Toril Moi 

Meiner forskings­fridommen minkar når ein må søkja eksterne midlar

Litteraturprofessor Toril Moi har aldri søkt om eksterne forskingsmidlar. — Det minskar fridommen når ein må finna opp noko ein komité synest er bra, seier ho.

Sjølv om andre professorarar peikar på henne som ei stjerne, synest Toril Moi det er vanskeleg å snakka slik om seg sjølv. Ho hadde vore verdas dårlegaste influencar, seier ho. — For oss som vart fødde i Noreg på 1950-talet, var det lagt vekt på at ein ikkje skulle skryta av seg sjølv, og suksess skulle dyssast ned, seier ho.
Publisert Oppdatert

Får ein den beste forskinga når ein organiserer forsking i store prosjekt?

Fakta

Toril Moi

  • Fødd i 1953
  • Vaks opp på Bryne. Tok artium der før ho studerte fransk, spansk og litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen
  • Jobba i Oxford og i Bergen før ho i 1989 vart professor ved Duke University
  • Er æresdoktor ved UiB, UiS, NTNU og Universitetet i Umeå og medlem i Det Norske Videnskaps-Akademi
  • Har fått fleire prisar og prestisjetunge stipend
  • Er no professor II ved Nasjonalbiblioteket
  • Viktige bøker: Sexual/Textual Politics. Feminist Literary Theory (1985), Simone de Beauvoir. The Making of an Intellectual Woman (1993, norsk utgåve 1995), What Is a Woman? And Other Essays (1999, i norske utgåver 1998 og 2001), Henrik Ibsen and the Birth of Modernism. Art, Theater, Philosophy (2006)Språk og oppmerksomhet (2013)
  • I 2024 kjem to bøker: En samtalebiografi (av Ane Farsethås) og På jakt etter Norge - reiseskildringer fra 1950-tallet

Litteraturprofessor Toril Moi er ikkje sikker på det. 70-åringen er tilsett ved Duke University i USA. Det har ho vore i over 30 år. Eksterne forskingsmidlar har ho aldri søkt.

— Eg har løna mi. That's it, seier Moi til Khrono.

— For nokre år sidan var det ein norsk student som skreiv ein e-post til meg: Hei Toril Moi, har du prosjekt? Eg skjøna ikkje kva han meinte. Sjølvsagt har eg prosjekt eg jobbar med! Men så forstod eg at det han spurde om, var om eg hadde midlar til å tilsetja han. Det hadde eg ikkje, seier Moi.

Ho er i Bergen i høve eit festseminar for henne sjølv. Meir om det seinare.

500 søkjarar med doktorgrad

Sjølv har Moi fått nokre store prestisjestipend i USA. Desse betalar deler av løna til mottakaren.

— Og universiteta plar vera så nøgde med at ein av deira forskarar får dette, at dei betalar mellomlegget. I tillegg fekk eg forskingsfri då Princeton ville tilsetja meg, fortel ho og humrar litt.

Det Moi set spørsmålsteikn ved, er om det er satsinga på store forskingssenter som gir den beste forskinga.

— Eg trur det minskar fridommen når ein må finna opp noko ein komité synest er bra. Dei store prosjekta er dessutan laga over naturvitskapane sin mal. Humanistar jobbar òg i team, når me lærer og diskuterer, men me gjer ikkje det i skrivefasen.

I 2017 skreiv Khrono at dåverande president Donald Trump hadde kutta støtte til humaniora. Sidan den gong har det vore snakka om humaniorakrise i fleire land, òg i Noreg. 

Seinast i fjor skreiv The New Yorker at talet på studentar som tek mastergrad i ein del humaniorafag går ned. Dei studerer heller noko anna, som kan gi dei tryggare og raskare jobb.

— Korleis rekrutterer ein dersom ein ikkje kan tilsetja unge forskarar i ulike prosjekt?

— Det er krevjande å få jobb. Studentane våre har snakka om «the job market» i mange år. Og ein tilset ikkje nokon same stad som dei har skrive avhandlinga si. Skulle ein gjort det, måtte dei i alle fall ha hatt ein periode ein annan stad. Eg har hatt geniale stipendiatar, men nei, dei får ikkje jobb.

Slik dei økonomiske tidene er, får ikkje universiteta nødvendigvis erstatta tilsette som går av med pensjon. Det betyr at det vert færre stillingar for dei unge forskarane. Moi fortel at det ikkje er uvanleg med 150 søkjarar til ei stilling.

— Me hadde 500 søkjarar til to stillingar i litteraturteori.

— Var alle dei relevante?

— Ja, alle hadde doktorgrad. Men alle hadde jo ikkje relevant doktorgrad, så me kunne starta silinga der.

Fekk ikkje jobb i Noreg

At Toril Moi i det heile hamna i USA skuldast at ho ikkje fekk jobb i Noreg. Ho var innstilt etter Arild Linneberg til ei stilling ved Universitetet i Bergen, og ho fann ut at den stillinga ho hadde ved Senter for humanistisk kjønnsforsking var meir administrativ enn ho treivst med. Ho søkte difor andre stillingar. 

— Kva har du fått gjort i USA som du ikkje kunne fått gjort i Noreg?

— Eg var ekstremt heldig, utan at eg forstod kor heldig eg var. Duke var den mest spanande staden å koma til på 1990-talet. Her handla det om å tenka så hardt ein kunne og skriva om det ein ville. Institusjonen er slik at alle kan gjera det dei vil, seier Moi.

— Ser ein på det eg har gjort, med eit spenn frå feminisme, via Ibsen til Wittgeinstein, finn ein ei stor breidde.

Professoren seier at ho aldri mista kontakten med Noreg, men at ho trur ho har tent på ikkje å vera forskar i heimlandet.

— Det er små miljø, så driv ein med noko som vert sett på som rart får ein raskt kritikk, seier ho.

Sjølv er ho mest kjend for å ha skrive Sexual/Textual Politics. Feminist Literary Theory, som òg var avhandlinga hennar, og for What is a woman? And other essays. Allereie i 1998 hadde Sexual/Textual Politics kome i 13 opplag.

— Då eg vaks opp var den viktigaste dyden å vera snill. Å forska frå USA har nok hjelpt meg med å koma ut. Det er fort gjort å tenka at ingen er interesserte i det ein skriv om. Men Sexual/Textual Politics har selt i 100.000 eksemplar.

Det er eit stykke frå Melkebaren på Bryne til Duke University. Då Toril Moi var lita jente og oppfatta at det var eit liv i hovudstaden, særleg i miljøet rundt Theaterkafeen, var ho viss på at dette åndelege aldri kom til å verta ein plass for henne — ei jente frå Vestlandet.

Jaktar på heimlandet

Moi er æresdoktor ved universitet i både Noreg og Sverige, og ho har òg hatt ei bistilling ved Universitetet i Bergen i fleire år. No er ho professor II ved Nasjonalbiblioteket. Der jaktar ho på det norske. I vår kjem det ei fersk bok frå henne: På jakt etter Norge.

— Eg er interessert i å jobba med 1950-talet. Eg vart fødd då, og eg trur det er slik at det er det tiåret der ein er fødd som formar ein mest, og samstundes er det det tiåret ein veit minst om, seier Moi.

No har ho lese ein del av den litteraturen som var stor dette tiåret, som Agnar Mykle, Jens Bjørneboe og Torborg Nedreaas. Sistnemnde sin roman Av måneskinn gror det ingenting vart det debatt om etter at nettopp Moi skreiv om han i Morgenbladet i 2020.

«Hva er det med Av måneskinn som er så smertefullt for meg, et jentebarn født på 1950-tallet? Og hva forteller boken meg om Norge og norsk tenkesett i etterkrigstiden», skreiv ho.

«Forenklande», «fordømmande» og «privat», var nokre av omgrepa som vart nytta om Moi si lesing. 

— Lesinga mi vart forma av det som skjedde på 1970-talet, seier Moi.

Då var ho ung student, feminist og abortsaka var ei av dei viktigaste sakene i den offentlege debatten.

Å vera ein lærd

Under debatten i Morgenbladet i 2020 fekk Moi kritikk for å bruka stemma si.

«Hvor interessant er det egentlig i en faglig, om enn populærvitenskapelig, artikkel med et sterkt fokus på artikkelforfatterens barndom og familiebakgrunn», skreiv professor emeritus i allmenn litteraturvitskap, Per Buvik.

Men det var nettopp litteraturforskaren si stemme som var tema då litteraturvitskapsmiljøet i Bergen hylla Moi med eit eige seminar 11. januar. Dekan ved Det humanistiske fakultetet, Camilla Brautaset, sa innleiingsvis at Moi er ein forskar som nyt respekt over heile verda.

— Humaniora er som vatn for fisk og som luft for menneske — overalt, og heilt naudsynt, sa Brautaset, og sa vidare at humaniora treng frie, uredde leiestjerner.

Sjølv snakka Moi i sitt føredrag om subjektiviteten. Ein skal ikkje sjå vekk frå subjektiviteten, men ein skal inkludera han, meiner ho, og ho snakka om skilnaden mellom «scholars» og «researchers».

— Omgrepet «scholarship» kan omsetjast med å vera lærd. Eg vil nytta dette heller enn «researchers». Det er viktig for meg.

For når ein er lærd, når ein har fått trent opp dømmekrafta si, kan ein gjera eigne røynsler til eit døme, meiner Moi.

— Eg studerte mellom anna i Paris. Då eg kom dit hadde eg knapt vore på eit museum. Vennene mine snakka om ekspresjonisme, men eg hadde ingenting å seia, for eg såg ingenting. Men eg held fram med å gå på museum og eg las kunsthistorie, altså fekk god, gamaldags lærdom, sa Moi.

Kva er formidling?

Moi har våga å bruka stemma si mellom anna i faste spaltar i Morgenbladet og i Dagens Næringsliv. Men omgrepet formidling likar ho ikkje.

— Det høyrest ut som om ein skal gjera det vanskelege enkelt for dei som er dummare enn deg sjølv.

Ho seier at sjølv om tekstane ho no har gitt ut om 1950-talet ikkje er spekka med fotnotar, så er det originalforsking.

— I Noreg er formidling noko av det ein skal gjera. Kva tenkjer du om det?

— I USA er det vanskeleg å slå gjennom som skribent utanfor akademia. Men eg skriv mellom anna for tidsskriftet London Review of Books og for eit tidsskrift som heiter The Point. Men om å skriva slike stader skal telja for fast stilling? Eg trur det er vanskeleg å få til. Det ein skriv skal vera djuptenkt, men samstundes kan ein ikkje visa forskinga si. Men ein skal visa at ein har lese seg opp.

Kven skal mata KI?

Saman med bachelorstudentane sine gjekk Toril Moi nyleg nøye gjennom Søren Kierkegaard si vesle Frykt og beven. Boka er tilsynelatande enkel, men kva er det filosofen vil seia ein? Etter å ha jobba seg gjennom teksten, bestemte professoren og studentane seg for å gjera eit eksperiment: Dei spurde Chat GPT: «Hei, eg skjønar ikkje kva Frykt og beven betyr, kan du hjelpa?»

— Me fekk fire forklaringar. Dei var så vanvittige at studentane berre byrja å le. Nokre meiner at ein kan klara seg utan filosofi, historie og litteraturvitskap og i staden bruka kunstig intelligens. Men kva skal ein mata denne kunstige intelligensen med, spør professoren?

Ho er kritisk til system der forsking kan teljast og målast.

— Eit kjempeproblem for humaniora og eit altfor praktisk syn på kva forsking er, seier ho.

Ifølgje Moi kan humaniora mellom anna seia noko om kva menneske har brydd seg om, kva verdiar ein har, kva nokon er villige til å leva og døy for, kva som er vakkert og verdifullt, og korleis ein skal oppføra seg mot andre.

— Dersom ein ikkje veit noko om kulturen i eit land kan ein ikkje invadera på ein effektfull måte, seier ho.

— Utan at eg meiner at det er noko ein skal gjera.

Powered by Labrador CMS