Debatt ● Gunnar Yttri

Nytt finansierings­system med veikskapar

I Utsynsmeldinga la Regjeringa fram at det nye finansieringssystemet samla sett burde vera resultatutsett i om lag same grad som i dag. Framlegget til statsbudsjettet for 2024 viser at slik blei det ikkje.

— I tider der arbeidslivet treng at utdanningar innan helse, lærarutdanning og teknologi omstiller og styrkar seg, må finansieringsmodellen gi rom for endring, ikkje gi økonomiske tildriv til fjerning, skriv kronikkforfattaren.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Utsynsmeldinga er viktig og definerande for mykje av verksemda ved landets høgskular og universitet. Meldinga gir signal og retning for politikken i åra som står føre. For institusjonar som Høgskulen på Vestlandet med samfunnsberande utdanningar innan helse, lærarutdanning og teknologi, og som dekker eit stort geografisk område, var meldinga godt lesestoff. 

Men gjennom lanseringa av nytt finansieringssystem har meldingsteksten bleikna. Me ser at endringane med dei nye finansieringssatsane no går i ei anna retning. Det betyr at me og mange andre høgskular og universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil, blir langt meir resultatutsette enn i dag. 

I det følgjande utdjupar me dette gjennom to av elementa i det nye finansieringssystemet: 

  1. inntektsutteljing for alle avlagde studiepoeng og 
  2. kandidatutteljing 

Desse utgjer ein stor del av det nye finansieringssystemet. Som Regjeringa viser til har det vore eit mål i arbeidet med ny finansieringsmodell å forenkla dagens modell. I sluttfasen av prosessen har Regjeringa lagt til grunn at omlegginga skulle vera budsjettnøytral. Det betyr inga omfordeling eller påverking frå dagens nivå.

I dagens system er alle utdanningane delt inn i seks ulike finansieringskategoriar (A-F). I det nye systemet er dette redusert til 3 (1-3). I prosessen som har vore i sektoren har mange av institusjonane vore tydeleg på at nokre utdanningar bør få betre finansiell utteljing enn i dag. Det har òg vore bekymring for om ein vil «tapa» ved at utdanningar får lågare utteljing enn i dag.

Dei nye satsane som vert føreslått i framlegget til Statsbudsjett for 2024 syner at det for mange utdanningar er auke i satsane for 60 studiepoeng. Men dette har òg ei nedside. Det inneber at

  • all studiepoengproduksjon i 2022 blir vidareført med dagens satsar (A-F) som ein basis, og at
  • endring i studiepoengproduksjonen frå 2022 til 2023, både auke og reduksjon, blir berekna etter nye satsar.

Det uheldige i denne modellen er der ein har sviktande søkjartal og studentrekruttering. Her vil institusjonane få inntekt for 2022-nivået med dagens satsar. Men nedgangen blir berekna med nye, høgare satsar. Det medfører følgjande: Med gode studenttal og auke i studiepoengproduksjonen vil 60 studiepoeng ekstra kunne gi opptil dobbel utteljing. Men i tider med svakare studentrekruttering og reduksjon i studiepoengproduksjonen vil det kunna bli opptil det dobbelte i trekk samanlikna med dagens finansieringssystem

Dette kan slå dramatisk ut. Det djupe innhogget det kan gi i økonomien i tider med rekrutteringsvanskar til utdanningar som sjukepleie og lærarutdanning, er truleg ikkje tilsikta. Det er i alle høve ikkje føremålstenleg. I tider der arbeidslivet treng at utdanningar innan helse, lærarutdanning og teknologi omstiller og styrkar seg, må finansieringsmodellen gi rom for endring, ikkje gi økonomiske tildriv til fjerning. 

Eit anna punkt i det nye finansieringssystemet er knytt til endra kandidat-indikator. Det er svært komplisert å gjera berekningar og konsekvensutgreiingar av dette slik det ligg føre. Det er berre utdanningar som fører fram til ein grad som blir omfatta. Det store spekteret av kortare utdanningar som no er ein viktig del av verksemda ved universitet og høgskular er det ikkje laga tydleg opplegg for. 

Arbeidet med det nye finansieringssystemet har i fleire år hatt i seg lovnader og mål om å verta enklare og gi betre oversyn enn det systemet som skal avløysast. Det står att eit godt stykke arbeid før målet er nådd.

Powered by Labrador CMS