dyreforsøk

Vil ha forsking utan å bruka forskingsdyr

Forsøksdyrkomiteen ønskjer ein nullvisjon for bruk av dyr i forsking. Nobelprisvinnar Edvard Moser meiner det ikkje er mogleg.

Her vert mus testa i fysisk aktivitet. Forsøksdyrkomiteen ønskjer at ein ikkje lenger skal bruka dyr i forsking.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Forsøksdyrkomiteen ønskjer ein overgang frå forskingsmetodar der ein nyttar forsøksdyr, til forsking der ein ikkje nyttar dyreforsøk. Det skriv komiteen i eit brev til landbruksminister Olaub Bollestad, skriv Universitetsavisa.

Forsøksdyrkomiteen - Nasjonal komité for beskyttelse av forsøksdyr, vart oppnemnd av landbruks- og matdepartementet våren 2019. Mattilsynet har sekretariatsfunksjon for komiteen, som er leia av Havforskingsinstituttet sin forskar Tore S. Kristiansen.

– Forsøksdyrkomitéen ser eit stort og uutnytta potensial for å erstatta, redusera og forbetra bruken av forsøksdyr i Noreg, seier Kristiansen.

Viser til Nederland

Forskingsdyrkomiteen jobbar med ein uttale, og Kristiansen skriv i ein epost til UA at han ikkje vil seia så mykje før denne er klar.

– Me må kartlegga potensialet for ein overgang til forsøksdyrfri forsking og utforma realistiske og ambisiøse målsetjingar om denne overgangen der det er mogleg, seier Kristiansen.

Han viser til at ein i Noreg har både meir forsking på fisk og på ville dyr enn andre, og seier òg at ein tilsvarande komité i Nederland allereie har teke til orde for å fasa ut dyreforsøk.

I brevet heiter det at «En slik nullvisjon for bruk av forsøksdyr er i samsvar med direktiv 2010/63/EU (forsøksdyrdirektivet), som er implementert i forskrift om forsøk med dyr (forsøksdyrforskriften). Prosessen vil kreve samhandling og innspill fra forskningsmiljøet, samfunnet og fra politisk hold. Komitéen ønsker derfor å informere ministeren om den kommende uttalelsen som vil inkludere våre anbefalinger for en slik prosess».

Moser: Ikkje mogleg

I 2018 vart Dei nasjonale, forskingetiske komiteane sine etiske retninglinjer for bruk av dyr i forsking vedtekne. Der heiter det at forskaren har ansvar for å finna ut om det finst alternativ til dyreforsøk. Viss ja, er det desse metodane som skal nyttast. Retningslinjene fekk skryt frå dyrevernorganisasjonar då dei var på høyring, medan tilbakemeldingane frå universiteta ikkje var så positive.

Nobelprisvinnar Edvard Moser er professor ved NTNU. Han seier til UA at det ikkje er mogleg å kutta all bruk av dyreforsøk, men seier samstundes at ein brukar fleire datamodellar enn før.

– Innanfor enkelte forskingsområde vil ein truleg sjå ei utvikling der modellar gradvis kan erstatta fyr i forskinga. Men når det gjeld forsking på komplekse system, til dømes høgare hjernefunksjonar og hjernesjukdommar som rammar desse, er det berre levande organismar som kan vil kunne gi oss nyttige svar, seier Moser.

Han meiner dyreforsøk er den einaste måten ein fullt ut kan forstå hjernen og kroppen på, og at å fasa dyreforsøk heilt ut vil koma i konflikt med folkehelseomsyn.

— Ein må testa ut behandling på menneske og dyr før ein kan ta henne i bruk, seier Moser.

800 i året

Mattilsynet får om lag 800 søknader kvart år om å nytta dyr i forsking.

Avdelingssjef Ole Aamodt i Mattilsynet seier til UA at talet på søknader er stabilt, og at tilsynet, saman med søkjarane, prøver å få ned talet på brukte forsøksdyr til eit minimum.

– Forsøksdyrfri forsking vil vera avhengig av internasjonalt forpliktande politiske vedtak og endringar i regelverket. Me søttar arbeidet for å redusera bruken av forsøksdyr og arbeider for at metodar for forsøksdyrfri forsking skal vinna fram, skriv Aamodt i ein epost.

Powered by Labrador CMS