Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Adventskalender
2022 er året ein for alvor har fått kjensla av å stå framfor nokre bratte bakkar, seier Øystein A. Vangsnes.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Professor i nordisk språkvitskap, Øystein Alexander Vangsnes, gøymer seg bak luke nummer 21 i Khronos adventskalender.
— Korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?
— 2022 er jo året der ein for alvor har fått kjensla av å stå framfor nokre bratte bakkar i tida som kjem. Alt bråket rundt Forskingsrådet og også stadige økonomiske innstrammingar elles i sektoren ber bod om trongare kår for forsking og rekruttering til forsking, i alle fall på kort sikt. Som involvert i ein av dei to SFF-søknadane som vart funne støtteverdige, men som likevel ikkje fekk finansiering, kjenner eg lite takksemd for den linja noverande regjering har overfor sektoren.
— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitets- og høgskuleverda i år, og kvifor?
— Det kjekkaste for meg er at me endeleg – etter korona og vanskar med rekruttering – har komme skikkeleg i gang med aktiviteten i det forskingsrådsfinansierte prosjektet Multilectal Literacy in Education som eg leier. Me har både hatt den første større fysiske samlinga og gjennomført større datainnsamlingar. Det er veldig kjekt og veldig spennande!
— Kva har vore den største utfordringa i 2022, slik du ser det?
— Lokalt på UiT Noregs arktiske universitet har trongare økonomiske rammer falle saman med innføringa av nytt administrativt system. Det har skapt både frustrasjon og irritasjon i arbeidskvardagen, og det verste er kanskje kjensla av å vera heilt hjelpelaus i møtet med ting som ikkje fungerer.
— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?
— Eg ønskjer meg ei politisk leiing for sektoren som tek han på alvor og som jobbar for at det skal vera gode vilkår for forsking, undervisning og forskingsformidling i toppklasse. Og så ønskjer eg at studentane igjen skal trivast og ha gode læringsfellesskap etter at dette synest å ha fått ein knekk under koronapandemien.
— Kva skal du gjera i jula?
— Eg skal feira jul saman med storfamilien på mi side i Sogn og sidan nyttår heime i Tromsø med familie og vener der.
Nylige artikler
Likestillingskampen virker. Men vi er ikke i mål
Når vi sparer penger på sensur, betaler studentene prisen
10 av 21 rektorer er kvinner
90 millionar til forsking på kvinnehelse
UiO-dekanene har sovet i timen
Mest leste artikler
Trond Mohn snakker ut:«Vi nordmenn er et helvetes folk. Vi er ikke rause»
Betalte ut over 34 millioner i styrehonorarer i 2025
Ho fekk «strafferunde» på avhandlinga si: Det var tungt
Ein av fem stipendiatar kjem aldri til disputas
Anbefaler studentene å reise hjem fra Jordan. Denne gjengen har bestemt seg