eksamen
Mistenkjer fusk, går vekk frå heimeeksamen
På dette instituttet har dei funne fram ei eksamensform frå 1970-talet: Open bok-eksamen. Grunnen er at dei mistenkjer at det vert brukt kunstig intelligens (KI) under heimeeksamen.
— Dette er ein eksamen der ein skal lesa og forstå, ein skal ikkje pugga. Dersom ein har lese pensum, vil ein ha nytte av ei slik eksamensform.
Det seier Katharina Sass, instituttleiar på Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen. Når sosiologistudentane i emnet SOS100 skal ha eksamen i slutten av månaden, får dei lov til å ha med seg pensum på den eine delen av eksamen. Det er vanleg når ein har vald eksamensforma «open bok».
— Dei skal ha skuleeksamen på seks timar. Dei første tre timane er ein ordinær saleksamen utan hjelpemiddel. Men dei tre siste timane skal dei bruka på ei drøftingsoppgåve. Då får dei ha med seg dei bøkene som står på penusm, og dei får ha med seg notat, seier Sass.
Men dei får ikkje tilgang til Internett.
Droppar essay
Khrono skreiv nyleg om Oslo Nye Høyskole, som innfører det dei kallar digital eksamensvakt. Det betyr at studentane må ha på kamera og skjermdeling medan dei har heimeeksamen. Det er det ikkje alle studentane som synest er ok.
— Eg synest måten dei gjer det på er ganske inngripande. Eg synest heller dei kan endra eksamensforma, sa student Kamilla Rønningen til Khrono.
— Det vart tydeleg for oss, som for resten av sektoren, at utviklinga innan kunstig intelligens gjorde det naudsynt å tenkja nytt, sa rektor Sander Sværi til Khrono.
Han viste til at høgskulen har studentar over heile landet, og også i utlandet, og difor har heimeeksamen.
Også for Sosiologisk institutt i Bergen handlar bytet om kunstig intelligens. Instituttleiar Sass seier at studentane i dette emnet tidlegare hadde ein skuleeksamen og eit obligatorisk essay som skulle leverast. Desse danna til saman grunnlaget for karakteren. Essayet skreiv studentane heime.
— Det er med tungt hjarte me har droppa essayet. Men både der og i andre obligatoriske oppgåver har me mistenkt at studentar har brukt kunstig intelligens, seier Sass.
Ho seier at debatten om eksamensform har gått lenge. Det var ho sjølv som hadde ansvar for dette emnet fram til ho vart instituttleiar i haust.
— Men open bok, er ikkje det noko ein dreiv med på 1980-talet?
— Det var noko ein testa på 1970-talet, seier Sass og humrar.
— Poenget her er at ein skal gå i djupna. Studentane skal visa at dei har forstått og kan reflektera.
Positive studentar
Dei to studentane som Khrono møter i pausen til siste forelesing for semesteret, skal ut i sin første eksamen på universitetet. At den vert utan digitale hjelpemiddel, synest dei er heilt i orden — eigentleg bra.
— Eg gruer meg litt, og det at det ikkje vert mogleg å slå opp ting ein lurer på, gjer at alt må vere på plass i hovudet. Men eg tenker at det er ein bra ting. Studentane må vite kva dei snakkar om, seier Celina Bjørnstad Kristensen.
Ho trur denne forma for eksamen vil gjere at studentane lærer meir.
— Eg ser for meg at også arbeidsgivarar kan verta tryggare på at studentane faktisk kan det dei har tatt ein grad i når dei er ferdige. Dersom ein brukar KI som hjelpemiddel, som mange har gjort på heimeeksamen, er det mykje vanskelegare.
Også Aksel Kemp skal ta sin første universitetseksamen, etter å ha tatt eit år på folkehøgskule etter vidaregåande.
— Eg har ikkje fått med meg korleis eksamen fungere her, sidan det er første gong for meg på universitetsnivå. Eg veit ikkje heilt kva eg kan forventa. Men at me skulle ha digitale hjelpemiddel på eksamen, hadde eg uansett ikkje forventa, seier han.
Kemp og Kristensen er ikkje tvil om at KI blir mykje brukt blant studentane, og begge meiner det er uheldig.
— Eg er eigentleg motstandar av KI. Eg trur det gjer folk dårlegare til å reflektera og skapa sjølv. I staden for å prøva sjølv å skrive sitt eige, er det mange som går rett på KI. Derfor trur eg det er positivt at vi ikkje kan bruke KI til eksamen, seier Kemp.
Kristensen nikkar til det, og trur mange studentar ser det på same måte — men at dei nok er i mindretal.
— Me veit at veldig mange brukar det, og så er det mange som ikkje innrømmer at dei brukar det. Det er nesten litt tabu, seier ho.
