nedbemanning
Norce skal fjerne 30 prosent av administrasjonen
Driftsresultatet stuper, og det er fare for oppseiingar. Utvalde forskargrupper og store delar av administrasjonen får tilbod om sluttpakkar.
Dei tilsette i Norce fekk meldinga på eit allmøte onsdag ettermiddag:
Med negative driftsresultat to år på rad og prognosar for vidare negativ utvikling dei komande åra, må kostnadene ned — og det raskt. Det skal i første omgang skje gjennom å kutte inntil 80 årsverk.
Allereie neste veke vil tilbod om sluttpakkar gå ut til delar av staben. Ifølgje planen som leiinga presenterte på allmøtet, vil tilsette i åtte av forskingsgruppene få tilbodet i første omgang.
Samstundes er det lagt opp til å slanke alle dei økonomisk-administrative avdelingane i konsernet — mellom anna IT, HR, kommunikasjon, rekneskap/løn og forskingsstøtte.
Kutta skal fordelast likt, 40/40, på faglege og administrativt tilsette.
Prosentvis blir kuttet likevel mykje større for dei administrative: Med ein planlagt 30 prosent reduksjon i talet på årsverk risikerer om lag kvar tredje tilsette i administrative stillingar å miste jobben.
— Dette er svært dramatisk, og det blir ikkje lett å klare dette. Eg er spent på korleis det skal løyse seg i praksis. Nedbemanninga rammar mange av våre medlemmer i administrasjonen, seier tillitsvald for Forskerforbundet i Norce, Atle Blomgren.
Den «frivillige» fasen strekker seg ut året. Dersom konsernet ikkje kjem i mål med frivillig avgang innan den tid, blir neste steg å gå til oppseiingar.
Størst kutt i Stavanger
Norce er eit av Noregs største uavhengige forskingsinstitutt med om lag 800 tilsette fordelt på åtte norske byar, med tyngdepunkt i Bergen (471 tilsette), Stavanger og Rogaland (148 tilsette) og Tromsø (62).
Det er i desse byane flest tilsette må rekne med å finne seg ein annan arbeidsgivar.
Så langt har Norce-leiinga opplyst at kring 10 tilsette i Tromsø, 25 i Stavanger/Rogaland og 40 i Bergen vil få tilbod om sluttpakkar. Konsernsjef Camilla Stoltenberg understrekar at dette er høgst usikre anslag. Men blir dette resultatet, vil Stavanger og Tromsø måtte kutte mellom 16 og 17 prosent av årsverka, Bergen mellom 8 og 9.
Sett i forhold til talet på tilsette ligg det dermed an til at Stavanger og Tromsø får dobbelt så store kutt som Bergen.
Heller ikkje dei andre, mindre avdelingane, i Oslo, Agder, Alta og Bardu, er verna, men vil etter det Khrono forstår ikkje bli invitert til å gå med på sluttpakkar i første runde. Norce opnar likevel for at alle tilsette kan søke.
Sluttpakketilboda varierer med alder og ansiennitet. Den minste pakken gir 5 månaders etterlønn og går ut til dei med lågast ansiennitet (under 10 år) og som er under 50 år. Dei vil få ei oppseiingstid (med løn) på tre månader. Best ut kjem dei over 60 med meir enn 15 års ansiennitet. Denne gruppa kan få med seg 9 månaders etterlønn om dei takkar ja til tilbodet (og 6 månaders oppseiingstid).
Tilsette varsla i august
Frå positive driftsresultat på rundt 10 millionar kroner i 2021 og 2022 styrer Norce no mot eit negativt resultat på over 30 millionar.
Nettoinntekta har auka med 6,5 prosent årleg i gjennomsnitt. Men samstundes har felleskostnadene til lønn og drift relativt sett auka langt meir — med 90 millionar dei siste fire åra.
Internt i Norce har det ei god stund vore klart at den økonomiske situasjonen ikkje er berekraftig.
I august signerte ei gruppe på 40 forskarar ved Norce Helse og Samfunn ei bekymringsmelding til leiinga. Bekymringa handla mellom anna om at Norce har operert med for høge timeprisar i samband med offentlege anbod, og dermed har tapt i konkurransen om oppdrag. Samstundes har kampen om prosjekt og finansiering i instituttsektoren generelt hardna til.
Norce har ein av dei høgaste timeprisane i instituttsektoren og ligg 15 prosent over snittet.
Forskarane advarte også om det dei oppfatta som overdimensjonert administrasjon og leiargruppe.
Konsernsjef Camilla Stoltenberg uttalte seg om ein pressa økonomisk situasjon i intervju med Khrono allereie i september 2024.
Kuttar kontor
I tillegg til å kutte i talet på tilsette, skal Norce spare inn 15 millionar kroner i årlege driftskostnader. For å få det til, skal konsernet setje i gang det dei omtalar som eit «større endringsprogram».
Kva som meir konkret ligg i dette er meir uklart, utover at fleire prosjekt er på trappene for å utvikle og omstrukturere verksemda.
Etter det Khrono forstår blir det i Bergen slutt på eigne kontor for forskarane. I staden blir det lagt opp til at dei skal booke kontor for ein månad om gongen.
Mykje turbulens
Heilt sidan etableringa av Norce i januar 2018 har det vore mykje turbulens i konsernet. Forskingskonsernet som blei til gjennom ei samanslutning av sju enkeltståande institutt, enda første året med nær 40 millionar i minus.
I 2020 måtte 20 tilsette forlate Norce i ein opprivande nedbemanningsprosess, i tillegg til at 30 andre blei omplasserte med endra løns- og arbeidsvilkår. Fleire tilsette saksøkte arbeidsgivaren i etterkant av oppseiingane.
Tidleg i 2021 kom nyhenda om at den første administrerande direktøren i selskapet, Elisabeth Maråk Støle, gjekk av. Khrono rekna den gongen ut at direktøren med 12 månaders etterløn fekk med seg ein sluttavtale til ein verdi av minst 2,5 millionar kroner.
Ifølgje Norce skal innsparingar og nedbemanning vere fullført i løpet av første halvår i 2026.
