— Forskinga me gjer er internasjonal. Publiseringa er internasjonal, og me reiser på mange internasjonale konferansar, seier rektor ved NHH Øystein Thøgersen til På Høyden. Foto: Siv Dolmen/ NHH

NHH-rektoren vil at alle tilsette meistrar norsk etter to år

Språk. Ein må verta meir medviten om å nytta norsk fagspråk, meiner NHH-rektor Øystein Thøgersen.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Rektor Øystein Thøgersen smilte sjølvironisk då han sa dette under Språkrådet sitt frukostmøte om norsk fagspråk fredag. Møtet i Bergen er eitt av fleire med same tema, skriv På Høyden. For korleis kan ein halda oppe norsk som fagspråk? Og må ein faktisk det, i ei verd og ein del av samfunnet som vert stadig meir internasjonal?

400 emne på engelsk

Over 60 prosent av vitskapeleg tilsette i mellombels stilling ved NHH er ikkje norske. Mange av desse vil i neste omgang verta fast tilsette. Kva gjer dette med språkbruken på arbeidsplassen?

Dersom studentane ikkje lærer seg eit norsk fagspråk kan dei ikkje kommunisera i det samfunnet dei skal jobba

Margareth Hagen

— Forskinga me gjer er internasjonal. Publiseringa er internasjonal, og me reiser på mange internasjonale konferansar. Pensum er i stor grad engelsk, og dei engelske termane spreier seg, sa Thøgersen ifølgje På Høyden.

Han innrømma glatt at han ikkje har vore spesielt oppteken av norsk fagspråk, før no.

— I dag er det samla mange her på Litteraturhuset, men dei som er her er nok i hovudsak dei omvende. Men kor er den gjengen som kunne trengt å vera her? Eg trur kanskje ikkje den gjengse NHH-professoren er blant entusiastane når det gjeld norsk fagspråk, sa Thøgersen.

Han kom med forslag til eit veldig konkret tiltak: Å krevja at alle internasjonalt tilsette lærer seg norsk i løpet av to år.

Slik er det allereie ved Universitetet i Bergen. Men prorektor Margareth Hagen sa under frukostmøtet at ho trur det varierer veldig både i kor stor grad det vert gjort, og om dette vert følgt opp.

— I svært mange samanhengar vert det no peika på at sektoren har fire hovudoppgåver: Forsking, undervisning, formidling og innovasjon. Særleg innan dei to siste områda er det svært viktig med eit norsk fagspråk. Dersom studentane ikkje lærer seg eit norsk fagspråk kan dei ikkje kommunisera i det samfunnet dei skal jobba, sa Hagen.

Ni av ti jobbar i Noreg

Språkrådet seier på ingen måte nei til engelsk fagspråk. Men dei er opptekne av at ein ikkje gløymer det norske. Ein eigen vegvisar for gode språkval kjem mellom anna med tips til korleis ein kan sikra at norsk fagspråk vert sikra og vidareutvikla – samstundes som studentane lærer naudsynte termar på engelsk.

— Fagspråk er presist, og kan nyttast til å formidla kunnskap. Me treng eit godt fagspråk for å kunne ha eit kunnskapsbasert ordskifte. Korleis skal ein kunne debattera med eit språk utan nyansar? Fagfolk kan òg bidra til politikkutvikling, sa Språkrådet sin direktør, Åse Wetås, i si innleiing.

Nordisk senter for studier av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) har gjennomført ei undersøking på vegne av Språkrådet. Undersøkinga viser, ifølgje Wetås, at ni av ti norske studentar i Noreg jobbar her i landet etter endt utdanning. Fire av fem som jobbar i utlandet kjem etterkvart heim.

— Dersom ein spør norske arbeidsgivarar om kva som er viktig for dei, er kunnskapar i norsk språk noko av det som vert peika på. Men når ein ser til utdanningsinstitusjonane er det berre Høgskulen i Volda som nemner språk i strategien sin. Samstundes finn ein fleire og fleire reint engelskspråklege studieprogram, sa Wetås.

Ph.d. berre på engelsk

Thøgersen sa at ved NHH er det no slik at det vert undervist på engelsk på nokre emne på bachelornivå. På masternivå er det nesten berre engelsk, og ph.d.-programma finst berre på engelsk. På UiB varierer det meir, sa Hagen, men i dag er det totalt 400 emne som vert undervist i på engelsk.

— Eit av spørsmåla er korleis ein kan få internasjonale tilsette til å formidla på norsk. Og skal me som leiing gjera noko med at institutta kommuniserer på engelsk internt? Eg meiner at kollegial språkstøtte er viktig, sa Hagen, som sjølv er professor ved Institutt for framandspråk – eit institutt med tilsette frå mange nasjonar.

Men dersom ein skal kommunisera med norsk fagspråk, må språket vera korrekt, meiner Thøgersen. Han sa at han er overraska over kor slumsete mange studentar er med språket.

— Ofte gir eg tilbakemelding av typen «matematikken er rett, men hugs at setningar skal ha subjekt og verbal, og kommareglane har ikkje gått ut på dato».

Dette fekk han sjølv attende då han trefte ein tidlegare student. Studenten hadde fått jobb i finansdepratementet, og professoren var spent på om han fekk bruk for noko av det han hadde lært på NHH. Svaret var ja: «Å» er infinitivsmerke.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS