vindturbinar

Mattilsynet stoppar norsk deltaking: Vert nekta å forska på trekkfugl

Forskarar frå 17 land samarbeider om eit stort forskingsprosjekt på trekkfugl. Men dei norske forskarane får ikkje vera med. Saka er allereie klaga inn for første klageinstans.

Førsteamanuensis Hans Erik Karlsen forskar eigentleg mest på fisk, og er styrar ved Biologisk stasjon i Drøbak.
Publisert Oppdatert

Korleis vert trekkfuglane sitt ruteval og evne til overleving påverka av vindturbinar?

Det er eitt av mange spørsmål forskarane i ICARUS blackbird-porsjektet ønskjer svar på. Ved å festa små sendarar på ryggen til svarttrast, vil ein kunne sjå nøyaktig korleis fuglane flyg.

Forskarar frå 17 EU-land deltek i prosjektet. Men førsteamanuensis Hans Erik Karlsen frå Institutt for biovitskap ved Universitetet i Oslo (UiO) og kollegaene hans ved fuglestasjonane Store Færder, Jomfruland og Lista får ikkje vera med. Mattilsynet har sagt nei.

— Dersom ein skal forska på dyr, må ein senda ein søknad til Mattilsynet. Det er første gongen eg har opplevd å få nei, seier Karlsen.

Mattilsynet i Noreg meiner at forskingsprosjektet vil vera «sterkt belastande» for fuglane som skal vera med. Det er Karlsen ikkje samd i. Og EU, som har godkjent søknad frå dei andre forskarane, meiner òg at prosjektet må plasserast i kategorien «lett belastande».

Slik ser sendaren som skal festast på trasten ut per i dag. Frå hausten vert han endå mindre.

Advokat: Ikkje lov med strengare reglar

Noreg kan ikkje ha strengare reglar enn EU og EØS, det er ikkje lov, seier Karlsen sin advokat Dag Sørlie Lund.

EU sitt forsøksdirektiv er implementert i norsk forsøksdyrforskrift, vart vedteke innlemma i EØS-avtalen 12.mai 2015 og vart gjeldande frå 1. juli same år.

— Ein kan ha strengare reglar dersom ein hadde det før ein gitt dato. Det hadde ikkje Noreg. Og dersom ein hadde hatt det, er regelen at det skulle vore meldt inn til EFTAs overvåkingsorgan, seier Lund.

Karlsen forklarar at dei nemnde fuglestasjonane i Noreg har hatt eit anna forskingsprosjekt på fugl. Då har ein fått festa ørsmå radiosendarar til fjøra til fuglane. Desse sender ut signal med jamne mellomrom. Signala vert fanga opp, men berre dersom fuglane er innanfor ein radius av tre mil unna næraste basestasjon.

— Ein må altså ha ganske tett med slike stasjonar for at ein skal kunne fanga opp signala. Men med ein satelittsendar kopla til den internasjonale romstasjonen ISS, vert det heilt annleis. Då får ein signal frå fuglane fortløpande og i sanntid, seier Karlsen.

Sendaren det er snakk om å festa på fugalane veg i dag fire gram. Denne skal festast med ein liten sele.

— For oss var det ei fjør i hatten å verta invitert med i dette store prosjektet, som er leia av det kjende Max Planck-instituttet i Tyskland . Me søkte om endring i det pågåande prosjektet, men fekk nei, seier Karlsen oppgitt.

Svarttrast er ein av fleire norske trastefuglar. Fuglen er omlag hundre gram tung.

Statsråden uttalte seg om klagesak

Han har klaga saka inn til Mattilsynet sentralt. Deretter kan saka hamna hos Statsforvaltaren, og deretter eventuelt i landbruks- og matdepartementet.

Det siste er kritisk, meiner advokat Lund.

I mars kommenterte nemleg landbruks- og matminister Sandra Borch saka i Stortinget. Venstre-politikar Ingvild Wetrhus Thorsvik stilte spørsmålet om statsråden ville ta grep for at Noreg samkøyrer praksis med øvrige europeiske land knytta til felles regelverk for selemonterte sporingsmekanismar på fugl. Thorsvik viste til at norsk praksis no er strengare enn i andre land.

«Forsøksdyrregelverket tolkes altså litt forskjellig i ulike land. Dette kan skyldes ulik vektlegging av hensynet til dyrevelferd opp mot formålet med forsøket. Mattilsynet mener at vår tolking og håndheving av forsøksdyrregelverket ligger trygt innenfor de rammene som forsøksdyrdirektivet og den norske dyrevelferdsloven setter. Jeg støtter denne vurderingen», svarte Borch.

— Borch nøyer seg ikkje med å svara på spørsmålet, noko ho kunne gjort ved å stadfesta eller avkrefta at ein skulle ta grepa det er spurt om. I staden kjem det ei utgreiing om ei pågåande sak i Mattilsynet, seier Lund.

Ikkje hos ESA

— Det Borch seier er ei erkjenning av at Noreg bryt EØS-avtalen, seier advokaten vidare.

Han peikar òg på direkte konsekvensar for forskarar:

— Dersom dei ikkje kan vera med i forskingsprosjekt som dette, kan dei gå glipp av eksterne forskingsmidlar.

I klagen, som no er til handsaming, skriv Karlsen at skilnaden i forvaltningspraksis mellom Noreg og EU ikkje kan verta større enn han er i denne saka. Han peikar på konkrete konsekvensar: Prosjektleiaren, Dr. Jesco Partecke, er tilsett i Tyskland.

— Dersom han skulle ta ei forskarstilling i Noreg, ville han oppleva at Mattilsynet seier nei til søknadane hans om sendarar og loggarar på fuglar, altså forsøksmetodar han har arbeidd med i meir enn ti år, skriv Karlsen, og vidare:

«Mattilsynet hindrer gjennom sin svært mye strengere forvaltning av forsøksdyrlovgivningen enn i EU, fri flyt av arbeidskraft, norsk naturforvaltning tilgang til avgjørende ny teknologi, og den hindrer ikke minst norske forskeres deltagelse i viktige internasjonale forskningsprosjekter».

Khrono har vore i kontakt med ESA, EFTA sitt kontrollorgan som fører tilsyn med at EØS-avtalen vert gjennomført og etterlevd. ESA opplyser til Khrono at dei ikkje har vorte kontakta om denne saka.

Vil ha ei grunngiving

Karlsen peikar òg på at Mattilsynet skal syta føre at søknaden om godkjenning vert vurdert av personar med særskilt kompetanse innan det vitskapelege fagområdet som er relevant for forsøket.

— Det er ikkje gjort her. Sendaren veg fire gram, og ny teknologi som vert teke i bruk seinare i år gjer at han vil vega tre gram. «Køyreregelen» er at måleinstrument ein festar på fuglen ikkje bør vega meir enn fire prosent av kroppsvekta til fuglen. Ein svartttrast veg omlag hundre gram, seier Karlsen.

Han vil òg senda brev til Landbruks- og matdepartementet og bede om ei grunngiving av statsråden sine svar, mellom anna om Mattilsynet har lovheimel for ein strengare praksis enn EU.

Såg blinkande lys

— Kvifor vil ikkje politikarane ha kunnskapen denne forskinga kan gi, spør advokat Lund retorisk.

Karlsen seier at både han, naturforvaltninga og fuglenoreg er svært nyfikne på om vindturbinar kan blokkera for viktige trekkvegar. Karlsen jobbar som frivillig på Store Færder ornitologiske stasjon, og skildrar i dagboka der kva han opplevde på vakt ein dag i vår:

«Det var en deilig utedag, men utover kvelden ble de røde, blinkende varsellysene på toppen av vindturbinanleggene langs svenskekysten mer og mer synlige. Vår synssans er utviklet slik at vi nesten refleksmessig trekkes mot brå endringer i den perifere delen av synsfeltet. Vår oppmerksomhet ble dermed svært ofte trukket mot de etter hvert «hersens» blinkende lysene. Vi var flere mil unna, så hvordan oppleves da dette av de som bor nærmere og ikke minst av trekkfugler, hekkende sjøfugler og andre dyr».

— I den varsla storsatsinga på vindturbinar til havs og langs kysten av Noreg og Europa er det særs viktig med gode konskevensutgreiingar i forhold til næringssøk hos sjøfuglar og hovudrutene til små og større trekkfuglar. Då må forskarar og forvaltninga ha tilgang til avgjerande ny og relevant teknologi, og Noreg må ikkje verta stengt ute frå denne utviklinga, understrekar førsteamanuensen.

Hans Erik Karlsen er oppteken av at det trengs gode konsekvensutgreiingar, og at Noreg ikkje må verta stengt ute frå utviklinga.

Vil ikkje uttala seg

Mattilsynet skriv i ein epost til Khrono at klagesaka er til handsaming hos Klagesakseininga i Mattilsynet, og at dei reknar med at klagen er ferdig handsama i sommar.

— I og med at saka ikkje er avgjort, kan me ikkje uttala oss om faglege spørsmål før klagen er ferdighandsama, skriv pressevakt hos Mattilsynet.

Khrono har òg sendt spørsmål til Landbruks- og matdepartementet. Om den norske handsaminga er i strid med EØS-regelverket eller kva som er problematisk med forskingsprosjektet, svarar departementet ikkje på. Dei svarar heller ikkje på kva konsekvensar det får for vidare handsaming at Borch no har uttalt seg.

«Statsråd Sandra Borch har gitt et svar til Stortinget på et overordnet nivå, og svaret redegjør for prinsippene som ligger til grunn for regelverk om forsøksdyr. Det utvikles stadig nye metoder som gir bedre dyrevelferd, og der de er tilgjengelig sier direktivet at disse skal velges», skriv departementet si presseteneste.

Powered by Labrador CMS