kina

Rapport: Kina overvakar og trakasserer studentar på universitet i Europa

Kinesiske studentar i Europa og Nord-Amerika rapporterer om trakassering, sensur og truslar i regi av styresmaktene i heimlandet.

Amnesty Noreg meiner det er sannsynleg at kinesiske studentar i Noreg er under overvaking og press frå styresmaktene i heimlandet. Bildet er frå studiestart ved Universitetet i Oslo.

— Det er grunn til å tru at dette også skjer i Noreg, seier politisk rådgivar i Amnesty Noreg, Gerald Folkvord.

Nyleg publiserte Amnesty International ein rapport som dokumenterer korleis kinesiske studentar i Europa og Nord-Amerika — og familiane deira i Kina — blir utsette for overvaking og trakassering.

Ein tredel av dei 32 studentane som Amnesty har gjort grundige intervju med, seier at kinesiske tenestemenn har trakassert familiane deira for å hindre at studentane kritiserer styresmaktene medan dei er i utlandet.

Fakta

Kinesiske studentar i Noreg

  • Det er våren 2024 registrert 610 studentar frå Kina i Noreg. Dette omfattar alle som kjem enten frå fastlands-Kina, Taiwan, Hongkong eller Macao.
  • I tillegg kjem 230 personar som er registrerte som aktive på doktorgradsprogram/avtalar.
  • Universitetet i Oslo har klart flest studentar frå Kina, 115 i vårsemesteret 2024. NTNU hadde 70 og Universitetet i Bergen 80.
  • BI har i tillegg 120 studentar knytt til «Campus Fudan» i Kina.

kjelde: hk-dir/dbh

— Eg håper norske utdanningsinstitusjonar verkeleg tar dette innover seg og tenker på korleis ein kan ta vare på kinesiske studentar — og studentar frå andre land som kan vere i ein liknande situasjon. Vi veit at kinesiske styresmakter har store ressursar tilgjengeleg, ein tradisjon og eit system for overvaking, at nokon følgjer med på kva du seier og gjer, seier Folkvord.

Det er i dag registrert litt over 600 studentar frå Kina i Noreg (sjå faktaboks).

Trakasserer familien

Sanksjonar mot familie er ei av dei gjentakande erfaringane som blir framheva i rapporten frå Amnesty.

Familiemedlemmer skal mellom anna ha blitt sparka frå jobbane sine, fått inndrege pass og mista pensjonsrettar. I minst tre tilfelle vart familiar tvinga til å kutte økonomisk støtte til barna sine for å tvinge dei til tystnad, ifølgje Amnesty-rapporten.

Fleire av studentane fortalde at dei opplevde å vere overvaka av kinesiske agentar i studielandet. Om lag halvparten hadde blitt fotografert av det dei meiner er representantar for den kinesiske staten.

Meir enn halvparten av dei intervjua sensurerer seg sjølv både i samtalar med andre og på digitale plattformer av frykt for overvaking frå kinesiske styresmakter. Dette gjeld også ikkje-kinesiske plattformer som Facebook, X og Instagram. Ifølgje Amnesty har studentane fleire bevis for at dette skjer.

Ein av dei intervjua studentane skildrar korleis han berre timar etter at han deltok på ei minnemarkering for massakren på Den himmelske freds plass (Tiananmen), høyrde frå faren sin i Kina, som var blitt kontakta av kinesisk tryggleiksteneste.

— Universitet i Europa og Nord-Amerika er ofte ikkje klar over, og dårleg rusta til å handtere, transnasjonal undertrykking og nedkjølingseffekten dette fører til på campusane, seier Sarah Brooks i Amnesty International i ei pressemelding frå organisasjonen.

Utrygge studentar

Gerald Folkvord i Amnesty Norge seier dei ikkje har undersøkt i kva grad norske utdanningsinstitusjonar følgjer opp eller har rutinar for å følgje opp studentar under press frå kinesiske styresmakter.

Gerald Folkvord i Amnesty Norge meiner Amnesty-rapporten er eit varsku også til norske universitet. Foto: Kyrre Lien/Amnesty

— Ein viktig del av strategien bak denne undertrykkinga er nettopp å få studentane til å føle seg åleine, «ingen hjelper deg». Det er det viktig at institusjonane her heime er merksame på, seier Folkvord.

Meir enn halvparten av studentane Amnesty International snakka med i arbeidet med rapporten seier at situasjonen har ført til alvorleg, fryktrelatert psykisk stress, i eitt tilfelle med sjukehusinnlegging.

Folkvord peikar på at prestisjefylte samarbeid mellom norske og kinesiske universitet i seg sjølv kan setje studentar i ein situasjon der dei kan bli usikre: Kan dei stole på at dei vil bli verna av universitetet dei studerer på, dersom dei treng det?

— Denne rapporten er, sjølv om studentane som er intervjua ikkje er i Noreg, eit varsku til norske utdanningsinstitusjonar, seier Folkvord.



Powered by Labrador CMS