Vi vil jobbe vidare for at OsloMet skal vere ein trygg arbeidsplass for alle, der kvar einskild føler seg trygg til å melde i frå om negative opplevingar, skriv direktør Tore Hansen og hovedverneombod Marthe Eikum-Tang. Foto: Siri Øverland Eriksen

Terskelen for å seie i frå om uønskt seksuell trakassering må framleis senkast

#metoo. Vi vil jobbe vidare for at kvar einskild ved OsloMet føler seg trygg til å melde i frå om negative opplevingar, og at desse tilbakemeldingane skal handterast på ein god måte., skriv hovedverneombud og direktør ved OsloMet.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I fjor på denne tida skreiv vi ein kronikk her, om at vi på dåverande HiOA ønska å senke terskelen for å seie i frå om uønskt seksuell merksemd for studentar og tilsette. Vi hadde få registrerte saker om negativ seksuell merksemd og seksuell trakassering. Vi ønska å få fram om det var mørketal, at det var negative opplevingar som det ikkje vert sagt frå om. Vi signaliserte at dette ville vere fokus framover. Fjoråret var internasjonalt eit år prega av merksemd rundt nettopp seksuell trakassering. #Metoo kampanjen var på det varmaste og dei aller fleste av oss fekk eit nytt bilde på omfanget av den seksuelle trakasseringa som finns, også i jobbsamanheng.

Vi veit ikkje kva som gjer at medarbeidarane våre ikkje seier i frå om negative opplevingar og vi kan ikkje gå og spørje. For vi veit ikkje kven dei er.

Marthe Eikum-Tang og Tore Hansen

Vi opplever at det er eit før og eit etter #metoo, og OsloMet ynskjer å aktivt bidra til at våre tilsette skal føle seg trygge på jobb. Vi ynskjer at terskelen for å melde i frå skal senkast, at dei som opplever negative hendingar seier i frå om det og at vi handterer dei meldingane vi får på ein god og trygg måte. Dette er ei kulturendring som vi jobbar med på fleire måtar ved OsloMet.

I årets medarbeidarundersøking var det tatt inn spørsmål som dreia seg om trakassering. Desse spørsmåla var ikkje ein del av den ordinære undersøkinga, men eit vedheng. Det betyr at ingen av talla kan koplast mot fakultet eller avdelingar, at det er vanskeleg å konkretisere kven det gjeld eller kor dei jobbar. Denne delen av undersøkinga har Khrono tidlegare omtalt.

Sjølv om vi skulle ynskje at det både var færre, faktisk ingen, som hadde opplevd trakassering på jobb, så er ikkje røynda slik. I følge medarbeidarundersøkinga er det fleire som har negative opplevingar med uønskt seksuell merksemd på jobb, her hos oss. Få av dei som i undersøkinga seier at dei har opplevd seksuell trakassering, om den er fysisk eller verbal, har meldt frå om dette. Det viser at sjølv med eit tydeleg uttalt mål frå OsloMet om å ha fokus på seksuell trakassering og nulltoleranse for denne type oppførsel, så er ikkje det nok.

Vi veit ikkje kva som gjer at medarbeidarane våre ikkje seier i frå om negative opplevingar og vi kan ikkje gå og spørje. For vi veit ikkje kven dei er. Kanskje er ein usikker på om saka er stor nok, at det er alvorleg nok til å melde i frå? Om det er tilfelle ynskjer vi å presisere at terskelen må ligge lågt. Det er den som opplever å bli utsett for krenkinga som bestemmer. Som det står i likestillings- og diskrimineringsloven, § 13: «Med seksuell trakassering menes enhver form for uønsket seksuell oppmerksomhet som har som formål eller virkning å være krenkende, skremmende, fiendtlig, nedverdigende, ydmykende eller plagsom.» Ved at dei som opplever trakassering, og dei som opplever at andre vert utsatt for det melder i frå, kan vi bli betre. Då kan vi jobbe med kulturen vår og kunne håndtere og forebygge på ein god måte.

Leiarar, verneombod og HR-medarbeidarane ved OsloMet har etterkvart god kompetanse og er trygge på saksgang, slik at dei kan møte dei som melder frå om ubehagelege og uønskte hendingar på ein god måte. Dette må vi klare å signalisere tydeleg. Vi må fortsette med å jobbe førebyggande. I løpet av det siste året har vi opparbeida god intern kompetanse, i tillegg til å ha eit godt samarbeid med blant anna likestilling og diskrimineringsombodet og arbeidstilsynet, som tilbyr kurs i førebygging og handtering av seksuell trakassering. Vi jobbar med etiske retningslinjer for tilsette, og vi har gjennomgått varslingsrutinane ved institusjonen med mål om å gjere desse enklare og meir tilgjengelige. Likevel ser vi at det er vanskeleg å seie i frå, og det er kanskje her vi må bli tydelegare på at vi ønsker å vite; fordi vi ønsker å bli betre.

Vi vil jobbe vidare for at OsloMet skal vere ein trygg arbeidsplass for alle, der kvar einskild føler seg trygg til å melde i frå om negative opplevingar, og at desse tilbakemeldingane skal handterast på ein god måte. Vi gjentar bodskapen frå i fjor om at terskelen for å seie i frå må senkast.

Vi har alle eit ansvar for å bidra inn i arbeidsmiljøet vårt, men det er arbeidsgivar sitt ansvar å å legge til rette slik at arbeidsmiljøet er godt og trygt. Då er det viktig at vi har kartleggingar som kan seie noko om korleis vi har det på jobb; også om det som kan vere uheldig og negativt. Berre ved å kartlegge, analysere og endre, kan vi bli betre.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS