Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Utdanningskvalitet
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Lovisenberg diakonale høgskule fekk prisen for sitt arbeid med appen TOPP-N. Dette er ei løysing for rettleiing og vurdering av sjukepleiestudentar i praksis.
TOPP-N skal gjere det enklare å vurdere fagleg utvikling i forhold til læringsutbytte, og rettleiinga kan enklare tilpassast studentane sine behov og kompetanse.
— Utdanningskvalitetsprisen heng høgt. Vi er takknemlege for å ha nådd opp med tanken om å kombinere læringsutbyte som fremjar «21st century skills» og eit digitalt verktøy for auka læring i praksiserfaringane, seier rektor Lars Mathiesen i ei pressemelding.
Utdanningskvalitetsprisen blir delt ut av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og er på ein million kroner. Det var Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe offentleggjorde vinnar av prisen onsdag 20. april, under konferansen Utdanningskvalitet og digital omstilling 2022.
— Eg håpar og trur at dette kan vere til inspirasjon for andre, sa ministeren.
Prosjektleiar for utviklinga av TOPP-N, Andréa Aparecida Goncalves Nes, seier høgskulen no planlegg å vidareutvikle appen basert på behova til brukarane, som er lærarar, rettleiarar og studentar. Målet er også å utvide samarbeidet nasjonalt og internasjonalt på tvers av ulike yrkesgrupper.
TOPP-N står for Technology Optimized Practice Process – Nurse.
Nylige artikler
Likestillingskampen virker. Men vi er ikke i mål
Når vi sparer penger på sensur, betaler studentene prisen
10 av 21 rektorer er kvinner
90 millionar til forsking på kvinnehelse
UiO-dekanene har sovet i timen
Mest leste artikler
Trond Mohn snakker ut:«Vi nordmenn er et helvetes folk. Vi er ikke rause»
Betalte ut over 34 millioner i styrehonorarer i 2025
Ho fekk «strafferunde» på avhandlinga si: Det var tungt
Ein av fem stipendiatar kjem aldri til disputas
Anbefaler studentene å reise hjem fra Jordan. Denne gjengen har bestemt seg