nobelveka 2023

Nobelprisvinnar: Eg hadde ikkje vore der eg er om eg ikkje møtte motstand

Ein må fokusera på kva ein kan klara, seier nobelprisvinnar Katalin Karikó. Ho oppmodar barn til å ville påverka verda.

Ho flytta frå Ungarn til USA. Med på flyttelasset var ektefelle og dotter. — Dersom ein vil verta nobelprisvinnar må ein vera nøye med val av partnar. Eg hadde aldri kome så langt utan ektemannen min. Og forskarar kan ha familie, sjølv om det å vera forskar ikkje er veldig familievennleg, sa Katalin Karikó. Her er ho med favorittpipetten sin, som ho har donert til Nobelmuseet.

Stockholm (Khrono): — Det var litt som når det første eksperimentet viser det ein håpa på. Ei skikkeleg «oh my God»-kjensle.

Fakta

Nobelveka 2023

6.-12. desember er det Nobelveke i Stockholm og Oslo, med prisutdelingar og andre arrangement. Khrono er til stades i Stockholm

Det sa nobelprisvinnar Katalin Karikó då ho saman med Drew Weissman, som ho òg deler prisen med, møtte pressa i Stockholm onsdag. Karikó vart beden om å skildra kva ho tenkte då ho fekk beskjed om at ho får Nobelprisen i medisin eller fysiologi. 

Sjølve utdelinga skjer i den svenske hovudstaden søndag 10. desember.

Gjekk frå universitetet

Vegen fram til Nobelpris har vore bratt for Karikó. 68-åringen tok doktorgrad og var deretter postdoktor i heimlandet Ungarn. Tidleg på 1980-talet reiste ho til USA. Khrono har fortalt historia tidlegare: Karikó fekk ein klar beskjed frå Universitetet i Pennsylvania: Slutt, eller vert degradert. Karikó slutta, gjekk til legemiddelfirmaet BioNTech. No får ho Nobelprisen for å ha utvikla mRNA-vaksinen, som vart svært viktig under ein viss pandemi.

Fakta

Nobelprisvinnere 2023

  • Fysikk: Pierre Agostini (Tunisia), Ferenc Krausz (Ungarn) og Anne L’Huillier (Frankrike)
  • Kjemi: Louis Brus (USA), Alexei Ekimov (Russland) og Moungi Bawendi (Frankrike)
  • Fysiologi eller medisin: Katalin Karikó (Ungarn) og Drew Weissman (USA)
  • Fredsprisen: Narges Mohammadi (Iran)
  • Litteratur: Jon Fosse (Norge)
  • Nobels minnepris (økonomi): Claudia Goldin

— Det er ikkje unikt at eg vart degradert, og alle forskarar kjempar. Men eg hadde ikkje vore der eg er i dag dersom eg ikkje hadde møtt motstand. Det viktige er at ein fokuserer på det ein kan klara, sa Karikó.

Kva skal ein påverka

Som barn følgde Karikó nøye med då faren slakta. Ho vaks opp på ein gard og vart interessert i korleis dyra ser ut innvendig. Ho var òg interessert i dei ulike plantane familien hadde i hagen, og fortalde at det første vitskaplege arbeidet ho gjorde var å skriva eit essay om den svenske forskaren Carl von Linné.

— Eg veit ikkje heilt kvifor eg valde han. Men alle barn er interessert i noko, og eg var interessert i plantar.

Tidlegare denne veka vart det kjent at elevar, både i Noreg og i dei andre OECD-landa, gjer det dårlegare i lesing, matematikk og naturfag enn tidlegare. Det viser dei mykje omtala PISA-undersøkingane.

— Barn er glade og nyfikne. Dei må læra, men skulen kan kanskje av og til verka streng, sa Karikó. 

— Mange barn vil verta influensarar. Men ein må visa dei korleis dei kan påverka framtida.

Weissman følgde opp:

— Ein må ikkje snakka til barn om noko dei ikkje forstår på ein måte dei ikkje forstår. Eg meiner ein må starta tidleg, gjerne allereie på barneskulen, med å læra elevane å verta interesserte i forsking og vitskap, sa han.

Eg vil gjerne ta dei som er vaksinemotstandarar med inn på eit rom og forklara dei kva vitskap er, sa professor Drew Weismann. Katalin Karikó spøkte med skilnadane mellom dei: Eg snakkar for mykje, Drew er stille. Men me utfyller kvarandre i laboratoriet.

Lukkeleg på laben

Det var Thomas Perlmann, professor ved Karolinska Institutet og sekretær for nobelkomiteen for medisin eller fysiologi, som ringde Katalin Karikó med beskjed om prisen. — Då eg skulle senda eit bilete til han, og epostadressa var «nobelprize.org», skjøna eg at det ikkje var nokon som tulla, sa Karikó.

I 2020 skreiv legemiddelverket i Noreg følgjande om mRNA-vaksinar: «mRNA er «pakket inn i» små fettpartikler som bidrar til at arvestoffet kommer inn i kroppsceller. Kroppscellene bruker oppskriften til å produsere spike-proteinet på covid-19-viruset. Spiken gir ikke sykdom, men kroppen vil lage antistoffer mot spike-proteinet og gjøre forsvarsceller (T-lymfocytter) klare til å bekjempe covid-19-viruset dersom man senere blir smittet av dette. Denne typen vaksinar er aldri brukt tidligere».

Det var ei mRNA-vaksine dei aller fleste i Noreg fekk mot covid-19. Men teknologien var ikkje heilt ny i 2020, sa Karikó under pressekonferansen.

— Folk visste berre ikkje om det. 

Framover er håpet at same teknologi kan nyttast i ei vaksine mot kreft.

Forskaren skildra at for henne var det både viktig og rett å gå til BioNTech, ei verksemd som på det tidspunktet knapt hadde ei fungerande nettside.

— Eg jobba på laboratoriet og var lukkeleg med å løysa problem der, sa Karikó.

Ho møtte Drew Weismann ved ei kopimaskin på Universitetet i Pennsylvania. Han leier i dag vaksineforskinga ved universitetet, og Karikó har ei bistilling.

Begge dei to forskarane fekk mRNA-vaksine mot covid-19, og dei fekk henne samstundes.

— Kjensleladd, sa Karikó.

— Då me hadde fått vaksinen og kom ut, stod det folk der. Dei klappa. Då græt eg.

Powered by Labrador CMS