uavhengig avis
Meiner akademia får forbausande lite merksemd i media
Allmennmedia har vigd kunnskapssektoren forbausande lite merksemd, meiner Khrono sin nye styreleiar Leif Ove Larsen. — Khrono løftar sektoren sine saker til ei breiare offentlegheit, seier han.
— Dersom Khrono trykkjer noko eg ikkje er samd i, vil eg absolutt ikkje ringja redaktøren.
Leif Ove Larsen humrar.
— Det redaksjonelle er redaktøren sitt ansvar. Styret skal sjå til at Khrono vert drive etter vedtektene og at det er god økonomistyring, seier han vidare.
1. januar var ikkje Khrono lenger ein del av Universitetet i Bergen og OsloMet. Fram til årsskiftet var redaksjonen tilsett ved desse to universiteta, men no er Khrono organisert som foreining med eige styre. Framleis er det elleve høgare utdanningsinstitusjonar som eig og finansierer avisa.
Larsen, som er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen, er ny styreleiar.
— Ein har solide eigarar som sikrar noverande finansiering i tre år. Det er eit privilegium i medieverda, som elles er sterkt utsett gjennom svingingar i konjunkturane, seier Larsen.
Meiner sektoren vert løfta
Khrono har bygd seg opp og har no ein god posisjon, seier Larsen.
— Avisa har god, sakleg og påliteleg journalistikk.
Styreleiaren peikar på at avisa spring ut frå internaviser ved universiteta (UiB og Oslomet, journ.anm).
— Khrono har vorte ei nasjonal plattform som vert lesen og kommentert, og som løftar sektoren sine saker til ei breiare offentlegheit, seier han.
For akademia burde vore meir framme òg hos allmennmedia, meiner medievitaren. Han peikar på at kunnskapssektoren har 300.000 studentar, at Kunnskapsdepartementet forvaltar eit milliardbudsjett og at det ligg klare politiske forventningar om at forskingsmiljøa skal vera med på å løysa dei store samfunnsutfordringane.
— Allmennmedia har vigd kunnskapssektoren forbausande lite merksemd — med unntak av når det er personskandalar, seier Larsen.
— Khrono kan visa til vekst i lesartal. Kor går vegen vidare?
— Eg har ikkje møtt det nye styret endå, så eg kan ikkje svara på vegner av dei. Men ein viktig jobb for styret vil verta å utvikla ein strategi for nye, uavhengige Khrono. Det vert ei spanande utfordring, og sjølv er eg overtydd om at Khrono har potensial til styrke sin posisjon som nasjonal avis for kunnskapssektoren. Me har eit godt grunnlag å bygga på.
Tverrfagleg dialog i tverrfagleg bygg
Professoren og journalisten har strengt teke berre gått ned nokre etasjar kvar. Kaffibaren i Media City Bergen (MCB) er ein mykje brukt treffstad for dei som jobbar i dei totalt tre tårna.
Leif Ove Larsen kjenner MCB betre enn dei fleste. Han var sentral i utviklinga av det som tidvis vert kalla mediegrenda, og i fjor fekk han Christieprisen for arbeidet sitt med å legga til rette for samarbeid mellom akademia og næringsliv.
Han kan snakka lenge om bygget og prosjektet, og fortel stolt at mediemiljø frå heile Europa kjem for å sjå kva ein har fått til i Bergen. Her lever medieverksemder, medieutdanning og teknologiverksemder side om side.
— Eit eldorado å vera student i, seier Larsen.
UiB har hatt eiga TV-utdanning sidan 1980-talet. I 2006 vart det starta journalist- og mediteknologiutdanningar, og dei held no òg til i MCB.
— Det er eit levande miljø, det er lett å få til samarbeid her. Me har òg eit Senter for forskingsdriven innovasjon her, MediaFutures, og me har Senter for undersøkjande journalistikk (SUJO), som begge er eit resultat av MCB. Dette er ein stad der det er lett å bygga nettverk og lett å få avtalar, seier professoren.
— Ser du på deg sjølv som ein mann det er lett å samarbeida med?
— Eg ser på meg sjølv som løysingsorientert. Eg var instituttleiar ved det tverrfaglege Institutt for informasjons og medievitskap i ti år. Å vera leiar for eit fagmiljø med teknologar, samfunnsvitarar og humanistar under same tak, har gitt meg ein viss kompetanse i tverrfagleg dialog og samarbeid.
Forskar på den nyorienterte journalistikken
Då Leif Ove Larsen kom til UiB i 1985 var fagmiljøet han framleis er ein del av heilt ferskt. Medievitskap var eit nytt fag i Noreg, og ved det som den gong heitte Institutt for massekommunikasjon var det ifølge Larsen eit fagleg gründermiljø.
— Ansvaret for instituttet var delt mellom Det humanistiske og Det samfunnsvitskaplege fakultetet, og me hadde førelesarar frå både nordisk, litteraturvitskap, kunsthistorie, sosiologi og samanliknande politikk, fortel han.
I 2004 slo medievitarane seg saman med informasjonsvitarane, og instituttet høyrer i dag heime ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet.
Sjølv om han ikkje har bakgrunn som journalist, er det journalistikkforsking Leif Ove Larsen har drive mest med dei siste åra. Eit hovudspor i den forskinga har vore den digitale nyorienteringa.
Spørsmålet er kor nyorienterte journalistane er. Larsen fortel at dei som kjem som journaliststudentar til UiB nok ikkje har endra seg så mykje på dei åra universitetet har hatt slik utdanning.
— Dei studentane som kjem til oss tenkjer først og fremst på seg sjølve som skrivande journalistar. Det er ikkje ein straum som kjem til kurs i datajournalistikk, for å seia det sånn. Denne våren skal eg sjølv halda kurs i kulturjournalistikk. Dette er eit nytt tilbod, som spring ut av ei mangeårig forskingsinteresse for denne delen av journalistikken.
Å få jobba med flinke, nyfikne og ambisiøse studentar, er eit privilegium. Det er det òg å få lov til å vera med å utvikla norsk kunnskapsjournalistikk, seier Larsen, som på begge saksområda ser ein tendens til at nisjemedia styrkjer seg i det digitale medielandskapet.
— Khrono er alt ei viktig avis for kunnskapssektoren, og eg er viss på at den i endå større grad vil setja dagsorden for den kunnskapspolitiske debatten i åra framover.
Nyeste artikler
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Stipendiat tapte rettssak, må betale 250.000 kroner
Menneskene først: Teknologiens sanne verdi ligger i å forstå virkelige problemer
Klar for et kvantesprang?
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord
Professor trekker seg i protest: —Kommer ikke til å være høflig og hyggelig mot Elon Musk