arbeidsmiljø

Professor fekk varsel mot seg. Skuldar NHH-rektoren for hekseprosess og utfrysing

Professor og instituttleiar Leif Egil Hem varslar om maktmisbruk og fryktkultur på Noregs handelshøgskole. Rektor Øystein Thøgersen avviser påstandane. 

Rektor Øystein Thøgersen ved NHH (bildet) avviser kritikken frå professor og instituttleiar Leif Egil Hem.
Publisert Oppdatert

Professor og instituttleiar ved Institutt for strategi og ledelse ved Noregs handelshøgskole (NHH), Leif Egil Hem, sende nyleg eit 113 sider langt brev til Kunnskapsdepartementet.

I brevet rettar Hem kraftige påstandar mot rektor Øystein Thøgersen, rektoratet og styret ved NHH. Ifølge instituttleiaren har omfanget av varslings- og personalsaker ved høgskolen «økt massivt» i løpet av Thøgersens rektorperiode.

Hem, som har vore professor ved NHH sidan 2008, viser mellom anna til fleire namngitte personar som skal ha vore i konflikt med rektor. Nokre av dei jobbar ikkje ved NHH lenger.

Brevet er stila til statsrådane Sandra Borch (Sp) og Kari Nessa Nordtun (Ap), i tillegg til departementsråd Dag Thomas Gisholt og ekspedisjonssjef Anne-Line Wold.

Hem hevdar at NHH er prega av ein «myndighetsmisbrukskultur» og «fryktkultur», som har oppstått etter at Thøgersen begynte som rektor i 2017.

Øystein Thøgersen seier til Khrono at han ikkje kjenner seg igjen i påstandane om at han som rektor har drive med utfrysing. Han seier at desse påstandane er blitt handsama av styret ved NHH.

I tillegg til dette er også andre påstandar frå Hem handsama av NHH-styret det siste året, ifølge Thøgersen. 

Desse sakene er unnatekne offentlegheita.

Leif Egil Hem har vore professor ved NHH sidan 2008. No rettar han kraftig skyts mot rektor Øystein Thøgersen og rektoratet.

Advokatrapport

Bakgrunnen for brevet som Leif Egil Hem har sendt til Kunnskapsdepartementet, er eit varsel han sjølv fekk mot seg hausten 2022. Varselet kom frå ein stipendiat som Hem var rettleiar for, og omfatta også Hem sin ektefelle, som var stipendiaten sin bi-rettleiar.

Ein rapport advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig har laga på oppdrag frå NHH-leiinga konkluderer med at Hem har utsett varslaren for «utilbørlig opptreden i strid med arbeidsmiljøloven.»

Hendingane det er referert til skriv seg tilbake til seinhausten 2021. Varslaren skal då ha opplevd å bli trekt inn i det som vart oppfatta som ein samlivskonflikt mellom Hem og kona. 

Mellom anna opplevde stipendiaten det som ubehageleg at Hem inviterte henne på kino og middag for å feire at ho hadde fullført midtvegsevauleringa til doktorgraden.

Dette er saka

  • Stipendiat melder frå

    Ein stipendiat ved NHH melder frå om utfordringar knytt til relasjonen sin til rettleiar Leif Egil Hem

  • Institutt-leiinga løftar saka

    Instituttet tek situasjonen som har oppstått mellom stipendiaten og Hem opp med rektoratet

  • Varsel mot Hem

    Stipendiaten leverer eit varsel mot Hem og kona til NHH

  • Advokatbyrå får oppdrag

    NHH engasjerer advokatbyrået sitt, og gir dei i oppdrag å undersøke varselet

  • Rapport blir levert

    Advokatbyrået leverer sin rapport til NHH

  • Styre-handsamingar

    Hem-saka er opp til handsaming i styret ved NHH på fleire styremøte

  • Førehandsvarsel frå NHH

    NHH leverer eit førehandsvarsel til Hem om mogleg ordensstraff og endringsoppseiing

  • Hem sender brev til Kunnskapsdepartementet

    Hem sender eit 113 siders langt brev til Kunnskapsdepartementet der han rettar kraftig kritikk mot mellom andre NHH-rektor Øystein Thøgersen

Hem og kona avviser varselet.

Meiner Thøgersen er inhabil

Hem og kona hevdar saka bygger på misforståingar, og at rektor Øystein Thøgersen har bidratt til å konstruere saka med sikte på å presse Hem ut av stillinga. Hem meiner også at han er utsett for ein «hensynsløs inkvisisjon» og «hekseprosess» frå NHH sine advokatar.

Rektoratet ved NHH har ikkje følgt opp ansvaret og pliktene sine overfor verken varslaren, Hem sjølv og andre involverte, hevdar Hem i skrivet til departementet.

Frå rektoratet fekk saka på bordet i mars 2022, gjekk det ifølge Hem sju månadar utan at det skjedde noko. Som følgje av dette meiner professoren at rektor har vore med på å eskalere saka og samstundes generert ei personleg interesse i å dekke over eigen svikt. Dette gjer at Thøgersen også er inhabil i saka, meiner Hem, som elles hevdar at rektor har drive gjengjelding mot han: 

I oktober i år fekk Hem eit skriftleg førehandsvarsel frå NHH-leiinga om «ordensstraff, alternativt endringsoppsigelse». Førehandsvarselet omhandlar mellom anna ordensstraff i form av omplassering, som mellom anna kan bety degradering frå stillinga som instituttleiar.

I brevet som Hem har sendt til Kunnskapsdepartementet, krev han at førehandsvarselet han fekk frå NHH i oktober, snarast blir trekt tilbake.

Hem skriv også at han er utsett for utfrysing, i form av at overordna leiarar i rektoratet har brote kontakten med han. Ifølgje Hem har leiinga ikkje følgt opp kravet i arbeidsmiljølova om å sørge for eit forsvarleg arbeidsmiljø for den det blir varsla mot.

Avviser påstandane

Khrono har intervjua NHH-rektor Øystein Thøgersen i samband med denne saka. Om Hem sine påstandar om at det mellom anna herskar ein fryktkultur og at det blir utøvd maktmisbruk ved NHH, seier rektoren at han ikkje opplever det slik.

— Vi er opptekne av å ha eit godt arbeidsmiljø med stor takhøgd for å ytre seg i alle saker. Dette inneber at påstandar som det blir vist til frå Hem, blir tatt på største alvor, seier Thøgersen.

På spørsmål om det er hald i påstandane som kjem fram i brevet, svarer rektoren at det er opp til departementet å vurdere korleis dei vil ta omsyn til dette. Han legg  til at han ikkje kjenner til detaljane i brevet frå Hem.

— Stemmer det at du har konstruert varslingssaka mot Hem med sikte på å presse han ut av stillinga?

— Nei, det er ein heilt urimeleg påstand. Saka har kome opp gjennom vårt varslingssystem, og blitt handtert i tråd med rutinane til NHH. Vi kommenterer av prinsipp ikkje pågåande saker som gjeld tilsette eller studentar. Vi har forsøkt å handtere denne saka så godt som mogleg i tråd med våre retningslinjer og regelverk, svarer Thøgersen.

Rektoren ønsker ikkje å kommentere Hem sin påstand om at Thøgersen unnlèt å følgje opp sitt ansvar i perioden frå saka hamna på rektoratets bord i mars 2022 fram til varselet frå stipendiaten kom i oktober.

Thøgersen seier elles at NHH involverte sine eksterne juridiske rådgjevarar, advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig, for å sikre ein forsvarleg prosess i ei kompleks sak.

— Vi ønsker å vere opne, og det er freistande å gå i detalj her. Men det kan eg ikkje. Vi er kjent med at Hem no har vald å sende saka til Kunnskapsdepartementet, seier Thøgersen til Khrono.

Dette seier Hem

Leif Egil Hem seier til Khrono at dette er ein svært krevjande situasjon å stå i for han og hans næraste.

— Eg har meir enn 30 års fartstid på NHH, der eg har svært gode vener og kollegaer, seier Hem.

— Kunne du på noko tidspunkt sjølv ha bidratt til å hindre at saka eskalerte?

— Nei, dette må rektor ta det heile og fulle ansvaret for. I staden for å handsame dette som ei personalsak, vel rektor heller å sende saka rett over til eit stort advokatfirma.

Hem understrekar overfor Khrono at han ønsker stipendiaten som varsla mot han alt vel.

Når Khrono fortel Hem at Thøgersen avviser påstandar i brevet som Hem har sendt til Kunnskapsdepartementet, seier sistnemnde følgande:

— Thøgersen har ikkje løfta ein finger for å ta ansvar for sin pålagde opplysings- eller omsorgsplikt overfor meg. Thøgersen og hans rektorat har bevisst fryst meg ut.

Powered by Labrador CMS