Søkarliste
Ni vil bli ny dekan i vest
Ein tidlegare OsloMet-dekan og fersk professor ved Universitetet i Stavanger står på søkarlista.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I vår skal Høgskulen på Vestlandet tilsette tre prorektorar og fire dekanar i nye åremålsstillingar, frå den 1. august og fire år framover.
Fleire av dei sittande dekanane og to av tre prorektorar har søkt om fire nye år i stillingane sine.
Søkarlistene til seks av stillingane var klare tidleg i mars.
Søknadsfristen for stillinga som dekan ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) vart forlenga til onsdag 17. mars, for å få eit breiare søkartilfang.
No er også denne søkarlista klar.
Tidligere OsloMet-dekan på lista
To mannlege søkarar er unnatekne offentlegheita.
Fire av dei resterande søkarane er interne, medan dei tre andre er eksterne søkarar.
BLI VARSLET
OM SISTE NYTT
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Blant dei er tidlegare dekan ved Fakultet for teknologi, kunst og design ved OsloMet, Egil Trømborg.
Trømborg søkte nytt åremål i stillinga ved storbyuniversitetet i 2019, men den gong gjekk åremålet vidare til noverande dekan Carl Christian Thodesen.
No søkjer altså Trømborg seg til ei ny dekanrolle i vest.
Også nyopprykka professor i miljøøkonomi ved Universitetet i Stavanger, Gorm Kipperberg, søkjer seg til leiarstillinga ved Høgskulen på Vestlandet.
Her er heile søkarlista:
- Mannleg søkjar unnateken frå offentlegheita
- Leif Longvanes, 55 år, førstelektor i organisasjon og leiing, Sogndal
- Tom Skauge, 64 år, instituttleiar, Bergen
- Hamid Masud, 35 år, Research Associate, Attock Pakistan
- Marina Solesvik, 46 år, professor, Haugesund
- Mannleg søkjar unnateken frå offentlegheita
- Knut Vindenes, 51 år, seniorrådgiver, Bergen
- Egil Trømborg, 55 år, Senior Business Development Manager, Drammen
- Gorm Kipperberg, 49 år, professor, Stavanger
Nylige artikler
Vi må lære å forstå teknologien «skriftspråk»
Lønnsforhandlingene er i gang: Dette krever partene
Krumsvik gjør comeback som styreleder i Khrono
Trond Mohn og jakten på den hellige gral
Skal lage strategi. — Nødt til å få opp interessen for realfag
Mest leste artikler
Folkerettsekspert: Norske universitet kan bli legitime bombemål i krig
Medisinstudent strøk på eksamen — saksøker UiT
Ho er inkompetent og upåliteleg, meiner professoren. — Maktmisbruk, svarer ho
Anklaget for fusk av KI-detektor. — Folk er redde
Skulle stå ved Livsvitenskapsbygget. Nå ligger kunstverket på et lager