfor å få dekt konkrete utgifter. Lånekassen har ikkje kompetansen til å ta faglege vurderingar om kva behov som finst basert på kva utdanning ein tek og ei ny ordning i Lånekassen som krev denne typen kompetanse kan gå ut over kapasiteten Lånekassen har til å forvalta ordningane som finst i dag, svarar Borch.

Statsråden seier at knappheit på praksisplassar er ei utfordring for kapasiteten i helse- og sosialfagsutdanningar.

— Difor er ordninga for bu- og reisestøtte ei utruleg god ordning som har fått stor effekt for praksis i heile Norge, og me er sjølvsagt opne for korleis me kan gjera ordninga endå betre.

Powered by Labrador CMS